Regional plan for samfunnstryggleik

  1. Om regional plan for samfunnstryggleik (2023–2035)
  2. Del 1 Bakgrunnen for og mål med planen
    1. 1.1 Kva er ein regional plan?
    2. 1.2 Kvifor ein regional plan for samfunnstryggleik?
      1. 1.2.1 Regional plan samfunnstryggleik bygger på fleire dokument
      2. 1.2.2 To nasjonale utgreiingar
    3. 1.3 Eit oppdatert risiko- og sårbarheitsbilete for fylket ligg til grunn
    4. 1.4 Mål for arbeidet med samfunnstryggleik i Innlandet
    5. 1.5 FN sine berekraftsmål
  3. Del 2 Kva er samfunnstryggleik og beredskap?
    1. 2.1 Heilskapeleg og systematisk arbeid med samfunnstryggleik
    2. 2.2 Arbeidet med samfunnstryggleik må bli sett som ei kjede
    3. 2.3 Samfunnet sine kritiske funksjonar
    4. 2.4 Totalforsvaret
    5. 2.5 Kven har ansvaret for kva? Aktørskildring
    6. 2.6 Tilgjengelege ressursar i Innlandet
  4. Del 3 Kva kan ramme oss i Innlandet?
    1. 3.1 Det regionale risikobiletet - eit samandrag
    2. 3.2 Naturfare og klimaendringar
      1. 3.2.1 Innlandet er ikkje skåna for naturfarar
      2. 3.2.2 Klimaendring gir hendingar på nye stader og andre tider av året (klimarisikoen aukar)
      3. 3.2.3. Vi må ta i bruk eksisterande og framskaffe ny kunnskap
    3. 3.3 Matproduksjon og sjølvforsyning
      1. 3.3.1 Innlandet er Noreg sitt matkammer
      2. 3.3.2 Produksjons- og forsyningskjeda for mat er kompleks
      3. 3.3.3 Vi må ta vare på matjorda
      4. 3.3.4 Vi må utnytte areala, tilpasse oss eit klima i endring og ta vare på produsentane
    4. 3.4 Allmennfarleg smittsam sjukdom og smittevern
      1. 3.4.1 Utbrot av allmennfarlege smittsame sjukdommar i Innlandet
      2. 3.4.2 Heilskapeleg arbeid med smittevern i Innlandet
      3. 3.4.3 Kva lærte Innlandet av koronahandteringa?
      4. 3.4.4 Redusert og meir rett bruk av antibiotika
      5. 3.4.5 Kva er dei største truslane i Innlandet?
      6. 3.4.6 Innlandet har sterke fagmiljø
    5. 3.5 Digital infrastruktur og kraftforsyning
      1. 3.5.1. Breiband med høg fart i heile Innlandet
      2. 3.5.2. Samfunnet er avhengig av ei sikker kraftforsyning
    6. 3.6 Cyber- og informasjonstryggleik
      1. 3.6.1 Cyberangrep mot Noreg betyr cyberangrep mot Innlandet
      2. 3.6.2 Tilstrekkeleg kompetanse er avgjerande
      3. 3.6.3 Innlandet har sterke kompetansemiljø
    7. 3.7 Drikkevatn og avløp
      1. 3.7.1 Halvparten av oss får drikkevatn frå grunnvatn
      2. 3.7.2 Vi må sikre drikkevasskjeldene og sørge for reservevatn
      3. 3.7.3 Leidningsnettet er omfattande og har varierande kvalitet
      4. 3.7.4 Vi har mange små reinseanlegg i Innlandet
      5. 3.7.5 Slam som ressurs
    8. 3.8 Transport på veg og bane
      1. 3.8.1 Infrastrukturen er utsett for naturfare og klimaendringar
      2. 3.8.2 Vidare utbygging av infrastruktur er viktig
      3. 3.8.3 Meir godstransport på bane
    9. 3.9 Reiseliv og deltidsinnbyggarar
      1. 3.9.1 Innlandet har flest hytter i landet og er eit viktig reiselivsfylke
      2. 3.9.2 Det kan bli meir krevjande å tilby tenester og tryggleik til deltidsinnbyggarane
      3. 3.9.3 Innlandet har viktige kompetansemiljø
    10. 3.10 Forsvaret og sivilt-militært samarbeid
      1. 3.10.1 Innlandet er eit forsvarsfylke
      2. 3.10.2 Samarbeid mellom Forsvaret og det sivile samfunn i Innlandet
      3. 3.10.3 Vi bør vidareføre og auke samarbeidet i Innlandet
    11. 3.11 Meir informasjon om den einskilde kommune
  5. Del 4 Korleis skal vi møte utfordringane?
    1. 4.1 Strategiar for å nå måla
    2. 4.2 Korleis følger vi opp planen?
    3. 4.3 Tiltak
  6. Vedlegg

Del 1 Bakgrunnen for og mål med planen

Risikobiletet er i endring og Innlandet vert påverka av hendingar både lokalt, nasjonalt, i Europa og i verda elles.

Dei siste åra har vore prega av eit klima (gjennomsnittleg vær over tid) i endring, pandemi (rammar svært mange menneske og sprer seg over store deler av verda) og seinare energimangel og krigen i Ukraina med dei konsekvensane det har, òg for oss i Innlandet. Vidare har hendingar som skred, flaum og brukollaps treft oss.

Vi kan ikkje føreseie og unngå alle uønskte hendingar. Det vi kan gjere er å bygge eit robust samfunn, gjere gode risikovurderingar og etablere eit enda betre samarbeid på tvers av forvaltningsnivå, fag og organisasjonar. Det er dette denne planen skal bidra til. 

Må planlegge for endring i risikobiletet

Innlandet er i hovudsak, og skal framleis vere, ein god plass å bu, leve og besøke, både i bygd og by. Samstundes kan vi ikkje unngå at uønskte hendingar vil treffe oss i framtida.

Vi må planlegge for eit risikobilete i endring, der klimaendringar, internasjonale konfliktar og tilsikta hendingar (uønskte hending forårsaka av ein aktør som handlar med hensikt) kan påverke og gjere skade på samfunnet og infrastrukturen vår.

I denne planen blir infrastruktur definert som faste anlegg og system som er nødvendige for at ei verksemd eller eit samfunn skal fungere. Dette er til dømes vegar, hamner, flyplassar, telekommunikasjon, leidningsnett med meir.

Langsiktig perspektiv

Vi må bygge eit robust samfunn der vi samarbeider godt for å minske risikoen for at uønskte hendingar skal skje og for at konsekvensane blir minst mogeleg.

Eit langsiktig perspektiv er nødvendig, i ei tid som krev handtering av hendingar her og no. Regional plan for samfunnstryggleik har eit tidsperspektiv på 12 år, fram til 2035.

Det eneste vi med sikkerhet kan si om framtida, er at vi ikke vet hva den bringer. Hva som skjer i morgen, om et halvt år og om tjue år, aner jeg ikke. (…) Poenget mitt i alt dette, er at til tross for at vi ikke kan spå framtida, kan vi være i forkant av den. Vi kan ta med oss det positive fra nåtida, og vi kan se på det som kan gjøres bedre, og endre det. På den måten vil vi være bedre rusta til å håndtere framtiden, uansett hva som måtte skje.

Bidrag til skrivekonkurranse for ungdom 2021, Mariann Beausire (18), Ringsaker.  

 

1.1 Kva er ein regional plan?

Regional plan er eit reiskap for god samfunnsplanlegging og samordning av tiltak på tvers av kommunegrenser og verksemder i Innlandet. Den gir retninga for arbeidet med samfunnstryggleik i Innlandet fram mot 2035.

Innlandet har 46 kommunar med mange felles, men òg ulike moglegheiter og utfordringar frå by til bygd. Planen er eit dokument som kommunane, fylkeskommune, statlege aktørar, næringsliv og ulike organisasjonar skal bruke for å auke samarbeidet på tvers, og bidra til eit koordinert arbeid med samfunnstryggleik i Innlandet. Planen legg opp til ein politikk som i stor grad kan tilpassast lokale omstende og behov i kommunane.

Denne planen vektlegg det førebyggande aspektet, og er ingen operativ beredskapsplan.

Planen endrar ikkje ansvar og roller i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap slik dei kjem fram av ei kvar tid gjeldande lov, forskrift og prinsipp.

Planen er utarbeida i tråd med Plan- og bygningslova, kapittel åtte, regional plan.

Regional plan for samfunnstryggleik erstattar tidlegare planar for Hedmark og Oppland fylkeskommunar. 

1.2 Kvifor ein regional plan for samfunnstryggleik?

Innlandssamfunnet skal samarbeide for å redusere sannsynet for at uønskte hendingar skjer og finne løysningar for korleis konsekvensane kan reduserast når noko skjer.

Regional plan for samfunnstryggleik bygger på ei erkjenning av at erfaringsoverføring og deling av kunnskap er ein viktig del av arbeidet med samfunnstryggleiken. Gjennom samhandling og øving på mogelege hendingar, er vi betre rusta til å møte utfordringane når dei kjem. 

Planen skal bidra til å auke merksemda og generell kunnskap om risikoforholda i Innlandet.

Planprogrammet for arbeidet med denne regionale planen vart vedteke av fylkesutvalet i juni 2021. Planprogrammet fastset hovudtema for planen.

Heile planprogrammet kan du lese her (PDF, 3 MB)  

1.2.1 Regional plan samfunnstryggleik bygger på fleire dokument

Regionalt planarbeid er forankra i Innlandsstrategien, vedtatt av fylkestinget 23. september 2020. Strategien byggjer på FN sine 17 berekraftsmål, og gir retning for prioritert politikk fram til 2024. 

Arbeidet med denne regionale planen tek òg utgangspunkt i fleire nasjonale og regionale retningslinjer og dokument. Desse utgjer til saman eit rammeverk for planen. Du kan sjå oversikt over dokumenta i vedlegg til denne planen. 

Innlandsstrategien kan du lese her

1.2.2 To nasjonale utgreiingar

Det har gått føre seg to nasjonale utgreiingar parallelt med planarbeidet. Desse er relevante for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap framover: 

  • Totalberedskapskommisjonen, som skal vurdere korleis dei samla beredskapsressursane kan nyttast best mogeleg. Utvalet skal levere arbeidet sitt i juni 2023. 
  • Forsvarskommisjonen, har vurdert vegval og prioriteringar Noreg kan ta for å ivareta norsk tryggleik. Utvalet leverte arbeidet sitt 3. mai 2023. Dei tilrår ei kraftig auke i forsvarskapasitet saman med ei vidareutvikling og forsterking av sivilt-militært samarbeid.

Les rapporten NOU 2023:14, Forsvarskommisjonen av 2021-Forsvar for fred og frihet

Planen tek høgde for at det kan bli behov for revisjon av tiltaka i planen som følge av funn i utgreiingane. 

1.3 Eit oppdatert risiko- og sårbarheitsbilete for fylket ligg til grunn

Statsforvaltaren skal ha oversikt over risiko- og sårbarheitene i fylket ved å utarbeide ei risiko- og sårbarheitsanalyse (FylkesROS).   

I 2022 føreligg det ei oppdatert analyse for Innlandet. Denne er planen sitt viktigaste kunnskapsgrunnlag. Analysen er ei sjølvstendig fagleg vurdering der beredskapsaktørane i Innlandet har medverka. Tema i analysen er samanfallande med tema i planen.  

Med utgangspunkt i FylkesROS har Statsforvaltaren òg utarbeidd ein plan for oppfølging. Denne er fireårig og vil bli oppdatert årleg. Dette dannar grunnlaget for beredskapsplanar og øvelsesscenario i fylket dei neste åra.

Tiltak frå FylkesROS inngår i handlingsdelen til den regionale planen.   

Du kan lese heile FylkesROS-rapporten her.

1.4 Mål for arbeidet med samfunnstryggleik i Innlandet

Målet er å sikre Innlandet i ei framtid der vi opplev eit skiftande trusselbilete, klimaendringar og stor mobilitet i befolkninga.  

I 2035 har vi oppnådd: 

 

Figur 1.1. Figuren syner planen sin oppbygging gjennom tre rundinger som gå i hverandre med mål, strategiar og tiltak. - Klikk for stort bildeFigur 1.1. Figuren syner planen sin oppbygging med mål, strategiar og tiltak.

1.5 FN sine berekraftsmål

FN har vedtatt 17 mål for berekraft. Måla gjeld for alle land og er verda sin første felles plan for å løyse dei store globale problema. Innlandsstrategien legg grunnlaget for oppfølging av måla.  

Regional plan for samfunnstryggleik prioriterer i hovudsak arbeidet med måla i figuren under. Vi legg mål 17, samarbeid, til grunn i planen.  

Figur 1.2 Åtte berekraftsmål ligg til grunn. Utrydde svolt, god helse og livskvalitet, reint vatn og gode sanitærforhold, industri, innovasjon og infrastruktur, berekraftige byar og lokalsamfunn, stoppe klimaendringane, fred, rettferd og velfungerande institusjonar, samt samarbeid for å nå måla. - Klikk for stort bildeFigur 1.2 Åtte berekraftsmål ligg til grunn. Utrydde svolt, god helse og livskvalitet, reint vatn og gode sanitærforhold, industri, innovasjon og infrastruktur, berekraftige byar og lokalsamfunn, stoppe klimaendringane, fred, rettferd og velfungerande institusjonar, samt samarbeid for å nå måla.

Berekraftsarbeidet har tre dimensjonar som alle er relevant i denne planen: 

  • Klima og miljø - tilpassing til eit klima i endring. 
  • Økonomi - ivareta institusjonar og verdiar. 
  • Sosiale forhold - ivareta befolkninga sine grunnleggjande behov og tryggleik. 

Les meir om FN sine berekraftsmål her