Regional plan for samfunnstryggleik

  1. Om regional plan for samfunnstryggleik (2023–2035)
  2. Del 1 Bakgrunnen for og mål med planen
    1. 1.1 Kva er ein regional plan?
    2. 1.2 Kvifor ein regional plan for samfunnstryggleik?
      1. 1.2.1 Regional plan samfunnstryggleik bygger på fleire dokument
      2. 1.2.2 To nasjonale utgreiingar
    3. 1.3 Eit oppdatert risiko- og sårbarheitsbilete for fylket ligg til grunn
    4. 1.4 Mål for arbeidet med samfunnstryggleik i Innlandet
    5. 1.5 FN sine berekraftsmål
  3. Del 2 Kva er samfunnstryggleik og beredskap?
    1. 2.1 Heilskapeleg og systematisk arbeid med samfunnstryggleik
    2. 2.2 Arbeidet med samfunnstryggleik må bli sett som ei kjede
    3. 2.3 Samfunnet sine kritiske funksjonar
    4. 2.4 Totalforsvaret
    5. 2.5 Kven har ansvaret for kva? Aktørskildring
    6. 2.6 Tilgjengelege ressursar i Innlandet
  4. Del 3 Kva kan ramme oss i Innlandet?
    1. 3.1 Det regionale risikobiletet - eit samandrag
    2. 3.2 Naturfare og klimaendringar
      1. 3.2.1 Innlandet er ikkje skåna for naturfarar
      2. 3.2.2 Klimaendring gir hendingar på nye stader og andre tider av året (klimarisikoen aukar)
      3. 3.2.3. Vi må ta i bruk eksisterande og framskaffe ny kunnskap
    3. 3.3 Matproduksjon og sjølvforsyning
      1. 3.3.1 Innlandet er Noreg sitt matkammer
      2. 3.3.2 Produksjons- og forsyningskjeda for mat er kompleks
      3. 3.3.3 Vi må ta vare på matjorda
      4. 3.3.4 Vi må utnytte areala, tilpasse oss eit klima i endring og ta vare på produsentane
    4. 3.4 Allmennfarleg smittsam sjukdom og smittevern
      1. 3.4.1 Utbrot av allmennfarlege smittsame sjukdommar i Innlandet
      2. 3.4.2 Heilskapeleg arbeid med smittevern i Innlandet
      3. 3.4.3 Kva lærte Innlandet av koronahandteringa?
      4. 3.4.4 Redusert og meir rett bruk av antibiotika
      5. 3.4.5 Kva er dei største truslane i Innlandet?
      6. 3.4.6 Innlandet har sterke fagmiljø
    5. 3.5 Digital infrastruktur og kraftforsyning
      1. 3.5.1. Breiband med høg fart i heile Innlandet
      2. 3.5.2. Samfunnet er avhengig av ei sikker kraftforsyning
    6. 3.6 Cyber- og informasjonstryggleik
      1. 3.6.1 Cyberangrep mot Noreg betyr cyberangrep mot Innlandet
      2. 3.6.2 Tilstrekkeleg kompetanse er avgjerande
      3. 3.6.3 Innlandet har sterke kompetansemiljø
    7. 3.7 Drikkevatn og avløp
      1. 3.7.1 Halvparten av oss får drikkevatn frå grunnvatn
      2. 3.7.2 Vi må sikre drikkevasskjeldene og sørge for reservevatn
      3. 3.7.3 Leidningsnettet er omfattande og har varierande kvalitet
      4. 3.7.4 Vi har mange små reinseanlegg i Innlandet
      5. 3.7.5 Slam som ressurs
    8. 3.8 Transport på veg og bane
      1. 3.8.1 Infrastrukturen er utsett for naturfare og klimaendringar
      2. 3.8.2 Vidare utbygging av infrastruktur er viktig
      3. 3.8.3 Meir godstransport på bane
    9. 3.9 Reiseliv og deltidsinnbyggarar
      1. 3.9.1 Innlandet har flest hytter i landet og er eit viktig reiselivsfylke
      2. 3.9.2 Det kan bli meir krevjande å tilby tenester og tryggleik til deltidsinnbyggarane
      3. 3.9.3 Innlandet har viktige kompetansemiljø
    10. 3.10 Forsvaret og sivilt-militært samarbeid
      1. 3.10.1 Innlandet er eit forsvarsfylke
      2. 3.10.2 Samarbeid mellom Forsvaret og det sivile samfunn i Innlandet
      3. 3.10.3 Vi bør vidareføre og auke samarbeidet i Innlandet
    11. 3.11 Meir informasjon om den einskilde kommune
  5. Del 4 Korleis skal vi møte utfordringane?
    1. 4.1 Strategiar for å nå måla
    2. 4.2 Korleis følger vi opp planen?
    3. 4.3 Tiltak
  6. Vedlegg

Del 3 Kva kan ramme oss i Innlandet?

Illustrasjonen syner tre som bles ned slik at kraflinja knekk.  - Klikk for stort bilde

Her finn du kunnskapsgrunnlaget. Ei samansett forståing er grunnleggande for å lykkast med samfunnstryggleiken i Innlandet. Med bakgrunn i FylkesROS, tilgjengelege kart og rapportar, framstiller vi i denne delen eit situasjonsbilete for ni hovudtema.

Samansett trusselbilete

Truslar og hendingar er samansett. Ei hending kan påverke mange område og funksjonar. Nokre fellestrekk i dagens situasjon er at uønskte hendingar kan skje oftare, samtidig og vare lengre (FylkesROS, 2022). 

Nasjonale trussel- og risikovurderingar for 2023 synar ei endring i hendingar vi må vere førebudde på å handtere. Der vi tidlegare i stor grad planla og handterte utilsikta ulykker og naturhendingar, må vi no òg sikre oss mot tilsikta sabotasje- og påverknadsoperasjonar.

Avhengigheit til produksjon, varer og tenester frå andre land eller regionar gjer oss sårbare for brot i forsyningslinjer. I tillegg vil massetilstrøyming av personar kunne utfordre kapasiteten i helse- og integreringstenestene.  

Vi må samarbeide godt 

For å lykkast i både førebygging og handtering er vi avhengige av eit godt samarbeid på tvers. Frivillige, organisasjonar, etatar og kompetansemiljøa i Innlandet må bidra i arbeidet med kunnskap og metodeutvikling, både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Befolkninga sine interesser og behov må synleggjerast og sikrast i dette arbeidet, her under barn, unge og personar med nedsett funksjonsevne.

Innbyggarane, verksemdene og organisasjonane i Innlandet må etablere ein god eigenberedskap.  

Kartportal som supplement

Det er laga ein kartportal som syner kjend og offentleg tilgjengleg informasjon (temakart) som vi meiner er relevant for planen. På grunn av dagens nasjonale trusselbilete og pågåande diskusjon om grad av offentleg tilgjengeleg informasjon, har vi valgt å ikkje ta inn alle tilgjengelege temakart i kartportalen. Dette er gjort for å ikkje samanstille meir informasjon enn nødvendig. 

Dette kartet kan nyttast for seg sjølv, og er eit supplement til planen. Det kan nyttast ved seinare planlegging og beredsskapsarbeid i fylket. 

Gå til temakart her

3.1 Det regionale risikobiletet - eit samandrag

Innlandet fylke dekker eit areal på over 52 000 km2. Geografien i Innlandet er variert. Vi har alt frå fjell, varig snø og isdekt areal til bratte fjellsider og frodige dalføre. Vi har òg store område med skog og varierte landbruksområde.

Innlandet har det høgste fjellet i Noreg (Galdhøpiggen), den største innsjøen (Mjøsa) og det lengste vassdraget (Glomma). Andre store vassdrag, som Gudbrandsdalslågen, er i stor grad med på gi form til regionane i fylket. 

Innlandet har ei befolkning på om lag 270 000. Vi bur spreidd i heile fylket. Alder, bakgrunn og funksjonsnivå er ulik. Dette må vi òg ta høgde for i arbeidet med samfunnstryggleik. 

Annleis risikobilete i ulike område  

Naturbaserte skilnader medverkar til at risikobiletet i Innlandet, på einskilde områder, ser annleis ut i dei ulike områda. Skogområda er naturleg meir utsett for skogbrann. Busetnader/infrastruktur og fjellområda i nord er meir utsett for skred. Konsekvensen av langvarig tørke er større i dei områda der matproduksjonen er størst.

Samstundes er det mange fellestrekk. Til dømes har alle regionar infrastruktur av stor nasjonal og/eller regional betydning. Alle regionar har både tett- og spreiddbygde område og heile Innlandet vil bli påverka av klimaendringane eller massetilstrøyming av folk på flukt. 

Demografien er i endring

Demografien i Innlandet er i endring. Vi  blir fleire eldre og færre yngre. Mange av våre kommunar vil oppleve ein nedgang i befolkningstalet i åra framover. Trenden med sentralisering er venta å fortsette (innlandsstatistikk).

Kommunane har ansvaret for å ha oversikt over risikobiletet i eigen kommune. Denne regionale planen kan vere eit hjelpemiddel for dette arbeidet i kommunar og regionar, ved at innhaldet tilpassast aktuell situasjon. 

Størst verknad knytt til infrastruktur

I Statsforvaltaren sin FylkesROS (2022) ser ein tydeleg at det er hendingar knytt til infrastrukturen vår som gir størst verknad for oss. Vi har vorte avhengig av høg oppetid på mange ulike infrastrukturområder.

Til dømes stiller den aukande bruken av just-in-time-prinsippet i vareleveransene større krav til oppetida på bane og veg (Just-in-time er eit konsept for organisering av vareproduksjon som skal sikre at alle delar som trengs produserast nøyaktig til det tidspunkt det er behov for, og i nøyaktig det tal som er nødvendig på kvart trinn i produksjonsprosessen (Store Norske Leksikon)).

Den auka bruken av elektroniske og digitale løysingar i kvardagen gjer oss sårbare ved bortfall eller svikt i denne type infrastruktur. 

Svikt i kraftforsyninga er det scenarioet som har høgst risiko i FylkesROSen. Dette scenarioet skildrar ein kald vinter med knappheit på straum der rasjonering er vedtatt. I dagens energisituasjon er dette eit meir reelt scenario enn det har vore tidlegare. Svikt i kraftforsyninga vil påverke heile samfunnet, og sette store krav til handteringa for å dekke våre grunnleggande behov.

Like høgt i konsekvens, men med mindre sannsyn kjem storflaum som fører til store skadar på infrastruktur og påverking av våre daglege liv.  

Cyberhending, lausepengevirus mot mange kommunar i Innlandet, har òg høg risiko og vil utfordre kommunane si evne til å tilby tenester til befolkninga. 

Dei store hendingane, til dømes snøskred, terror, skogbrann og atomulykke utanfor Noreg, kjem ut med lågare risiko. Dette må ikkje føre til at vi ikkje gjer tiltak innan desse risikoområda. Desse scenarioa ligg opp mot «worst case» i eit nasjonalt perspektiv.

Risikobiletet som er skildra i FylkesROS-analysen må ikkje føre til at dette blir ei sovepute. Alle eksisterande tiltak må vedlikehaldast og eventuelt forsterkast.

Svikt i vassforsyninga avvik frå dei andre hendingane knytt til infrastruktur ved å ha låg risiko og konsekvens. Scenariet analyserte ein sterk leverandør med robuste, alternative løysingar. Samstundes er tilbodet i Innlandet variert, og fleire område opplev utfordring med tilgang på drikkevatn.

Analysa synte at vassforsyning krev kompetente og sterke aktørar for å sikre befolkninga trygt drikkevatn. Svikt i tilførselen verkar inn på mange av samfunnet sine kritiske funksjonar. 

Massetilstrøyming av personar på flukt vil kunne utfordre kapasiteten i tenestene våre, og handteringa er kompleks. Nasjonale føringar, regionale vurderingar og lokal tilpassing kan raskt endre seg avhengig av press på tenester og ressursar tilgjengeleg. Varigheit reduserer talet på tilgjengelege busettingsplassar og fører til ytterlegare press.  

Samstundes påpeikar analysen at dette er eit område der mykje er gjort for å redusere konsekvensane av bortfall (FylkesROS, 2022). 

Figur 3.1 syner samanstillinga av risikobiletet frå FylkesROS 2022 (Statsforvaltaren). Figuren viser sannsyn og konsekvens for dei ulike 23 ulike scenarioa som er analysert. Svikt i kraftforsyning, cyberhending og svikt i transportevna er dei scenario som kjem ut meg høgst sannsyn og konsekvens. - Klikk for stort bildeFigur 3.1 Samanstillinga av risikobiletet frå FylkesROS 2022 (Statsforvalteren).

Det nasjonale risikobiletet

NSM, PST og Etterretningstenesta legg årleg fram risiko- og trusselvurderingar. I 2023 er desse i stor grad farga av tryggleikssituasjonen i verda og auka spenning mellom vestlege land og autoritære statar.  NSM har òg lagt fram tryggleiksfaglege råd i mai 2023 som styrkar funna i det nasjonale risikobiltetet. 

3.2 Naturfare og klimaendringar

Naturfare er ein fellesnemnar for naturlege prosessar som skuldast ein kombinasjon av klima, grunnforhold og topografi, til dømes skred, flaum og stormflo.

Naturfare av ulik art og eit klima i endring vil utfordre kritiske samfunnsfunksjonar og infrastrukturen vår.

Ei kunnskapsbasert og framtidsretta arealplanlegging og forvaltning, i tillegg til samarbeid på tvers av forvaltningsnivå, er viktig for å motstå dei utfordringane endringane gir oss.

Innlandssamfunnet må arbeide aktivt for å førebu oss alle på klimaendringane som kjem. Klimatilpassing inneber å forstå konsekvensane av at klimaet er i endring, og iverksette tiltak. På den eine sida for å hindre eller redusere skade, og på den andre sida for å utnytte mogelegheitene som endringane kan innebere.  

3.2.1 Innlandet er ikkje skåna for naturfarar

Innlandet har, og vil oppleve hendingar, som flaum, skred, isgang, tørke, vind og skogbrann. Døme på dette er flaumen i Skjåk  i 2018, tørke og skogbrann i 2018, ekstremregn i Ringsaker i 2020 og storm i Valdres i 2021.

Store kostnadar knytt til klima og vær 

Dei siste ti åra har klima- og værrelaterte hendingar kosta Noreg over 28 milliardar kroner. For Innlandet ligg storleiken på slike skader på cirka to milliarder kroner (Finans Norge, 2022 og Kunnskapsbanken DSB). 

I Innlandet har vi meir enn 67 000 km med elv og over 2000 km2 sjø (vass-nett). Mykje av arealet som grenser til vassdraga er utsett for flaum. I nordlege delar av fylket har vi mykje bratt terreng med skredfare, og i sørlege delar av fylket er det områder under marin grense med kvikkleire. 

Faresone- og akstemdkart er utarbeidd

Faresone- og aktsemdskart er utarbeidd av Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE). Desse syner flaum, skred i bratt terreng, kvikkleire og ustabile fjellparti.

Saman med erfaringar frå hendingar, gir desse gode indikasjonar på område som kan vere utsett for naturfarar. 

Det er verdt å merke seg at aktsemdskarta ikkje er nøyaktige, og det gjenstår mykje kartleggingsarbeid mange stader. Dette er ei utfordring i arealplanlegginga. 

Det digitale kartgrunnlaget i InnlandsGIS har dreneringslinjer som er eit nyttig verktøy for å sjå kvar overflatevatn kan ta vegen (sjå figur 3.16).

På aktsamheitskarta for steinsprang, snøskred og jord- og flaumskred ser ein tydeleg at det er dei områda nord og vestover i Innlandet som er særleg utsett for ulike typar skred (sjå figur 3.3).

Aktsamheitsområde for flaum finn vi over heile fylket. Når vi legg til tettstadene og dei sentrale samferdselsårene peiker Gudbrandsdalen og Valdres seg ut som utsett for ulike typer skred. Gudbrandsdalen, Mjøsområdet og Glåmdalen er meir utsatt for flaumhendingar (sjå figur 3.4).

Konsekvensane av skred i bratt terreng er i stor grad knytt til personopphald og fare for liv. Flaum i elver og bekker knyttar seg i hovudsak til økonomiske konsekvensar der det ikkje er fare for liv i same grad. I tillegg vil aktsamheitskartet for flaum overestimere fara i større grad i relativt flate område i regionen, fordi desse områda her vil få relativt stor utstrekning. 

Klimaendringane

Klimaendringane kan føre til skred og ras på stader som ikkje er kartlagt. Dette er ei utfordring i arealplanlegginga. Det digitale kartgrunnlaget i InnlandsGIS har dreneringslinjer som er eit nyttig verktøy for å sjå kvar overflatevatn kan ta vegen. Sjå korleis dette kan bli brukt i figur 3.16. 

Opp mot 500 km2 eller 2 % av skogen i Innlandet ligg i terreng som er brattare enn 25 grader (Landbruksdirektoratet, 2022). Størstedelen av det bratte skogarealet finn vi i Gudbrandsdalen, Gausdal, Ottadalen og i Valdres. 

Skog i bratt terreng, særlig blandingsskog i god vekst, kan hindre eller bremse snø og jordskred. Flatehogst kan auke fara for skred.  

Figur3.2 er aktsemdskart for snøskred, steinsprang og jord- og flaumskred. Av kartet ser ein sonane som kan vere utsett for fare, markert i blått. Kartet syner heile Innlandet.  - Klikk for stort bildeFigur 3.2 Aktsemdskart for snøskred, steinsprang og jord- og flaumskred (NVE).

Figur 3.3 syner aktsamheitsområda som er kartlagt for steinsprang, jordskred og flaumskred. Kartet syner Innlandet og at det er flest slike område nord-vest i Innlandet. Tettstadsområde er synleggjort.  - Klikk for stort bildeFigur 3.3 Aktsamheitsområde som er kartlagt for steinsprang, snøskred, jordskred og flaumskred. Tettstadsområdet er synleggjort.

Figur 3.4 syner kartlage aktsamheitsområde for flaum i Innlnadet. Ein ser at det er slike område over heile fylket. Tettstadsområda er synleggjort.  - Klikk for stort bildeFigur 3.4 Kartlage aktsamheitsområde for flaum. Tettstadsområda er synleggjort.

Vi kan forvente mindre snø, høgare årstemperatur og meir regn  

Vi opplever allereie klimaendringar, og fram mot 2100 er snitt årstemperatur i Innlandet venta å auke med om lag 4,0-4,5 °C. Den største temperaturauka vil kome om vinteren, og kan bli omlag 5,0 °C høgare enn i dag.

Sommartemperaturen er utrekna til å auke med om lag 3,5 °C. Vekstsesongen vil kunne auke med ein til to månader. Vinterstid vil dagar med svært låge temperaturar bli sjeldnare, mens det om sommaren vil bli vesentleg fleire dagar med middeltemperatur over 20 °C. 

Lokalt kan ein i høgfjellet sjå at område med permafrost tiner og at brear smeltar. Redusert permafrost kan redusere stabiliteten av bratte skråningar eller fjellvegger og gje naturfare. 

Årsnedbøren i Innlandet er utrekna til å kunne auke med om lag 15-20 %, mest på vinteren og minst om sommaren.

Det er venta at det blir fleire episodar med kraftig nedbør, både i intensitet og hyppigheit for alle årstider. Nedbørsmengda for døgn med kraftig nedbør er venta å auke med omlag 20 %. For varigheit på under eit døgn, kan det auke meir. 

Det er venta stor reduksjon i snømengde og tal dagar med snø i lågare område. Det kan bli opptil ein til fire månadar kortare snøsesong. Det kan framleis bli einskilde år med stort snøfall, jamvel i låglandet (Norsk klimaservicesenter, Klimaprofilane). 

Du kan sjå klimaprofilane i sin heilhet her hos Norsk Klimaservicesenter.

3.2.2 Klimaendring gir hendingar på nye stader og andre tider av året (klimarisikoen aukar)

Klimaendringane fører til at vi må vere førebudd på at vær-relaterte hendingar kan skje på stader som tidlegare ikkje har vore utsett, på andre tider av året enn vi er vane med og at det kan skje oftare.

Det er størst sannsyn for at det er ekstremnedbør, regnflaumar og  jord-, flaum- og snøskred som vil ha størst betydning for samfunnstryggleiken i Innlandet i åra framover.

Av erfaring fører styrtregn (plutseleg og kraftig regnskyll) til at dei mindre vassdraga veks fort, noko som vil kunne gi store utfordringar med flaum, drenering og overvatn som finn seg nye, lokale vegar.

Vi kan ikkje planlegge for kvar styrtregnet treff, og vi må derfor sikre det vi har av eksisterande infrastruktur og bygningar. Samstundes som vi ved ny aktivitet og utbygging tek omsyn til klimaendringane.

Noreg har hatt eit nasjonalt mål om at samfunnet skal førebu seg på, og tilpasse seg klimaendringane, sidan 2013 (Meld. St. 33 (2012– 2013). Klimatilpassing i Norge og Innst. 497 S (2012–2013). 

Viktig å sikre kritisk infrastruktur

I tillegg til naturfarane nemnd over, er det viktig å sikre kritisk infrastruktur mot snøfall og vindfall gjennom regelmessig rydding langs kraftlinjer, vegar med meir.

Noko av skogen ligg òg i område som er utsett for naturfare, og spesiell skogskjøtsel eller ikkje-hogst i skog, vil kunne redusere faren for skred i skog.

Det er registrert eit aukande tal “vind-hendingar” fleire stader, og fleire av desse har blant anna ført til svikt i straumforsyning og stengte vegar.

Omfattande trefall gjer at  oppryddinga blir meir krevjande, og bortfall av viktig/kritisk infrastruktur kan av den grunn òg bli meir langvarig. 

Skadepunkt på infrastruktur

Faresone-kartlegginga rettar seg per i dag først og fremst mot eksisterande busetnadar og i liten grad mot fare for infrastruktur. Det bør òg bli sett på skadepunkt på infrastruktur for å avdekke om det er område utanfor eksisterande busetnadar som bør kartleggast.

Meterologisk institutt og Noregs vassdrags- og energidirektorat arbeider kontinuerleg for å betre vaslingsrutinane sine.  

3.2.3. Vi må ta i bruk eksisterande og framskaffe ny kunnskap

Kunnskap om meir ekstremvær i framtida, gjer det mogeleg å vere førebudd. Vi må sikre det som er nødvendig, førebygge der vi kan og planlegge for eit klima i endring når vi skal bygge nytt.  

Ei arealplanlegging tufta på eit godt kunnskapsgrunnlag, og med merksemd på samfunnstryggleik, vil førebygge framtidige skader som følge av naturfare og overvatn.

Naturlege område har god effekt for handtering av overvatn. Forsinka avrenning, erosjonsfare og skredfare er òg viktig å legge vekt på i arealplanlegging og samfunnsutvikling.   

Overvatn som ressurs

Overvatn kan nyttast som ein ressurs i sentrumsområde med tette flater. I tillegg til å redusere faren for skader som følge av vatn på avvegar, kan overvatnet vere ein ressurs til vatning, leik, læring, rekreasjon og til å fremme biologisk mangfald i landskap og uterom.

Naturlege løysingar må prioriterast der det er mogeleg. 

Klimapåslag ved vedlikehald

Det er òg viktig å velje gode løyningar ved vedlikehald. Døme på dette er å nytte klimapåslag ved utskifting av stikkrenner, kulvertar, kummar, grøfting og bygging av nye bruer (risikoreduserande tiltak).

Eit godt utbygd beredskap og varslingssystem ved hendingar (konsekvensreduserande) må prioriterast.  

Biletet syner flaumstor elv ved undergang med grafitti.  - Klikk for stort bildeFlaum i by. Bernt M. Tordhol

Biletet syner eit jordras som har gjort skade på veg og kraftleidning i bakken.  - Klikk for stort bildeJordras i Etnedal. Kjetil Fjeld, Etnedal kommune.

3.3 Matproduksjon og sjølvforsyning

Innlandet er Noreg sitt matkammer og denne rolla bør blir styrka. Vi må legge til rette for eit levedyktig, stabilt og berekraftig landbruk (skog- og jordbruk) i heile Innlandet der vi bidreg for å nå målet om å auke sjølvforsyningsgraden i Noreg.

Vi må ta vare på matjorda vår og tilpasse matproduksjonen til eit klima i endring. Vi må i sterkare grad sjå på utmarka som ein viktig ressurs i matproduksjonen i Innlandet.  

3.3.1 Innlandet er Noreg sitt matkammer

Mattryggleik (sikker tilgang på mat med tilstrekkeleg kvalitet) er heilt grunnleggande for eit samfunn, og avgjerande for å kunne oppretthalde politisk og sosioøkonomisk stabilitet.

Det er viktig å oppretthalde tilfredsstillande nasjonal matvareproduksjon ut frå eit beredskapsperspektiv.

Sjølvforsyningsgraden er under 50 %

I 2020 var sjølvforsyningsgraden i Noreg 46,5 % (på energinivå), og 40 % om ein korrigerer for fôrvareimport. Den potensielle sjølvforsyningsgraden i Noreg ved en eventuell krisesituasjon er langt større. Sjå meir i rapporten frå NIBIO, Beregning av sjølvforsyningsgrad

Jordbruket i Innlandet står for ein relativt stor del av all produksjon innan jordbrukssektoren, og er ein netto bidragsytar til den nasjonale mattryggleiken og sjølvforsyninga. Sjå tabell 3.1. 

Partnerskap for landbruk i Innlandet har med utgangspunkt i Bioøkonomistrategien for Innlandet og Regionalt Bygdeutviklingsprogram, utarbeida Tiltaksplan for jordbruket. Denne planen skildrar status, utfordringar og mogelegheiter for jordbruket.

God og robust mattryggleik

Noreg sin mattryggleik er i store trekk god og robust. Konsekvensane av dei internasjonale forholda for Noreg vil først og fremst vere knytt til prisauke på råvarer og innsatsfaktorar, og dermed òg prisauke på matvarer til forbrukar.

Svært høge prisar eller ikkje-tilgang (redusert produksjon eller svikt i transport) på ein del innsatsfaktorar kan svekke norsk mattryggleik.  

Nasjonalt ansvar

Når det gjeld Noreg sin mattryggleik og beredskap er dette eit nasjonalt ansvar og knytt opp mot sentral politikk på ulike område, spesielt til sentral landbruks- og matpolitikk.

Vi har overordna målsettingar om å sikre forbrukarane trygg mat, auka matvareberedskap, god dyre- og plantehelse, god dyrevelferd og auka bruk av dei biologiske ressursane gjennom satsing på avl, forsking og utdanning.

Berekraft ligg til grunn

Berekraftig og klimatilpassa matproduksjon ligg til grunn, og det presiserast at det må leggast til rette for ein stabil tilgang på innsatsfaktorar og utvikling av meir berekraftige og framtidsretta løysingar.  

3.3.2 Produksjons- og forsyningskjeda for mat er kompleks

Figur 3.6 syner kor kompleks og samansett produksjons- og forsyningskjeda er for mat i Noreg.

Grøn linje viser produksjon av råvarer (på gardsbruk) vidare gjennom foredlingsleddet og fram til forbrukar. Gule boksar viser nødvendige innsatsfaktorar, som til dømes vatn, straum og medisinar. Raude boksar viser potensielle truslar, som til dømes rekruttering og cyberangrpep.

Merk at det er fleire større truslar (raude boksar heilt øvst) som har potensiale til å forstyrre eller forårsake svikt i heile kjeda. Dette er til dømes forureining og klimaendringar.

Figur 3.6 Produksjons- og forsyningskjeda for mat  (PDF, 2 MB)

Figuren er henta frå FylkesROS 2022 og er utarbeida av Fossum og Stubsjøen. Du kan lese meir om dette i FylkesROS 2022.  

Innsatsfaktorar i landbruket

3.3.3 Vi må ta vare på matjorda

For å oppretthalde ein tilfredsstillande mattryggleik er det viktig at vi tek vare på produksjonsareala og forvaltar dei på ein berekraftig måte.

Det er utarbeidd ein nasjonal jordvernstrategi som inneber ei målsetting om at årleg omdisponering av dyrka jord skal vere redusert til 3 000 daa innan 2025. Dette målet er nådd allereie, og det har kome signal frå Landbruks- og matdepartementet (LMD) om ytterlegare skjerping av måla om vern av dyrka mark, sannsynlegvis 2 000 daa. 

Innlandet har relativt store tal på omdisponering av dyrka jord. Utbygging av samferdselsanlegg er hovudårsaka. Det er viktig med auka merksemd på tiltak for å styrke vern av dyrka, og dyrkbar jord i Innlandet.  

Produksjonsareala må haldast i hevd. Areala som er klassifisert for produksjon av korn, fôrkorn, grønsaker/frukt/bær og proteinvekstar er særs viktig å verne/halde i hevd for å auke sjølvforsyninga av mat og fôrressursar.   

3.3.4 Vi må utnytte areala, tilpasse oss eit klima i endring og ta vare på produsentane

Ei optimal utnytting av areala er naudsynt for å oppnå målsettinga om auka sjølvforsyning. 

Oversikt over klimasonene i Innlandet viser dei ulike areala sitt potensial for dyrking av ulike vekstar, til dømes matkorn, fôrkorn, grønsaker og frukt (sjå kart 3.7). 

Auka matkornproduksjon er eit av dei mest effektive tiltaka for å auke norsk sjølvforsyning og beredskap. Det er viktig at vi får til ein god balanse og optimal utnytting av potensialet som dei ulike areala har (klimasoner, arrondering med meir).  

Figur 3.7 syner dei agroklimatiske sonene i Innlandet per 2022. Figuren nyttar detaljering vedteke av NIBIO og syner kor godt eit område er eigna for å dyrke matkorn, forkorn og grovfor. Raude område er godt eigna for dyrking av matkorn. Mørke grøne område er marginalt eigna for å dyrke forkorn. Det er store skilnader mellom nord og sør i Innlandet der dei nordlege delane har store grøne felt.  - Klikk for stort bildeFigur 3.7 Agroklimatiske soner i Innlandet (NIBIO 2022)

Reduksjon av matsvinn

Reduksjon av matsvinn vil kunne auke Noreg sin mattryggleik og sjølvforsyning. Matsvinnet i primærleddet (på gardsbruka) er målt til 43 883 tonn i 2020. Dette utgjer 1,72 % av produsert mengde i primærleddet (Landbruksdirektoratet, 2021).  

Jordbrukssektoren har relativt lågt matsvinn. Dette har fleire årsaker.   

Størst matsvinn frå hushaldningane

Norsk jordbrukssektor er moderne, og produserer i hovudsak med høg kvalitet samanlikna med mange andre stader i verda. Det arbeidast kontinuerleg med forsking og utvikling, dyrehelse, plantehelse, mattryggleik og så videre i dei ulike sektorane, noko som òg i stor grad betyr høg kvalitet på produksjonane og lavt matsvinn. 

Tal for det totale matsvinnet i Noreg syner at hushaldningane står for omtrent 48 % av matsvinnet, matindustrien 19 %, og daglegvarehandelen 15 %  (Regjeringa, 2021).  

Figur 3.8 syner matsvinn i heile verdikjeda for mat, 2020-tal, prosent av totalt matsvinn. Figuren syner at jordbrukssektoren står for 9,5 % av matsvinnet, matindustrien for 19 %, sjømatindustrien for 3 %, grossistane for 1.5 %, daglegvarehandelen for 15 %, servering (kiosk, service) 4 % og hushaldningane for 48 %.  - Klikk for stort bildeFigur 3.8 Matsvinn i verdikjeda (Regjeringa).

Vi bør ha beredskapslager av matkorn i Noreg

Vi bør ha beredskapslager av matkorn i Noreg. Landbruksdirektoratet har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet utgreia beredskapslager for matkorn (Landbruksdirektoratet, 2022). 

Rapporten tilrår at mengde korn i beredskapslagra bør rekke til seks månaders forbruk. Slike lagre bør etablerast sentralt i landet, kornområda eller hamner er aktuelle, og i nærleiken til kornkjøparane som til dømes Norgesfôr og Felleskjøpet. Desse kan integrere lagra i drifta si og rullere kornet over år.

Raskaste måten å bygge opp lageret på, er ved import av korn, då oppbygging ved hjelp av norske råvarer vil ta anslagsvis sju år. Beredskapslagring er relativt kostbart og vil krevje statleg finansiering i ei eller anna form.   

Føreslår utgreiing av nasjonalt kornlager

Regjeringa har i Statsbudsjett for 2023 foreslått at det skal etablerast beredskapslager for matkorn til den norske marknaden, anslagsvis for to til tre månaders forbruk.

Landbruksdirektoratet utgreia i 2022 korleis ei ordning og retninglinjer for beredskapslager av matkorn kan sjå ut. 

Du kan lese rapporten til Landbruksdirektoratet her. 

Gjennomgang av matvareberedskapen

Regjeringa varsla 4. november 2022 at dei set igang to undersøkingar som skal gå gjennom sårbarheiter og mogelegheiter i norsk matvareberedskap.  

Biletet syner kornproduksjon i Innlandet, åker.  - Klikk for stort bildeKornproduksjon på Hedemarken. Mostafa Pourbayat/Innlandet fylkeskommune

Biletet syner sau på utmarksbeite i Øyerfjellet.  - Klikk for stort bildeUtmarksbeite i Øyerfjellet. Bernt M. Tordhol.

3.4 Allmennfarleg smittsam sjukdom og smittevern

Allmennfarlege smittsame sjukdommar er særleg smittsame, kan opptre hyppig, har høg dødelegheit, eller kan gi alvorlege eller varige skadar.

Desse sjukdommane kan bli spreidd på ulike måtar: gjennom luft, vatn og mat. Innlandet må arbeide for at vi opprettheld vaksinasjonsgraden i befolkninga og aukar kompetansen på smittevernområdet.

Vi må bidra til mindre og meir rett bruk av antibiotika og styrke samordninga av våre planverk, ressursar og tiltak.  

3.4.1 Utbrot av allmennfarlege smittsame sjukdommar i Innlandet

Smittevernlova har eigne reglar for allmennfarleg smittsam sjukdom. Kva sjukdommar som er omfatta står i eiga forskrift, Smittevernlova § 1-3 og Forskrift om allmennfarlege smittsame sjukdommar.

Meldesystemet for smittsame sjukdommar syner førekomst av ei rekke allmennfarlege smittsame sjukdommar i Innlandet.

Chlamydiainfeksjon har hyppigast førekomst om ein ser bort frå koronapandemien, men grafen i figur 3.8 syner òg toppar av andre sjukdommar vi må vere klare for å handtere. Alle kommunar må ha ein smittevernplan som legg dette til grunn. Omfanget av koronapandemien visar samstundes behovet for god beredskap. 

Figur 3.8 syner allmennfarlege smittsame sjukdommar i Innlandet (2010–2022) utan korona. Her ser ein at Chlamydia-infeksjon er den som er mest utbreidd. (grå graf). - Klikk for stort bildeFigur 3.8 Allmennfarlege smittsame sjukdommar i Innlandet (2010–2022) utan korona. Forenkla figur etter Folkehelseinstituttet MSIS sine data.

Figur 3.9 syner allmennfarlege smittsame sjukdommar i Innlandet (2010–2022) med korona. Figuren syner at korona dominerer frå 2020 (grøn graf). - Klikk for stort bildeFigur 3.9 Allmennfarlege smittsame sjukdommar i Innlandet (2010–2022) med korona. Forenkla figur etter Folkehelseinstituttet MSIS sine data.

 

3.4.2 Heilskapeleg arbeid med smittevern i Innlandet

Smittevernlova pålegg kommunane ansvaret for å vurdere situasjonen og sette i verk tiltak for  å avgrense utbreiinga av eit utbrot og behandle sjuke (i samarbeid med spesialisthelsetenesta).  

Kommunelegen skal utarbeide forslag til plan for helse- og omsorgstenesta sitt arbeid med vern mot smittsame sjukdommar, irekna beredskapsplanar og tiltak, i tillegg til å organisere og leie dette arbeidet (smittevernloven §7-2).

Folkehelseinstituttet gir faglege råd til kommunen om dette. I nokre tilfelle er det behov for å  koordinere handteringa frå eit nasjonalt perspektiv.  

Alle 46 kommunane i Innlandet hadde innan mars 2020 oppdatert sine smittevernplanar og pandemiplanlegging. Alle kommunar skal ha tuberkulosekontrollprogram og alle helseinstitusjonar infeksjonskontrollprogram.

Kommunane fører tilsyn med at offentleg eller privat verksemd følger lovgjevinga om miljøretta helsevern etter folkehelselova, irekna smittevern. Fleire kommunar har oppretta interkommunale samarbeid på dette området.

Sjukehuset Innlandet HF og Statsforvaltaren i Innlandet arrangerer årlege smittevernkonferansar/fagdagar for helsepersonell knytt til helse- og omsorgstenesta i kommunane i Innlandet, spesialisthelsetenesta i Innlandet og studentar.  

Sjukehuset Innlandet HF og Akershus Universitetssjukehus gir smittevernråd til kommunane i Innlandet ved behov. Dei tilbyr òg avtale om smittevernbistand til kommunale institusjonar og heimeteneste (infeksjonskontrollprogram).

Det regionale helseføretaket skal syte for at befolkninga i helseregionen er sikra nødvendig spesialistundersøking ved smittsam sjukdom, laboratorieundersøking, poliklinisk behandling og sjukehusbehandling, forsvarleg isolering i sjukehus, og anna spesialisthelseteneste.

Regionalt kompetansesenter for smittevern i Helse Sør-Øst har ansvar for å samordne arbeidet med planlegging og gjennomføring av den regionale smittevernplanen saman med det regionale nettverket for smittevern. 

Vaksinasjonsdekninga i barnevaksinasjonsprogrammet i Innlandet er høg. For 2-åringar i 2021 var til dømes vaksinane mot difteri, kikhoste, poliomyelitt, meslingar, kusma og raude hundar 96,8–96,9 % i Innlandet. Dette er lik, eller så vidt over dekninga, for landet (Noregshelsa statistikkbank). 

Mottak av flyktningar som treng undersøking og vaksinar, fordrar òg beredskap og ressursar i helsetenesta. 

Smittevern i tannhelsetenesta 

Tannhelsetenesta i Innlandet har 300 tilsette fordelt på 40 tannklinikkar (frå 2023). Det er om lag 280 private tannlegar i Innlandet.

Alle tilsette i tannhelsetenesta arbeider pasientnært. Det er eit arbeid med høg risiko for smitte. I lov om tannhelsetenesta (1983) §1-4 heiter det at fylkeskommunen skal samordne den offentlege tannhelsetenesta og privat sektor.

Dette vart utfordra i starten av Covid-19-pandemien. Ein erfarte då at det ikkje føreligg ein sentral oversikt med kontaktinformasjon til privatpraktiserande. Dette gjorde koordinering meir tidkrevjande og utfordrande. 

3.4.3 Kva lærte Innlandet av koronahandteringa?

Koronapandemien og tiltaka som vart innførde fekk omfattande konsekvensar for alle deler av samfunnet i Innlandet.  Covid-19 fekk eit alvor og ei varigheit som langt overgjekk plangrunnlaget til norske myndigheiter.

Dimensjonert for sesonginfluensa

Plangrunnlaget var i hovudsak dimensjonert for ein alvorleg sesonginfluensa. Dette viste seg særleg ved at kontinuitetsplanlegging for, og bemanning av tenestane, vart ei langt større utfordring enn det myndigheitene var førebudde på. Inngripande juridiske tiltak fekk uførutsett stor betydning (DSB, 2022). 

Kravde omstilling

Utbrot kravde store ressursar og tiltak i einskilde kommunar, men òg samarbeid mellom kommunar og i regionar.

Frivillige tok og stor del i arbeidet med til dømes testing, vaksinering og transportoppdrag. Berre Røde Kors Innlandet har registrert over 100 000 frivillige arbeidstimar under pandemien. 

Kapasitet og kompetanse til testing, isolering, smittesporing og karantene (TISK) kravde omstilling, opplæring og interkommunalt samarbeid.

Digitale verktøy for kommunikasjon og smittesporing vart særs viktige. Helsetenesta innførte òg videokonsultasjonar og feberpoliklinikkar.

I sjukehusa vart drifta lagt om og behandling som kunne vente, vart utsett. Intensivkapasiteten synte seg å være særleg kritisk. Smitteverntiltak gjorde òg arbeidet med pasientane ekstra ressurskrevjande.

Problem for drifta

Etter kvart vart sjuke- og karantenefråvær òg eit problem for drifta. Utfordringane varierte etter utviklinga i pandemien.

I januar 2022 melde til dømes nær 60 % av kommunane i Innlandet om ein utfordra situasjon i tilgangen på personell og kritisk kompetanse til Statsforvaltaren.

Situasjonen var utfordrande for helsehjelps-kapasitet i institusjonar og heimetenester, mottak av utskrivingsklare pasientar, legevakt, fastlegar, kommunelegar, helsestasjon og skulehelseteneste.

Tilsette vart omdisponert og det var ein generell mangel på personell. Pensjonistar og frivillige vart mobilisert.   

Mangel på smittevernutstyr

I starten av pandemien var det mangel på smittevernutstyr. Det vart etablert eit felles samarbeid om fordeling av utstyret som vart innkjøpt nasjonalt. 

Kommunane er frå 2022 attende til vanlege innkjøpsordningar og har ansvar for å ha adekvat lager av smittevernutstyr på bakgrunn av eigne ROS-analyser av behova.  

Tiltak ved riksgrensa

Tiltak ved grensa mot Sverige vart ei ekstra belasting for dei kommunane i Innlandet med grenseovergangar.

Drift av verksemder og tenester som har høg andel utanlandsk arbeidskraft og grensebebuarar (dei som bur på ei side og arbeider på andre sida av grensa) vart påverka av stengde grenser/auka grensekontroll. Til dømes fekk dette konsekvensar for landbruket.  

Store krav til informasjon og kommunikasjon

Tiltaka som vart innførde, medførde store krav til informasjon og kommunikasjon med alle deler av befolkninga.

Smitteverntiltak ramma barn, unge og sårbare grupper ekstra hardt. Koronakommisjonen har påpeikt utfordringar med å nå ut med informasjon til alle delar av befolkninga (Koronakommisjonen del 2, 2022). 

Ein nasjonal koronakommisjon har levert to rapportar som du kan lese her. 

3.4.4 Redusert og meir rett bruk av antibiotika

Antibiotikaresistens er eit raskt veksande problem i verda, og utgjer ein alvorleg trussel mot global helse både hos menneske og dyr. Nasjonale myndigheiter har sett tydelege mål for redusert og meir rett bruk av antibiotika.

For å lykkast i kampen mot antibiotikaresistente bakteriar, er ein heilt avhengig av samarbeid både internasjonalt og på tvers av sektorar, slik at flest mogeleg land fører ein politikk som minskar risikoane knytt til antibiotikaresistens.

Dersom antibiotika framleis skal vere eit globalt fellesgode for komande generasjonar, må det settast gode og realistiske mål for arbeidet mot antibiotikaresistens.  

3.4.5 Kva er dei største truslane i Innlandet?

Innlandet har høgste andel eldre (67år+) i landet og vil få ei eldre befolkning i tida framover. Dette gjer oss sårbare på fleire måtar. Du kan lese meir på innlandsstatitikk.no.

Det vil vere ein generell mangel på nøkkelpersonell som sjukepleiarar, helsesjukepleiarar, fastlegar, kommunelegar og tannhelsepersonell. Innlandet har mange mindre kommunar som kan vere meir sårbare for å sikre tilstrekkeleg kvalifisert helsepersonell.

Det er viktig å oppretthalde den frivillige beredskapen i Innlandet, slik at lokalkunnskap, kompetanse og beredskap blir heldt i hevd og vidareutvikla. 

Det er behov for ressursar til å bygge opp beredskapen, oppdatere og øve for å auke kompetansen. Dette må skje før og etter uønska hendingar, ikkje midt i ei pågåande krisehandtering.

Klimaendringar og smitte frå dyr til menneske 

Klimaendringane kan påverke sjukdomsbiletet. Til dømes kan endring i temperaturen føre til at artar får ei anna utbreiing enn i dag.

Smittsame sjukdommar som blir spreidd frå dyr til menneske kan òg bli påverka av eit endra klima. FylkesROS 2022 har analysert smittsam menneskesjukdom. Scenariet tek for seg utbrot av blødningsfeber i fylket, og korleis dette kan utvikle seg i regionen og eventuelt nærliggande område.

Sjukdommen i scenariet er ein ny alvorleg virussjukdom som stammar frå dyr, som er innførd frå utlandet med turistar, og som rammar unge menneske hardast. Antatt dødelegheit er 30 % i Afrika, og det finst inga vaksine eller spesifikk behandling.

Lågt sannsyn

Sannsynet for eit slikt scenario er vurdert til å vere låg. Det er samfunnsverdiane «samfunnsstabilitet» og «liv og helse» som er rangert høgst i konsekvens. Korleis samfunnet og befolkninga vil kunne takle ein ny alvorleg sjukdom, med strenge tiltak, antek vi å gi dei største utfordringane. 

Auka mobilitet i befolkninga

Innlandet har lang grense mot Sverige og dette gir oss både mogelegheiter og utfordringar.

Vi må samarbeide med våre svenske og europeiske naboar. Auka reising og innvandring kan påverke spreiinga av allmennfarlege smittsame sjukdommar.  

Nasjonalt vaksinasjonsprogram – tillit og informasjon 

Vi har til tross for god dekning, sett vaksinenøling/motstand, både i forhold til korona, men òg knytt til barnevaksinasjonsprogrammet. Kommunikasjon og informasjon er ei utfordring ein lyt løyse i samarbeid, for slik å halde vaksinasjonsgraden i Innlandet høg. 

Mangel på viktige legemiddel

Legemiddelmangel er ei internasjonal utfordring. Produksjon av legemiddel er global og forsyningskjeda er samansett og sårbar. Årsak til mangel kan vere mange. Tiltak for å avgrense produksjonsstopp og styrke tilgang til innsatsfaktorar og produsentar er viktig, både nasjonalt, nordisk og europeisk.

Helsedirektoratet har ansvaret for legemiddelberedskapen i Noreg og nasjonale beredskapslager. Legemiddelverket er fag- og tilsynsmyndigheit. Spesialisthelsetenesta har ansvaret for beredskapslager for legemiddel som nyttast i spesialisthelsetenesta. Kommunane har beredskapsansvar for legemiddel som nyttast i kommunale institusjonar, som til dømes sjukeheimar.

Alle legemiddelgrossistar i Noreg er pålagt å ha eit ekstra lager av bestemde legemiddel som blir utlevert på  apoteka, jf. grossistforskrifta. Det er lagt fram eit forslag til lovendringar innan innretning og forvaltning av legemiddelberedskapen i primærhelsetenesta.   

3.4.6 Innlandet har sterke fagmiljø

Innlandet har sterke fagmiljø innan helse, beredskap, dyrehelse og bioteknologi. Innlandet har òg ein av svært få norske produsenter av legemiddel, Curida. Desse fagmiljøa bør styrkast og vidareutviklast for å møte utfordringane nemnd ovanfor.

Til dømes kan ein nemne digitalisering og utveksling av helseopplysningar mellom aktørane (til dømes mellom Politi, UDI og kommunane), utvikling av eit nasjonalt smittesporingsprogram og ikkje minst auke kompetansen i kommunane.

Arbeid for etablering av eit nasjonalt senter i Elverum

Det pågår eit arbeid for å etablere eit nasjonalt senter for krise-, pandemi- og legemiddelberedskap i Elverum i regi av Terningen innovasjonspark. Denne satsinga har nå fått namnet Norsk senter for beredskap og helseindustri. 

Samarbeidspartnarane er blant andre Høgskulen i Innlandet, Statsforvaltaren i Innlandet, Innlandet fylkeskommune, Curida, Regionrådet i Sør-Østerdal og kommunane Åmot og Elverum.  

Arbeidet med nasjonalt lager for smittevernutstyr  

Etablering av eit nasjonalt beredskapslager er under utgreiing. Helsedirektoratet har òg varsla leiarane i den offentlege tannhelsetenesta i Noreg om ei komande høyring frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) om ei ny forskrift gjeldande frå 1. juli 2023.

Her vil det blant anna kome krav om at den fylkeskommunale tannhelsetenesta skal syte for lager av smittevernsutstyr tilsvarende seks månadars forbruk.

Tannhelse Innlandet har berekna kostnaden for eit slikt ekstraordinært kjøp til om lag 2,2 millionar kroner. I tillegg kjem kostnader til lagerhald. 

Biletet syner soldatar frå Heimevernet som voktar riksgrensa mot Sverige under pandemien.  - Klikk for stort bildeStengt riksgrense mot Sverige under pandemien. Heimevernet/Samuel Andersen.

3.5 Digital infrastruktur og kraftforsyning

Digital infrastruktur og ei stabil kraftforsyning er avgjerande for eit velfungerande Innlandssamfunn.

Vi må vidareføre arbeidet med å sikre alle tilgang til breiband med høg hastigheit og sikre tilstrekkeleg og robust kraftforsyning.

Berekraftige løysingar må prioriterast. Energieffektivisering må bidra til å redusere etterspurnaden etter meir bruk av kraft for å sikre samfunnet ei tilstrekkelege og sikker kraftforsyning. 

3.5.1. Breiband med høg fart i heile Innlandet

Digital infrastruktur er tekniske system, datasamlingar og programsystem som er tilgjengelege for utvikling av tenester, både for private og offentlege aktørar. Desse er viktige for at samfunnet skal fungere.

Digital infrastruktur og innovativ bruk av IKT er ein stadig viktigare faktor for den enkelte kommune, verksemd og innbyggar. Å sikre betre dekning, fart og robust breiband i heile Innlandet er avgjerande.  

Mål om 100 % dekning innan 2025 

I dag har omlag 80 % av befolkninga i Innlandet tilbod om høgfartsbreiband ifølge Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) si siste kartlegging. I tillegg kjem pågåande utbyggingsprosjekt (igangsett eller avtalefesta utbygging).

Når desse er gjennomførte, vil 91 % av hushalda i Innlandet ha høgfartsbreiband. Målet er å ha 100 % dekning innan 2025. I dag har fleire kommunar i Innlandet nær 100 % dekning. 

Samfunnskritisk infrastruktur

Digital infrastruktur er samfunnskritisk infrastruktur og må bli handtert deretter. I tillegg til å sikre 100 % breibanddekning i heile Innlandet, må vi fokusere på trygging og tilgjengelegheit (redundans) (St.meld. 29 (2020-2021) og Bredbåndstrategi 2021-2025 vedtatt av Innlandet fylkeskommune juni 2021).

Føresetnaden for dette er at det offentlege trygger utbyggingar der det ikkje er grunnlag for kommersiell utbygging. Utfordringa i denne samanhengen er å sikre reell konkurranse mellom utbyggingsaktørar og leverandørar med omsyn til utbyggingskostnadar.

Offentlege bidrag til utbygging føreset at både den faste og mobile EKOM-infrastrukturen er robust nok. 

Bortfall av EKOM

Scenarioet "Bortfall av EKOM" i FylkekesROS tek for seg ein situasjon der hovudlinjer i Innlandet sitt telenettet blir øydelagt av graving. Sannsynet for hendinga blir vurdert til middels. Halvparten av alle EKOM-brot skuldast graving. I tillegg kan sabotasje, vær, vind og teknisk alvorlege feil òg føre til bortfall. 

Dette blir forklart gjennom brei erfaring med mindre bortfall av telenettet, men få større bortfall. Samstundes gjer samfunnet seg fortløpande meir avhengig av EKOM-system, noko som òg påverkar sannsynet for ei slik hending.

Hendinga kan føre til auka sårbarheit og stor påverknad på kvardagen til befolkninga. Det vil opplevast som eit forventningsbrot og gi stor uvisse.

Trygg kommunikasjon

Høghastigheitsbreiband i heile Innlandet, både fast og mobil, er nødvendig for varsling ved hendingar og tenestetilbod til befolkninga. Dermed er dette ein nødvendig føresetnad for samfunnstryggleik og beredskap.

I tillegg vil det ha stor betydning for å sikre konkurransekrafta og verdiskapinga til næringslivet.

Høghastigheitsbreiband er òg viktig for å sikre fornying av offentleg sektor og tilgjengelegheit til offentlege tenester og dermed tenesteproduksjon. Dette er igjen viktig for å halde oppe busetnadsmønsteret i Innlandet.  

Fylkeskommunane bør ha ei tydeleg rolle

Fylkeskommunane bør framleis ha ei aktiv og tydeleg koordinator- og pådrivarrolle for utviklinga av den regionale EKOM-infrastrukturen i åra framover.

God samhandling mellom utbyggingsaktørar, kommunar, fylkeskommunane, staten og statsforvaltaren er viktig for å oppnå EKOM-politiske mål. 

3.5.2. Samfunnet er avhengig av ei sikker kraftforsyning

Ein stor del av dei samfunnskritiske funksjonane og systema er avhengige av tilstrekkeleg mengde og jamn straumforsyning kvar dag, året rundt. Det same er befolkninga, det offentlege og næringslivet, inkludert landbruket.

Vi er med andre ord sårbare ved bortfall av elektrisk kraft over både kortare og lengre tidsrom.

Vi treng meir kraft

På grunn av etterspurnaden etter grøn energi ser vi eit auka behov for elektrisk kraft (spesielt innan kraftkrevjande industri, oppvarming og transport). Vi har derfor behov for å auke produksjonen. 

NRK gjenga denne illustrasjonen i desember 2021: 

Figur 3.11 syner ei framskriving av kraftbalansen i Noreg. Den syner at ved høg elektrifisering, må Noreg importere kraft for å dekke behovet om få år.  - Klikk for stort bildeFigur 3.11 Framskriving av kraftbalansen i Noreg (NRK).

Låg fyllingsgrad

Nasjonale og internasjonale utfordringar dei siste vintrane med lite nedbør, har ført til at fyllingsgraden i perioder har vore låg i vassmagasina.

Nedbygging av kull og kjernekraft er sett i gang i Europa. Tilgangen til gass i Europa er låg av fleire årsaker.

I sum har dette medført at straumprisen har vore, og vil vere, høg framover. Vi er usikre på kva langvarige høge prisar vil ha å seie for både forbrukarar og næringsliv. Meir kunnskap om konsekvensane må hentast inn. 

Svikt i kraftforsyninga har høgst risiko

Svikt i kraftforsyninga er scenarioet med høgst risiko i FylkesROS. Dette scenarioet tek for seg ein kald vinter med knappleik på straum og ei avgjerd om rasjonering.

Utviklinga i seinare tid har vist at dette no er eit meir sannsynleg scenario. I tråd med analysen bør førebuingar for dette scenarioet bli følgd opp raskt. Svikt i kraftforsyninga vil påverke heile samfunnet og stille store krav til handteringa for å dekke dei grunnleggande behova våre.

Konsekvensane som trekk scenarioet opp i risikobiletet, er samfunnsstabilitet, materielle verdiar, demokratiske verdiar og styringsevne.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har òg sett i gong eit arbeid med å revidere sitt scenario knytt til dette. Resultatet frå dette føreligg ikkje per november 2022. 

Større sannsyn for restriksjonar og rasjonering enn tidlegare

Det er stort sannsyn for at vi kan oppleve restriksjonar, rasjonering eller andre negative konsekvensar fordi press på produksjon, distribusjon og eksport av straum har auka.

Det er forventa ytterlegare forverring framover, og klimaendringar aukar sannsynet for store endringar som følge av større variasjonar i værsystem over tid. Internasjonale konfliktar der energi blir nytta som maktmiddel, gjer at situasjonen ikkje er føreseieleg.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ein rettleiar for rasjonering i kraftsystemet. Denne er frå 2005 og er per november 2022 til revisjon. 

Du kan lese meir om rasjonering på NVE sine eigne nettsider. 

Konsekvensane for materielle verdiar og produksjon av varer og tenester vil bli råka ved utkopling og påverke dei fleste samfunnsområda. Rasjonering av straum endrar føresetnadene samfunnet har operert under, noko som vil føre til svært mykje uvisse.  

Bruk av andre energikjelder

Moglegheitsrommet rundt utfordringane med kraftforsyning er knytt til auka medvit rundt forbruk av straum og energi, i tillegg til utvikling og bruk av andre energikjelder. Døme på dette er private/individuelle solcelleanlegg.

Auka bruk av vatn, jordvarme, bioenergi og eventuelt kjernekraft er døme på energiløysingar som bør bli utgreia vidare.

På bakgrunn av samfunnet sin avhengnad av kraftforsyning er det rimeleg at ein over tid vil utvikle ein ny type verdikjede for straumleveranse. Dette for å minimalisere sårbarheita og avhengnaden av andre aktørar i den internasjonale samhandlinga.  

Gamle anlegg

Luftlinjene i regionalnettet er delvis langt på overtid av sin tekniske og økonomiske levetid. Saman med Innlandet si demografiske utvikling og busetnadsmønster, kan dette gi oss utfordringar med priorteringa av kor tiltak skal bli gjennomført. Regional overføringskapasitet mellom landsdelar bør bli styrka. 

Mange krafttransformatorer i Innlandet er gamle og det er behov for å reinvestere i ein betydeleg del av desse anlegga i åra framover (Elvia, 2022).   

Biletet syner fuglar som sit på straumleidning i solnedgong. - Klikk for stort bildeFuglar på straumleidning. Arne Roar Nygård.

Biletet syner låg vasstand på Tyin i tørkeperioden 2018. - Klikk for stort bildeLåg vasstand på Tyin i tørkeperioden i 2018. Noregs vassdrags- og energidirektorat.

3.6 Cyber- og informasjonstryggleik

Velfungerande digitale tenester er nødvendige i dagens samfunn. 

Cybertryggleik omhandlar forsvar og tiltak mot vondsinna handlingar som blir utførd av ein trusselaktør, ikkje uhell og feil som oppstår. I motsetnad til data- og informasjonstryggleik dekker cybertryggleik angrep der målet ikkje er teknologien og informasjonen i seg sjølv, men blir brukt for å oppnå andre mål. 

Vi må saman auke og dele kompetanse om cyber- og informasjonstryggleik i Innlandet. Forvaltning og planlegging må basere seg på oppdatert kunnskap om det digitale trusselbiletet.

Kompetanseinstitusjonar må vidareutviklast og bidra til dette. 

3.6.1 Cyberangrep mot Noreg betyr cyberangrep mot Innlandet

I følge Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) sin rapport Risiko 2022 er det eit taktskifte i cyberaktiviteten mot Noreg, noko som skjerpar den digitale risikoen.

Frå 2019 til 2021 har NSM sett ei tredobling i talet på alvorlege hendingar og cyberoperasjonar. Framande etterretningstenester står for ein stor del av denne aktiviteten.

Høg risiko for alvorlege cyberoperasjonar

Risikoen for alvorlege cyberoperasjonar er høg, og den aukar for verksemder som arbeider med utanriks-, forsvars- og tryggingspolitikk.

Det same gjeld verksemder som driv forsking og utvikling innan forsvar, helse, maritim teknologi, petroleum og romfart.  

Det er òg ei kraftig auke i digital utpressing og sabotasje, såkalla lauspengevirus eller ransomware. Både her heime og i andre land har slike hendingar fått omfattande konsekvensar ved at system blir lamma og viktige tenester stoppar.

Kjende cyberangrep 

2021 starta med angrepet mot Østre Toten kommune, eit angrep som kosta kommunen over 30 millionar kroner.

Same år vart avslutta med cyberangrep mot matvareprodusenten Nortura, mediekonsernet Amedia og Nordland fylkeskommune. 

null - Klikk for stort bilde

Figur 3.12 Grunnprinsipp for IKT-tryggleik frå NSM
1. Identifisere og kartlegge 2. Trygge og oppretthalde 2. Trygge og oppretthalde 3. Oppdage 4. Handtere og gjenopprette
1.1 Kartlegg strukturar for styring, leveranser og understøttande system. 2.1 Ivareta tryggleik i prosessar for anskaffing og utvikling. 2.2 Etabler ein trygg IKT-arkitektur. 3.1 Oppdag og fjern kjende sårbarheiter og truslar. 4.1 Førebu verksemda på handtering av hendingar.
1.2 Kartlegg einingar og progamvare. 2.3 Ivareta ein trygg konfigurasjon. 2.4 Trygge verksemda sitt nettverk. 3.2 Etabler tryggleiksovervaking. 4.2 Vurder og klassifiser hendingar.
1.3 Kartlegg brukarar og behov for tilgang. 2.5 Kontroll dataflyt. 2.6 Ha kontroll på identitetar og tilgongar. 3.3 Analyser data frå tryggleiksovervakinga. 4.3 Kontroller og handter hendingar.
2.7 Trygge data i ro og i transitt. 2.8 Trygge e-post og nettlesar. 3.4 Gjennomfør testar for inntrenging. 4.4 Evaluer og lær av hendingar.
2.9 Etabler evne til gjenoppretting av data. 2.10 Integrer tryggleik i prosess for handtering av endring.
Figur 3.12 syner NSM sine grunnprinsipp for IKT-tryggleik.

NSM vurderer at gapet aukar mellom trusselen og tryggingsnivået i norske verksemder og samfunnsfunksjonar. Mange av tryggingstiltaka som eksisterer, er ikkje dimensjonerte for det reelle trusselbiletet. Eller dei blir ikkje innført raskt nok når nye sårbarheiter oppstår. 

3.6.2 Tilstrekkeleg kompetanse er avgjerande

Innlandet følger det nasjonale trusselbiletet som blant annet NSM og DSB skisserer både for våre verksemder, det offentlege og innbyggarane våre. 

Utsette aktørar i Innlandet

I tillegg har vi nokre aktørar i Innlandet, som mellom anna på grunn av krig i Ukraina og straumkrise, kan reknast som ekstra utsette mål. Dette gjeld mellom anna forsvarsteknologien på Raufoss, i tillegg til straum og kraftaktørar i fylket vårt.

Innlandet har mange små kommunar spreidd over heile fylket. Å ha tilstrekkeleg cyberkompetanse i desse mindre kommunane kan vere krevjande.  

Nærast daglege hackerangrep

Denne utfordringa heng saman med fylkesROS-scenarioet "Cyberhending". I dette scenarioet er det snakk om at lauspengevirus mot mange kommunar i Innlandet har høg risiko.

Hackerangrep skjer nærast dagleg, og det er tilfeldig kven som blir ramma. Nokre angrep gjer liten skade, andre kan øydelegge verksemder.

Analysen framhevar at risikoområdet framleis er nytt for mange sektorar. Kunnskap, kompetanse og kapasitet til førebygging og handtering vil vere avgjerande for korleis samfunnet blir påverka av cyberhendingar.

Her er det erfaringar å hente frå cyberangrepet i Østre Toten.  

3.6.3 Innlandet har sterke kompetansemiljø

I Innlandet har vi to store kompetanseleverandørar innan cyber. Det er NTNU på Gjøvik og Cyberforsvaret på Jørstadmoen leir på Lillehammer.

NTNU gir Innlandet store mogelegheiter

Ved NTNU er det om lag 350 bachelorstudentar og 350 mastertudentar innan digital infrastruktur og cybertryggleik. NTNU sin posisjon nasjonalt og internasjonalt gir Innlandet store mogelegheiter.

Det er NTNU Gjøvik som leiar Norwegian center for cyber security in critical sectors (SFI NORCICS) i planperioden. Dette er viktig for å bygge kunnskap innan cybertryggleik, både i industrien og i kritisk infrastruktur i samfunnet.

Senter for forskningsdrevet innovasjon (SFI) er den største sentersatsinga til norsk forskningsråd, med mål om å styrke og vidareutvikle leiande og nyskapande forskings- og innovasjonsmiljø eller for å bygge opp forskningsmiljø på strategisk viktige områder. 

Cyberforsvaret blir stadig viktigare

Cyberforsvaret skal verne Forsvaret mot hackarar, dataangrep og andre digitale truslar. Dei skal òg ta i bruk teknologi som kan styrke den operative evna til Forsvaret.

Jobben Cyberforsvaret gjer, blir derfor stadig viktigare. Cyberingeniørskulen ved Forsvarets høgskule på Jørstadmoen utdannar årleg 40 cyberingeniørar. 

Cyberland-satsinga styrkar samarbeidet

Gjennom satsinga Cyberland har fylkeskommunen saman med Gjøvikregionen Utvikling, Lillehammerregionen Vekst, NTNU, Cyberforsvaret og Statsforvaltaren arbeidd målretta med å styrke satsinga innan cyber i Innlandet.  

Framover blir det viktig å jobbe vidare med å styrke samarbeidet mellom kommunar, det offentlege, næringslivet, Forsvaret og universitets- og høgskolesektoren innan dette området.  

Biletet illustrerer ein hacker som prøver eit dataangprep.  - Klikk for stort bildeHacker som prøver eit dataangep. Mostphotos.

3.7 Drikkevatn og avløp

Vatn- og avløpstenestene sikrar reint vatn i springen og reint vatn i naturen. Eigarane av infrastrukturen må sikre god oversikt over tilstanden på eigen infrastruktur og kritiske punkt på denne.

Vi må arbeide systematisk saman for å følge opp dei svakheitene vi har. Drikkevassforsyninga i Innlandet må vere robust. 

Svikt i vassforsyning og handtering av avløp vil ha store konsekvensar for blant anna helse, miljø og tryggleik.

Ei trygg og stabil vassforsyning er ein føresetnad for å oppretthalde tilnærma alle kritiske samfunnsfunksjonar i eit moderne samfunn.

Langvarig bortfall er ei alvorleg hending og vil sette liv og helse i fare. Innlandet har fleire sterke fagmiljø innan dette temaet. Norsk Vann og Hias IKS er døme på dette. 

3.7.1 Halvparten av oss får drikkevatn frå grunnvatn

I Innlandet har om lag 70 % av befolkninga drikkevatn frå større kommunale vassverk. Resten av befolkninga har i dag si eiga, private vassforsyning. For landet totalt er det 10 % som har privat vassforsyning.

I Noreg nyttar vi i stor grad overflatevatn som drikkevasskjelde. I Innlandet får heile 54 % av befolkninga drikkevatnet sitt frå grunnvatn (SSB). 

Reservevassforsyning og nødvatn    

Beskyttelse av vasskjeldene, vassbehandling, trygg distribusjon og kvalitetskontroll er fire viktige premiss for å få eit godt og trygt drikkevatn i krana.  

I drikkevassforskrifta står det at vassverkseigar skal sikre at vassforsyningssystemet kan levere tilstrekkeleg mengde drikkevatn til ein kvar tid.

Abonnentane skal òg sikrast nødvatn. Ei alternativ forsyning er viktig for beredskapen til vassforsyningssystemet. Mange vassforsyningssystem i Innlandet manglar alternativ forsyning som kan levere drikkevatn over tid.  

Nesten alle vassverk i Innlandet har beredskapsplanar. 32 % av dei har hatt beredskapsøving siste år. 

Få personar i Innlandet til å dele på kostnadane 

I Innlandet har vi totalt 4 725 km avløpsleidningar og 5 311 km vassleidningar (SSB). Dette svarar til 55 innbyggarar per km avløpsleidning og 49 innbyggarar per km vassleidning.

På landsbasis er det omtrent dobbelt så mange abonnentar per km vass- og avløpsleidning som i Innlandet.

Innlandet har derfor få personar som skal dele på kostnadane ved å halde vass- og avløpsleidningane ved like.

31 % lekkasje på landsbasis

Distribusjonssystema som leiar vatn og avløp kan forringe kvaliteten på drikkevatnet dersom det oppstår ei hending eller brot i leveringa. Distribusjonsnettet for vatn består av mange komponentar som leidningar, høgdebasseng og pumpestasjonar.

Dårleg tilstand på distribusjonssystemet gjer drikkevatnet meir sårbart for forureining. Vasslekkasjar er ein indikator på tilstanden til vassleidningane. Vi veit at på landsbasis lek omlag 31 % av drikkevatnet ut av leidningane på veg til abonnentane.   

Avløpleidningar 

Distribusjonssystemet for avløp består av stikkleidningar der abonnentane er knytt til det kommunale avløpsnettet, kommunale avløpsleidningar og pumpestasjonar som fraktar avløpsvatnet til eit reinseanlegg.

Ved reinseanlegget blir avløpsvatnet reinsa før det vert slept ut i ei elv eller innsjø. Avløpsleidningane er sårbare for lekkasjar og innlekk av framandvatn. Delen framandvatn er på landsbasis oppgitt til å vere omlag 50 % (bedreVANN, 2021).

Kor mykje avlaup som lek ut av avlaupsleidningane på veg til avlaupsreinseanlegg har vi ikkje god oversikt over. 

 Innlandet har både store og små anlegg

Vi delar reinseanlegga inn i store (over 50 PE) og små anlegg (under 50 PE). I Innlandet har vi totalt 226 store anlegg og 53 890 mindre anlegg. 

Dei store anlegga samlar avløp frå fleire personar, reinsar dette og slepp det ut på eit felles utsleppspunkt. Dei store anlegga er ofte meir avanserte og har fleire reinsetrinn for avløpet.

Dei små anlegga har oftast berre ein eller nokre få husstandar kopla til. Dei er mindre avanserte og nyttar seg ofte av reinsing via infiltrasjon i grunnen. Utslepp frå avløpssanlegg kan ha ein negativ påverknad på miljøet.

Avrenning frå mindre avløpsanlegg som ikkje held reinsekrava er registrert som ein påverknad på over 1000 elver, bekker og sjøar i Innlandet.  

Figur 3.13 syner diffus avrenning frå spreidd avløp. Det er 74 prosent som i liten grad har diffus avrenning, 23 prosent i middels grad, 2 prosent i stor grad og 1 prosent er ukjend.  - Klikk for stort bildeFigur 3.13 Diffus avrenning frå spreidd avløp.

3.7.2 Vi må sikre drikkevasskjeldene og sørge for reservevatn

Vi har store vassressursar i Innlandet, og mange gode kjelder til drikkevatn. Desse må vi trygge og forvalte på ein god måte.

Sårbart overflatevatn

Overflatevatn er sårbart, og blir påverka av endringar i aktivitet i terrenget i større grad enn om vi tek vatnet ut frå eit godt trygga grunnvassmagasin.

På den andre sida vil ei forureining av grunnvatnet ta lengre tid å rette opp enn tilsvarande i ei kjelde på overflata (Mattilsynet, 2018).

Kor mykje den enkelte drikkevasskjelde er trygga mot forureining vil ofte vere ein kombinasjon av mange tiltak. Truslane mot vasskvaliteten er mange.

Auka utbygging og auka ferdsel ved vasskjeldene er døme på dette, og det er derfor viktig med ei restriktiv arealforvaltning i nærleiken til drikkevasskjeldene.  

Auka mengde avrenning til vasskjeldene

Klimaendringane, overvassproblematikk og flaum fører til auka mengde avrenning til vasskjeldene.

Anlegga for vasshandsaming må derfor kunne møte endra behov for reinsing. Distribusjonssystemet må kunne frakte vatnet trygt fram til kranane, og det må vere ein beredskap som kan redusere konsekvensane av hendingar i vassforsyninga.  

For å vere førebudd på uventa hendingar, må talet på beredskapsøvingar vere på minimum same nivå som i dag.  

Reservevasskjelde og nødvatn må vere tilgjengeleg

Det må vere reservevasskjelde og nødvatn tilgjengeleg for å sikre ei robust vassforsyning for befolkninga.

Her treng vi ei samla og fullstendig oversikt over kommunar som har reservevassforsyning, og vi må få etablert reservevasskjelde der det manglar.  

3.7.3 Leidningsnettet er omfattande og har varierande kvalitet

Det er stort behov for fornying av leidningsnettet for å unngå brot og fjerne feilkoplingar. Dette for å unngå framandvatn på leidningsnettet og unngå lekkasjar ut av leidningsnettet. 

Det er anslått at investeringsbehovet for leidningsnettet for drikkevatn er 81 milliardar kroner og for avløpsleidningar 114 milliardar fram til 2040 (Norsk Vann, 2021).

Investeringsbehovet i Innlandet er totalt berekna til 12,3 milliardar for vassleidningar og 17,4 milliardar for avløpsleidningar. Eit auka oppgraderingsbehov fører til at vatn- og avløpsgebyra er venta å meir enn doble seg fram mot 2040 (Norsk Vann, va-finansiering.no).     

3.7.4 Vi har mange små reinseanlegg i Innlandet

Godt drikkevatn er avhengig at god råvasskvalitet. Utsleppet frå avløpsanlegga må tilføre minst mogeleg forureining til vasskjeldene.

Fleire av dei større reinseanlegga manglar i dag eit ekstra reinsesteg (sekundærreinsing) som vil sikre vassressursane betre. 

Vi har mange små reinseanlegg i Innlandet, og det er eit stort behov for å oppgradere mange av desse.

Du kan lese dei regionale planane for vassforvaltning her.

Utsleppa frå Innlandet går via Mjøsa og vidare via Glomma og påverkar òg miljøtilstanden i Oslofjorden. Tilstanden i Oslofjorden er no so dårleg at ein må tenke på utsleppa frå heile nedbørsfeltet for å betre tilstanden (Miljødirektoratet, 2019).    

3.7.5 Slam som ressurs

Innlandet har mykje jordbruk, noko som gir gode moglegheiter til å utnytta slammet frå avløpsreinsinga som ein ressurs i staden for at dette blir eit avfall.

Slam kan nyttast som gjødsel, men fosfor i avløpsslam kan vere vanskeleg å utnytte på ein god måte. Vi treng nye metodar for å reinse fosfor frå avløpsvatn.

Biologisk fosforreinsing frå Hias IKS (Kjend som Hias-prosessen) er ein metode som kan gi betre gjødsel til bruk i landbruket. Betre nytting av fosfor frå slam gir mindre behov for å bruke kunstgjødsel i landbruket.  

Biletet viser ein vaksen og eit born som sit på ei brygge og ser ut over Mjøsa, Innlandet si største drikkevasskjelde.  - Klikk for stort bildeBrygge ved Mjøsa, Innlandet si største drikkevasskjelde. Sissel Skjervum Bjerkehagen.

Biletet syner arbeid med VA-anlegg. Graving i Brugata på Kongsvinger.  - Klikk for stort bildeArbeid med VA-anlegg. Graving i Brugata på Kongsvinger. Ingrid Rindal Øvsteng/Innlandet fylkeskommune.

3.8 Transport på veg og bane

Infrastrukturen for veg og bane bind Innlandet saman og er viktig for transport og mobilitet i Noreg.

Må sikre god oversikt over tilstanden

Eigarane av infrastruktur må sikre god oversikt over tilstanden på eigen infrastruktur og kritiske punkt på denne. Vidare må vi arbeide systematisk saman for å følge opp dei svakheitene vi har. Infrastrukturen i Innlandet må tilpasse seg eit klima i endring. 

Innlandet bind landet saman med infrastruktur som er viktig for både nasjonal og internasjonal transport. Dette gjeld både veg og bane, gods- og persontransport.

Eit funksjonelt og livskraftig samfunn krev at transportmogelegheitene på vegane i Innlandet, men òg til og frå regionen, er gode og stabile.

Mest trafikk på E6

Innlandet sine fylkesvegar dekker 65 % av veglengda til staten sine riks- og europavegar. God framkomst på vegane i Innlandet er særs viktig, både for fylket vårt og for Noreg.  

Dei viktigaste transportkorridorene på veg er: 

E6, som har mest trafikk etter nord- og sør-korridoren, men òg riksveg 4 er ein viktig korridor i nord-sør-aksen. Riksveg 3 fraktar størst verdiar, og det er beregna at riksveg 3 mellom Elverum og Ulsberg fraktar verdiar for 336 milliardar kroner kvart år (Statens vegvesen, 2023). Det svarar til om lag 20 % av statsbudsjettet. I aust-vest-aksa er følgande europa- og riksvegar viktige forbindelsar, både med omsyn til trafikkmengde og verdiskaping: E16, E136 og riksveg 15. 

Figur 3.14 syner årsdøgntrafikken på vegnettet i Innlandet. Desto tjukkare strek, desto meir trafikk på vegen. Figuren syner at det er E6 som er den vegen som har mest trafikk.  - Klikk for stort bildeFigur 3.14 Årsdøgntrafikk (ÅDT) på vegnettet i Innlandet (Statens vegvesen).

Innlandet har eit omfattande banenett

Innlandet er eit jernbanefylke, med eit omfattande banenett som trafikkerer regiontog, fjerntog og godstog.

Regiontoga (Intercity) knyt saman den regionale bu- og arbeidsmarknaden på Austlandet. Det er om lag tre millionar passasjerar årleg på toga mellom Oslo og Lillehammer.

Skogindustrien er heilt avhengig av å kunne transportere tømmer på jernbane, der nesten tre millionar kbm. med tømmer, eller omlag 1/3 av det totale hogstkvantumet, blir frakta med tog.  

Noreg er eit stort vegfylke

Innlandet fylkeskommune er, etter Staten,  Noreg sin største vegeigar med 6 800 km fylkesveg. I Innlandet er det óg 1 600 km med riksvegar som skal driftast og haldast i stand. I tillegg kjem 2 150 bruer, der 1 230 bruer er på fylkesvegane.  

Halvparten av bruene på fylkesvegane er over 50 år gamle. Forfallet på fylkesvegane er utrekna til å vere mellom fem og seks milliardar kroner (truleg større). Dette er svært alvorleg, og eit trugsmål for både trafikktryggleik, framkomst og samfunnstryggleik.   

Fleire alvorlege hendingar 

Fleire store flaumar, ras og alvorlege ulykker har råka infrastrukturen i Innlandet. Hendingane har synt at store deler av innbyggarane og næringslivet kan bli hardt råka i slike situasjonar. Denne delen av infrastrukturen er kritisk for den nasjonale samfunnstryggleiken.

Staten har dei seinare åra brukt store ressursar på å bygge ut E6 fram til Moelv, E6 i Gudbrandsdalen, E16 i Valdres, rv. 4 på Hadeland og rv. 3 i Østerdalen, i tillegg til Dovrebana mellom Hamar og Eidsvoll. 

Det står framleis att lange strekningar og sårbare punkt med behov for investeringar.

Viktig at staten prioriterer midlar 

Det er viktig at staten hald fram med å prioritere midlar til investering og vedlikehald på hovudinfrastrukturen i Innlandet.

På den måten kan infrastrukturen haldast oppe, og syte moglegheiter for omkøyring og bruk av alternative transportmidlar. Transportsystemet må vere so godt at transporten kan halde fram ved hendingar.  

DSB har utarbeidd eit digitalt kart

DSB har utarbeida eit eige digitalt kart med oversikt over sårbar infrastruktur, transport av farleg gods, vegar som er stengt med bom med meir.

Dette kartet kan vere til stor hjelp i den strategiske og operative planlegginga av samfunnstryggleiken knytt til infrastruktur.  

Figur 3.15 syner total mengde farleg gods på veg i Innlandet i 2012. Desto tjukkare strek, desto større mengde farleg gods. Figuren viser at det er hovudvegane som er størst andel farleg gods. Vi har ikkje tilgang til meir oppdaterte tal.  - Klikk for stort bildeFigur 3.15 Farleg gods på veg (DSB, 2012). Vi har ikkje tilgang til meir oppdaterte tal på dette.

3.8.1 Infrastrukturen er utsett for naturfare og klimaendringar

I dalstroka, der infrastrukturen ligg i dalbotn tett ved dei store elvane, kan flaumepisodar og ras/skred utgjere ein alvorleg trussel for infrastrukturen.

Flaumane i 1995, 2011 og 2013 synte at ikkje berre Innlandet, men òg store deler av resten av landet, blir råka når E6, rv. 3 og Dovrebana blir stengde som følge av flaum og ras/skred.

Investeringar i flaumsikring, god drenering og gode varslingsrutinar, er viktige tiltak for å førebygge skadar og for å sikre at transportårene kan vere opne.  

Når det kjem til dimensjonering av tiltak for å handtere overvatn og flaumvatn på ein måte som ikkje gjer at transportinfrastrukturen blir skadelidande, må dette ivaretakast gjennom ei kunnskapsbasert arealplanlegging.   

Styrtregn kan gje skade på infrastruktur 

Vi har i tillegg fleire døme på at styrtregn og flaum i sideelver og bekkar oppstraums riksvegar og jernbane i Innlandet, kan gje skader og brot på nasjonal infrastruktur i Innlandet.

Det er derfor viktig at flaumsikringstiltak følger elvestrengane heile vegen oppover dalsidene for å sikre at flaumvatn ikkje gjer skade på infrastrukturen. For å lykkast i dette arbeidet må kommunane, grunneigarar, fylkeskommunen og nasjonale styresmakter samarbeide om tiltaka.

Metode for visualisering av linjer for drenering og forseinking

Som eit tiltak til planprogrammet for Regional plan for Gudbrandsdalslågen med sidevassdrag vart det utarbeida ein metode for å visualisere mogelege linjer for drenering og forseinkingar i terrenget.

Dette er basert på høgdedata frå Nasjonal detaljert høgdemodell og opplysningar om kritiske punkt (bekkelukkingar, kulvertar, stikkrenner med meir).

Metoden er nytta av Kartverket til å lage ferdige kartlag for alle kommunane i Innlandet, og blir oppdatert når det føreligg nye grunnlagsdata.

Datasetta er visualisert i kartløysinga InnlandsGIS, og distribuert til kommunane. 

Figur 3.16 syner dreneringslinjer. Døme frå Ringebu kommune. Raud farge indikerer vatn ved stengde stikkrenner. Blå farge indikerer vatn ved åpne stikkrenner. Kartet viser eit komplekst situasjonbilete.  - Klikk for stort bildeFigur 3.16 Dreneringslinjer. Døme frå Ringebu kommune. Raud farge indikerer vatn ved stengde stikkrenner. Blå farge indikerer vatn ved åpne stikkrenner. InnlandsGIS

Scenarioet svikt i transportevna

I FylkesROS har scenarioet "Svikt i transportevna" som følge av flaum blitt vurdert til å ha høgt sannsyn, mens samla konsekvens er vurdert som middels. Det er forventa at klimaendringar forsterkar negativ effekt av konsekvensar. 

Flaum og jord/flaumskred

Som ein del av kunnskapsgrunnlaget for Regional plan for miljø, klima og energi i Innlandet, er det utført ei analyse over kor mange dekar av transportareala som er utsett for naturfare.

Figur 3.17 syner at Kongsvinger og Sør-Østerdal har ganske høg andel med transportareal som er utsett for flaum, medan Gudbrandsdalen og Valdres har ein del transportareal som både er utsett for flaum og jord/flaumskred (Rambøll, 2022).  

Figurn 3.17 syner transportareal etter region og naturfare. Kongsvinger og Sør-Østerdal har ganske høg andel transportareal utsett for flaum. Gudbrandsdalen og Valdres har ein del transportareal som er utsett for både flaum og jord- og flaumskred.  - Klikk for stort bildeFigur 3.17 Transportareal etter region og naturfare (SSB og NVE).

Omkøyring

Manglande mogelegheiter for omkøyring ved stenging av europa- eller riksvegane, kan vere kritisk for liv og helse i lokalsamfunna. Dette kan òg gie store ulemper og kostnader for næringstransporten som ofte må køyre lange omvegar for å kome fram.

1 948 km av vegnettet i Innlandet er definert som lokal omkøyringsrute for riksveg. Dette er for det meste fylkesvegar som i liten grad er dimensjonert for å handtere til dels omfattande omkøyringar for riksvegtrafikken.

Innlandet har mange gamle bruer på fylkesvegnettet 

Innlandet har mange gamle bruer, med stort behov for vedlikehald og fornying. Desse bruene representerer ein samfunnskritisk del av infrastrukturen.

Det er viktig å følge utviklinga av tilstanden nøye, og følge opp med nødvendige tiltak slik at ikkje samfunnet blir råka.

Brukollapsen på Tretten i august 2022, skjedde på ei bru som berre var ti år gamal. Uavhengig av orsak, syner denne alvorlege ulykka kor sårbart samfunnet vårt er. Berre tilfeldige omstende gjorde at menneskeliv ikkje gjekk tapt.   

Kollaps Tretten bru, 15. august 2022. Foto: Statens vegvesen.  - Klikk for stort bilde Kollaps Tretten bru, 15. august 2022. Erik Rebne Larsstuen/Statens vegvesen

 

Modulvogntog gir oss mogelegheiter, men òg utfordringar 

Ei utvikling med stadig meir gods som blir transportert på veg, krav om auka totalvekt og lengre køyretøy (modulvogntog skal maksimalt vere 25,25 meter og ha ei totalvekt på maksimalt 60 tonn) gir nye mogelegheiter for næringslivet i Innlandet. Men, dette er òg ei stor utfordring for mange av fylkesvegane, som i liten grad er tilpassa denne utviklinga.

Per november 2022 er om lag 1 500 km fylkesvegnettet opna for modulvogntog.

Det trengs derfor meir midlar til utbetring og forsterking av både vegar og bruar og for å møte denne utviklinga.  

3.8.2 Vidare utbygging av infrastruktur er viktig

Innlandet har mange kilometer med nasjonal veg og jernbane som er knytt saman. Ein skulle tru at moglegheitene for omkøyringsvegar og alternative transportmiddel for nasjonal og gjennomgåande transport ved hendingar er ganske god, sjølv om det ofte vil føre til lengre omkøyringar. 

Liten grad dimensjonert for større køyretøy

Sidan fylkesvegnettet i liten grad er dimensjonert for å takle større køyretøy og mykje trafikk over lengre tid, fører dette til at moglegheitene for omkjøyring ikkje er tilfredsstillande. 

Vedlikehaldsbehovet på fylkesvegane våre er som nemnd svært stort. Med mindre dei økonomiske rammene aukar vesentleg, vil midlane fylkeskommunen rår over bli prioritert inn mot vedlikehald og mindre utbetring framfor nybygging.  

Vidare utbygging av riksvegar vil vere dimensjonert for 200-årsflaum

Vidare utbygging av riksvegar vil gi tryggare og betre vegar, som vil vere dimensjonert for 200-årsflaum.

I samband med utbygginga av riksvegane, er det mogeleg å få rusta opp parallelle fylkesvegar som skal fungere som omkøyring- og beredskapsvegar. Dette gjer  vegsystemet i Innlandet meir robust til å takle hendingar.

3.8.3 Meir godstransport på bane

Det har gjennom fleire år vore eit mål å få meir av godstransporten over frå veg til bane. Ved sida av stor miljøgevinst i form av mindre CO2-utslepp, mindre støy og støv og færre ulykker, kan dette gi auka motstandskraft mot uønskte hendingar innan varetransport.

Motstandskrafta ligg i ein større fleksibilitet når gjeld å nytte transportsystemet med veg og bane. 

Ein vidare opprusting og fornying av jernbaneinfrastrukturen vil gi moglegheiter for meir overføring av gods frå veg til bane, men òg auka persontransport. Dette vil gjere transportsystemet meir robust. 

For å auke motstandskrafta er det viktig at det blir lagt til rette for investeringar i både bane- og terminalinfrastruktur, i tillegg til tilrettelegging av areal. 

Innlandet vil auke investeringane på jernbane

Riksrevisjonen konkluderer med at:

«Undersøkelsen viser at manglende satsing på godstransport på sjø og jernbane er en viktig årsak til at målet om godsoverføring ikke er nådd».

Innlandet vil arbeide for å auke investeringane på jernbane med mål om eit meir robust transportsystem. Dette må blant anna skje gjennom Nasjonal Transportplan (NTP) og dialog og samarbeid med gods- og logistikkbransjen. 

Biletet syner øydelagt vegbane grunna flaum på fylkesveg 55 i Lom kommune.  - Klikk for stort bildeFlaumskader på fylkesveg 55, Lom kommune. Statens vegvesen

3.9 Reiseliv og deltidsinnbyggarar

Innlandet er eit reiselivsfylke og vi må arbeide saman for å sikre god samfunnstryggleik og beredskap på destinasjonane våre og i områder med fritidsbustader.

Planlegging, kunnskap og system for varsling er sentrale element i dette. 

3.9.1 Innlandet har flest hytter i landet og er eit viktig reiselivsfylke

Innlandet er Noreg sitt største hyttefylke i tillegg til å ha et stort innslag av anna reiseliv. Innlandet hadde om lag fire millionar kommersielle gjestedøgn i 2019.

Vi reknar òg med at fylket hadde om lag tolv millionar overnattingar fordelt på over 90 000 fritidsbustadar.

Verdiskapinga for reiselivet totalt er berekna til omlag fem milliardar kroner (Innlandet fylkeskommune, 2019).  

Fleire store reselivsdestinasjonar

Det er fleire store reiselivsdestinasjonar i Innlandet, til dømes Hafjell/Kvitfjell, Sjusjøen, Trysil og Beitostølen. Det er vidare mange små, mellomstore og store hytteområde rundt om i fylket.

Innlandet har mange nasjonalparkar og fjellområde med høg besøksintensitet. Ringsaker er den kommunen som har flest hytter, medan Valdres er den regionen med flest fritidsbustader.

Bruken har gått opp

Bruken av fritidsbustaden har gått opp dei seinare åra. Prognosesenteret anslår at tal dagar vi var på hytta auka frå omlag 50 i 2019 til 59 dagar i 2020 (Prognosesenteret, 2021).

Utover hausten 2022 har vi registrert noko usikkerheit knytt til om dette vil halde seg stabilt eller gå ned, grunna auka straumkostnader.  Vi veit ikkje korleis dette utviklar seg vidare, men blir nedgangen stor, kan det få konsekvensar for lokalt næringsliv.

Figur 3.18 er eit kart som syner forholdet mellom tal bustadbygg og fritidsbygg i kommunane i Innlandet. Desto mørkare farge, desto fleire  fritidsbygg per bustadbygg. Valdres er den regionen med flest fritidsbygg i forhold til bustadbygg. - Klikk for stort bildeFigur 3.18 Forhold mellom bustadbygg og fritidsbygg i kommunane i Innlandet (Innlandet fylkeskommune).

3.9.2 Det kan bli meir krevjande å tilby tenester og tryggleik til deltidsinnbyggarane

Deltidsinnbyggarane (hytteeigarar som ikkje er folkeresigrert i fylket) og reiselivet har stor betydning for næringsliv og verdiskaping i Innlandet, men gir samstundes utfordringar.

Mange innlandskommunar har nedgang i innbyggartalet, medan talet på personar som i periodar oppheld seg i kommunane, aukar. Dette gjer at dimensjonering og finansiering av tenester blir krevjande for kommunane (Grüfeld, Leo et.al., 2018).

Geografisk spreiing kan vere utfordrande

Geografisk spreiing fører òg til utfordringar for kommunane si evne til å ivareta tenester og pliktar dei har. Døme på dette er når det skjer hendingar ved fjerntliggande overnattingsverksemder.

Dette fører til at kommunane må planlegge for auka beredskap i periodar med mange besøkande.

Auka press på ressursane

Trysil er døme på ein kommune som har auka bemanninga ved legekontoret på grunn av mange besøkande.

Hyttekommunane i Innlandet vil mest sannsynleg oppleve auka press på ressursane for pleie- og omsorgstenester, både når det gjeld  sysselsettingsbehovet og kommunal økonomi. Mange kommunar i Innlandet slit med rekruttering til pleie- og omsorgsyrka.  

Innlandet har mange små og store arrangement

Innlandet har lang tradisjon for gjennomføring av arrangement, og er ein av landet sine sterkaste arrangementsregionar.

Det er eit stort mangfald av små og store idretts- og kulturarrangement gjennom heile året i heile fylket.

Arrangementa medfører store publikumsmengder der det offentlege, private og frivillige saman er ansvarlege for tryggleiken. Ved ulykker eller terrorangrep vil fleire tusen publikum på små område, kunne gi store utfordringar for ei trygg handtering.

Scenarioet i FylkesROS "'Terror ved arrangement", er «worst case» i eit nasjonalt perspektiv og vurdert til låg risiko.  

Informasjon og varsling til besøkande

Det er behov for gode system for informasjon og varsling til besøkande og deltidsinnbyggar. Det er per i dag ulike system for dette. Innlandet vil bidra til at eit felles nasjonalt, velfungerande system vert utvikla.

Eit nytt nasjonalt varslingssystem vart lansert rundt årsskiftet 2022/2023.

3.9.3 Innlandet har viktige kompetansemiljø

Det finns fleire solide fagmiljø innan reiseliv i Innlandet. Til dømes er Senter for reiselivsforskning etablert av Høgskolen i Innlandet, Østlandsforskning og Norsk institutt for naturforskning (NINA), med mål om å styrke den reiselivsrelaterte forskinga.

Behov for meir kunnskap

Det er behov for meir kunnskap om korleis fritidsbustadene og deltidsinnbyggarane påverkar beredskapssituasjonen i Innlandet.

Forskings- og kunnskapsmiljøa bør vidareutviklast og samarbeidet mellom akademia, offentleg forvaltning og næringsliv bør styrkast. 

Sterkt fagmiljø knytt til fjellredning

Innlandet har òg eit sterkt fagmiljø knytt til fjellredning, med blant anna etableringa av fjellredningssenteret i Lom. Dette miljøet bør vidareutviklast og styrkast.

Du kan lese meier om Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning her.  

Samfunnstryggleik i planlegging, samarbeid på tvers av kommunar og regionar 

Kommunane og regionane i Innlandet sit, som vertar for eit høgt tal fritidsbustader og destinasjonar, på verdifull kompetanse og erfaring.

Ei utveksling av erfaringar med mål om å auke kompetanse og bevisstheit rundt mogelegheitene og utfordringane bør bli vidareutvikla.

Kompetanseutvikling i planlegging, samarbeid kring rekruttering til helsetenesta og frivillige organisasjonar er noko av det vi i Innlandet kan samarbeide meir om.  

Ny rettleiar om planlegging av fritidsbustader

Det er nyleg publisert ein ny rettleiar om planlegging av fritidsbustader frå Kommunal- og distriktsdepartementet (september, 2022). Denne har eit eige kapittel om samfunnstryggleik, naturfare og klimatilpassing.

Rettleiaren frå Kommunal- og distrikstdepartementet om planlegging av fritidsbustader kan du lese her

Biletet viser eit av mange hytteområder i Innlandet. Her frå Hafjell i Øyer.  - Klikk for stort bildeInnlandet har mange store hytteområder. Her frå Hafjell i Øyer. Leila Øvreseth

3.10 Forsvaret og sivilt-militært samarbeid

Innlandet er eit forsvarsfylke med mykje kompetanse i både sivil og militær sektor. Eit viktig arbeid framover er å styrke samarbeidet mellom det sivile samfunn og forsvaret i øvingar, beredskapsplanlegging og ved handtering av større hendingar. 

3.10.1 Innlandet er eit forsvarsfylke

Innlandet er, og vil vere, eit viktig forsvarsfylke. Dette er blant anna synleg ved at Rena leir er Hærens hovudbase i Sør-Noreg, jf. Forsvaret sin eigen omtale av sine tenestestader.

Vidare har Forsvaret aktivitet i Østerdal garnison (Rena og Terningmoen, Elverum), Jørstadmoen (Lillehammer), Dombås og Hamar. Desse lokasjonane huser ei rekke greiner og kompetansemiljø.  

Heimevernet HV05 

Heimevernet (HV) er ein nasjonal beredskaps- og innsatsstyrke fordelt på 11 HV-distrikt. Distrikta har det territoriale ansvaret for å trygge viktige militære og sivile installasjonar.

Opplandske Heimevernsdistrikt 05, har territorialt militært ansvar over Innlandet fylke, og gjeld alle 46 kommunane. Distriktet har sentrale forsvars- og samfunnsfunksjonar lokalisert i heile sitt ansvarsområde.

I tillegg har HV-05 ei 350 kilometer lang grense mot Sverige. Hovudsetet i distriktet med lokalisering av distriktssjef, er på Terningmoen Elverum og dei yter innsats i heile krisespekteret.  

Endring i det globale trusselbiletet 

Etter at planprogrammet vart vedteke i 2021, har vi sett endringar i det globale trusselbiletet. Krig i Europa, energikrise og auka skilnader i vestlege samfunn er nokre døme.

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) sin rapport frå 2019, «Globale trender mot 2040 – et oppdatert fremtidsbilde», skildrar den framtidige utviklinga innan fem ulike dimensjonar av trendar.

Dette er ein omfattende rapport, og frå samandraget viser vi til følgande:   

«Dagens trusselbilde fremstår som mer usikkert enn for bare noen få år siden. Selv om verden har blitt fredeligere de siste tiårene, har antallet konflikter økt siden 2012. Fremtidsbildet som skisseres i dagens studier er generelt pessimistisk, i alle fall på kort sikt.» 

Sjå òg del 1, kapittel 1.2.2 for omtale av pågåande nasjonale utgreiingar. I pressemelding frå 2. mai 2023 la Regjeringa fram ein plan for korleis dei skal auke forsvarsbudsjettet fram til 2026 og slik nå NATO-målet om 2 % (regjeringen.no). 

3.10.2 Samarbeid mellom Forsvaret og det sivile samfunn i Innlandet

Handtering av uønskte hendingar og kriser skjer i tråd med beredskapsprinsippa (sjå del 2, kapittel 2.2).

Avhengig av omfang, kan det vere behov for å samarbeide med felles ressursar. Ved til dømes naturhendingar og store ulykker (lågare krisespekter), ser vi ofte at militæret yter bistand til det sivile samfunnet.

Kvikkleirskredet på Gjerdrum 

I det tragiske kvikkleireskredet på Gjerdrum, samarbeidde ei rekke aktørar i fleire fasar, til dømes frivillige, Forsvaret og politiet. I rapporten frå skredet (Hovedredningssentralen, 2021) kan ein lese om korleis det sivil-militære samarbeidet fungerte i ein redningsaksjon.

Det blir trekt fram personellressursar, køyretøy, spesialkompetanse og luftressursar. Forsvaret var ein vesentleg bidragsytar, og dei bidrog med fleire kapasitetar som var lite kjend i redningstenesta. Dette var til dømes 3D-kartproduksjon, eining for luftkoordinering og bruleggar.  

Pandemien

Ei anna krise der det nyleg vart samarbeida godt, var pandemien. I Innlandet bidrog Forsvaret med til dømes personell og kompetanse til vaksinering.

Heimevernet bidrog over lang tid med vakthald på riksgrensa, i tett samarbeid med politiet og tollvesenet.  

Bistandsanmodinga

For å få til slike samarbeid, har vi Bistandsanmodinga, jf. Forsvarsloven §60 a. Denne skildrar vilkåra som må ligge til grunn. Det er Forsvaret sitt operative hovudkvarter (FOH) som handterer slike anmodingar. Anmodinga kan kome både frå politiet direkte eller frå andre beredskapsaktørar via Statsforvaltaren. Til dømes må ei andmoding frå ein kommune først bli handsama av Statsforvalteren. 

Ved eventuelt behov for bistand frå Forsvaret sine ressursar i vår region, må vurderinga gjerast etter nemnde paragraf.   

Tryggleikspolitisk krise og væpna konflikt

Beveger vi oss høgt i krisespekteret, mot til dømes tryggleikspolitisk krise og væpna konflikt, vil behovet for støtte snu, slik at det sivile samfunnet må understøtte det militære. Handtering og forpleining av større menneskemengde på flukt, enten frå eige land eller frå andre, vil òg vere noko sivilsamfunnet må handtere i tråd med NATO sine krav til medlemslanda. 

Slik støtte kan finne stad på ulike måtar. Dette ligg utanfor denne planen sine tema. Dersom du vil lese meir om dette, kan du lese rapporten "Støtte og samarbeid, en beskrivelse av totalforsvaret i dag" (Forsvarsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, 2018).   

Sivil transportberedskap

Sivil transportberedskap er eit viktig bidrag frå det sivile samfunnet til det militære. Forskrift om sivil transportberedskap pålegg fylkeskommunane oppgåver knytt til dette. 

Denne gjeld i heile krisespekteret. For Innlandet er dette ei betydeleg oppgåve, all den tid fylkeskommunen er Noreg sin største vegeigar etter staten.

Øvingar

Noreg og Innlandet har dei seinare åra øvd på samarbeidet mellom det sivile samfunnet og det militæret.

Trident Juncture 2018 og Cold Response 2022 er gode døme på samarbeid mellom Forsvaret og ulike infrastruktureigarar i praksis. Felles øvingar blir òg svært viktig i tida framover. 

3.10.3 Vi bør vidareføre og auke samarbeidet i Innlandet

Nasjonalt nivå nemner mange mogelegheiter for å auke merksemda på totalforsvaret. Dette er blant anna omtala i Meld. St. 10 (2021-2022), Prioriterte endringar, status og tiltak i forsvarssektoren.  

Øvingar og erfaring frå hendingar har synt oss at vi må fokusere på samarbeid framover. Beredskapsaktørane må involvere kvarande i råd og prosessar, øvingar og reelle hendingar.

Eit slikt gjensidig samarbeid, inneber at vi hjelper kvarande i heile krisespekteret.  

Tett samarbeid

Det er mykje kompetanse i både sivil og militær sektor i Innlandet. Det er derfor naturleg at det er eit tett samarbeid. Til dømes inngjekk Høgskulen i Innlandet (HINN) og Heimevernet ei intensjonsavtale hausten 2021.

Avtala er grunna i at begge partar ser eit potensial for meir samhandling.

Dele informasjon  

Vi må til dømes dele informasjon om konsekvensar ved svikt i infrastruktur, slik at aktørane kan førebu seg på ein hensiktsmessig måte og dimensjonere seg deretter.

Eit tettare samarbeid mellom HV05 og kommunane er å anbefale. Vidare bør ein å sjå på potensialet for å auke samarbeidet mellom Forsvaret og den sivile helsetenesta i handtering av større hendingar. 

Rapportane frå Totalberedskaps- og Forsvarskommisjonen kan føre til at vi må ta stilling andre tiltak i Innlandet. Forsvarskommisjonen la fram rapporten sin 3. mai 2023 (NOU 2023:14, Forsvarskomisjonen av 2012 – Forsvar for fred og frihet). Les rapporten frå Forsvarskommisjonen her. Rapporten frå Totalberedskapskommisjonen er venta i juni 2023.

Biletet syner aktørane i Totalforsvaret på øving i 2018. - Klikk for stort bildeAktørane i Totalforsvaret på øving. Statsforvaltaren/Ivar Ødegaard.

Biletet syner samtale mellom Politiet og soldat frå HV05. - Klikk for stort bildeSamarbeid mellom det sivile og det militære. Politiet og HV05. Grensevakt under pandemien. Heimevernet/Tore Ellingsen.

3.11 Meir informasjon om den einskilde kommune

Den einskilde kommune kan finne meir informasjon om eigen kommune i kartapplikasjonen som følger planen. Her finn ein til dømes oversikt over naturfare. Vidare vil heimesidene til Statistisk sentralbyrå og Statsforvaltaren sine kommunebilete gi meir detaljert informasjon om kvar kommune.

Innlandsstatistikk er ei kunnskapsside i utvikling. Her finn ein mykje informasjon og data om Innlandet.