Regional plan for samfunnstryggleik
Del 2 Kva er samfunnstryggleik og beredskap?
I denne delen finn du ein introduksjon til fagområdet, omtale av nasjonale prinsipp for arbeid med samfunnstryggleik og ei omtale av aktørane med ansvar og roller.
2.1 Heilskapeleg og systematisk arbeid med samfunnstryggleik
Noreg er eit velorganisert land og samfunn. Samfunnstryggleik blir ivareteke i mange ledd, på tvers av organisasjonar og forvaltningsnivå. Sektoransvaret er gjeldande og står sterkt.
Det er få alvorlege hendingar som berre har konsekvensar i ein sektor. Samarbeid, samhandling, informasjon og kommunikasjon på tvers er avgjerande for å ivareta samfunnstryggleiken. Tillit mellom aktørane og til myndigheitene er nødvendig.
Tillit skapes ikke av enkeltpersoner, politikere eller institusjoner alene. Det skapes av oss alle – i fellesskap.
HKH Prinsesse Ingrid Aleksandra, juni 2022.
2.2 Arbeidet med samfunnstryggleik må bli sett som ei kjede
Samfunnstryggleik i ei usikker verd (Stortingsmelding 5, 2020-2021), skildrar arbeidet med samfunnstryggleik som ei kjede:
Det handlar om å sette i verk tiltak for å redusere mogelegheitene for at uønskte hendingar skal skje og/eller redusere konsekvensane av ei mogeleg hending.
Det handlar om å planlegge og førebu tiltak som styrkar evna til å handtere uønskte hendingar, med føremål om at skadeomfanget skal bli minst mogeleg. Øvingar gir kunnskap om eigne ferdigheiter, prosedyrar, ressursar og korleis andre aktørar arbeider.
Det handlar om å omsette beredskapen til innsats og samvirke. Tida er ofte kritisk. God handtering føreset at dei som skal handtere krisa har tilstrekkelege og nødvendige ressursar og fullmakter. Samarbeid mellom aktørar er særleg viktig ved komplekse hendingar.
Det handlar om evna til å gjere tapte funksjonar verksame att etter ei hending. Det vil seie å gjenopprette ein normalsituasjon. Høg gjenopprettingskapasitet bidreg til å auke samfunnet sin motstandskraft og toleevne.
Læring etter øvingar og hendingar er viktig for å betre evna til å handtere framtidige hendingar. Det er sett krav til oppfølging av funn frå hendingar og øvingar innan området i sivil sektor i statleg forvaltning.
Statsforvaltaren evaluerer større regionale hendingar og kan òg bistå med å evaluere mindre hendingar i kommunane.
I alle ledd av kjeda er kunnskapsoppbygging og tilpassing til endringar, i risiko- og sårbarheitsbiletet ein integrert del av arbeidet.
Figur 2.1 Arbeid med samfunnstryggleik som ei kjede (Meld. St. 5, 2020-2021). Denne planen har eit førebyggande perspektiv og omhandlar førebygging, læring og kunnskap.
Prinsipp for arbeidet med samfunnstryggleik i Noreg
Det er fire grunnleggande prinsipp for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Desse prinsippa gjeld òg for risiko- og krisekommunikasjon (krise er ei hending som har eit potensial til å true viktige verdiar og svekke ei verksemd si evne til å utføre sin samfunnsfunksjon (NOU 2000: Eit sårbart samfunn).
Krisespekteret inneheld uønska hendingar frå ein fredssituasjon, via tryggleikspolitisk krise til væpna konflikt.
Ein organisasjon som har ansvar for eit fagområde i ein normalsituasjon, har òg ansvaret for nødvendige beredskapsførebuingar og for å handtere ekstraordinære hendingar innan same området. Styresmakta som har ansvar for krisehandteringa, har òg ansvar for krisekommunikasjonen.
Den organisasjon ein opererer med under kriser skal i utgangspunktet vere mest mogeleg lik den organisasjonen ein har til dagleg.
Kriser skal organisatorisk handterast på lågast mogelege nivå.
Styresmakter, verksemder og etatar har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit best mogeleg samarbeid med relevante aktørar og verksemder. Dette gjeld i arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering.
(Kjelde: dsb.no)
2.3 Samfunnet sine kritiske funksjonar
Funksjonar som er nødvendige for å ivareta befolkninga og samfunnet sine grunnleggande behov, som mat, vatn, varme og tryggleik, blir definert som samfunnet sine kritiske funksjonar.
14 tenester er definert som kritiske
I rapporten til DSB «Samfunnets kritiske funksjoner» frå 2016 finn vi 14 tenester som befolkning og samfunnet sine grunnleggande behov er avhengig av. Dette er til dømes betalingsløysingar, straumforsyning, tilgang på mat og drikkevatn, EKOM og varslingssystem.
Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) peikar i den årlege risikovurderinga si, på samfunnet sin auka avhengigheit og sårbarheit i forsyningssystem. Dette gjer at verdien av desse funksjonane veks parallelt.
I ein mangelsituasjon, enten feilretting eller manglande innsatsfaktorar, vil ein prioritere tilgang og ressursar på bakgrunn av samfunnsfunksjon. Det er difor viktig å ha kartlagt eigne funksjonar og kva desse er avhengige av. Desse funksjonane blir definert som samfunnskritiske (KIKS) og blir lagt til grunn for risikovurderingar og planlegging av beredskapsressursane.
Samfunnskritisk personell
Personell som arbeidar innan samfunnskritiske funksjonar eller infrastrukturar bør sikre at dei samstundes ikkje er planlagde inn i andre tenester, som til dømes Heimevern eller frivillige ressursar som Røde kors eller Norsk folkehjelp.
Funksjonane blir delt inn i tre ulike kategoriar: styringsevne og suverenitet, befolkninga sin tryggleik og samfunnet sin funksjonalitet. Det pågår per 2023 arbeid med revidering av funksjonane i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Figur 2.2 Samfunnet sine kritiske funksjonar (DSB, 2017)
Behova til befolkninga og samfunnet inneber vern om tryggleiken til befolkninga.
Styringsevne og suverenitet inneber territoriell og styringsmessig integritet. Oppretthalde styringsaktivitetar og evne til å møte ekstraordinære situasjonar.
Tryggleiken til befolkninga omhandlar vern mot død, fysisk skade eller sjukdom, tap av demokratiske rettar og personleg integritet, tap av eller skade på livsmiljøet, eigedom eller materielle verdiar.
Funksjonaliteten til samfunnet handlar om kontinuitet i forsyningar og infrastruktur-baserte tenester.
Du kan lese meir om samfunnet sine kritiske funksjonar her.
FylkesROS (2022-2026)
2.4 Totalforsvaret
Totalforsvaret er ei felles nemning for det militære forsvaret og den sivile beredskapen i Noreg. Begrepet inneber gjensidig støtte og samarbeid mellom sivil og militær side for å førebygge, planlegge for, og handtere kriser i fred, tryggleikspolitiske kriser, væpna konflikt og krig.
Ansvarsfordeling
Vi har ei arbeidsdeling med solide, både politiske og konstitusjonelle røter, for kva som er sivilt og militært ansvar i Noreg:
- Regjeringa har det øvste ansvaret for å ivareta samfunnstryggleiken og statstryggleiken.
- Sivile myndigheiter og aktører har ansvaret for å ivareta samfunnstryggleiken.
- Forsvaret har som primæroppgave å hevde Norge sin suverenitet og norske suverene rettar, i tillegg til å forsvare landet mot ytre angrep som innebær å ivareta statstryggleiken.
Gjensidig støtte
Sivil og militær beredskap og krisehandtering er gjensidig avhengig av kvarandre, og eit kontinuerleg samarbeid er nødvendig. Sivilt-militært samarbeid er òg viktig for å utnytte samfunnet sine samla ressursar best mogeleg og slik bidra til ein god samfunnsøkonomi.
Som medlem i NATO er Noreg pålagt å dekke sju grunnleggande føresetnader for sivil beredskap. Desse ligg til grunn for vidare planlegging og dimensjonering, mellom anna handtering ved massetilstrøyming av personar på flukt og evne til å handtere situasjonar med masseskadde. Dette må bli sett i samanheng med eksisterande system og lovverk, til dømes mottak og busetting av flyktningar frå Ukraina i 2022/23 der ei rekke krav vart tilpassa situasjonen.
Meir informasjon finn du på NATO sine sider.
Du kan lese meir om totalforsvaret i rapporten Støtte og samarbeid, en beskrivelse av totalforsvaret i dag (Forsvarsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, 2018).
To nasjonale utgreiingar som omhandlar dette området er omtala i kapittel 1.2.2.
2.5 Kven har ansvaret for kva? Aktørskildring
Kommunane har eit grunnleggande ansvar for å ta vare på befolkninga sin tryggleik, i tillegg til å bidra til at samfunnskritiske funksjonar kan halde fram. Dette gjeld uavhengig om du bur der, er på besøk eller oppheld deg i eit mottak.
Målet er å bygge trygge og robuste lokalsamfunn gjennom samarbeid mellom offentlege, private og frivillige aktørar. Kommunane har ei lovpålagt beredskapsplikt og er planmyndigheit etter plan- og bygningslova.
Som planmyndigheit har kommunen eit særskilt ansvar for å sikre at tiltak og planar fremmar tryggleik og gir eit sikrare samfunn. Døme på dette er handtering av overvatn og avstand mellom storulykke-verksemder i arealplanlegging og tilpassing til endra risiko gjennom generell samfunnsplanlegging.
Du kan lese meir om kommunane si beredskapsplikt i rettleiaren frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
Statsforvaltaren har oversikt over, og samordnar sentrale myndigheiter sine krav til, og føringar for kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Dette inkluderer krisehandtering, der Statsforvaltaren sikrar samordning av beredskapsplanar og koordinert handtering. Statsforvaltaren er ansvarleg for Fylkesberedskapsrådet (FBR).
Les meir om Fylkesberedskapsrådet i Innlandet.
Statsforvaltaren skal òg ha oversikt over risiko og sårbarheita ved å utarbeide ei samla risiko- og sårbarheitsanalyse for heile fylket (FylkesROS). FylkesROS skal ha ei ein tiltaksplan.
Infrastruktureigarane har eit sjølvstendig ansvar for eigen infrastruktur. Dette gjeld til dømes Bane Nor for jernbanenettet, Statens vegvesen for riks- og europavegar, kommunane for vatn- og avlaupsnettet, fylkeskommunen for fylkesvegane, breibandleverandørar for fast breibandinfrastruktur og mobiloperatørane for basestasjonane sine. Kulturarven er òg viktig å sikre mot uønskte hendingar.
Mange av desse er funksjonar som samfunnet er avhengig av for å fungere, og er nærare forklart i DSB si rapport om kritisk infrastruktur og kritiske samfunnsfunksjonar frå 2016.
Ansvaret gjeld heile kjeda for samfunnstryggleik.
I tillegg til å eige infrastruktur og vere tenesteytar, har fylkeskommunen òg ansvaret for å sikre og legge til rette for ein nødvendig og regional tilpassa sivil transportberedskap i fylket. Fylkeskommunen har òg eit regionalt oppdrag ved busetting og integrering av menneske på flukt.
Fylkeskommunen har òg ei viktig koordineringsrolle og skal bidra med rettleiing inn i samfunnsutviklingsarbeidet til kommunane.
Du kan lese meir om dette i Forskrift for sivil transportberedskap.
Frivillige organisasjonar er svært viktige i beredskapsarbeidet i Innlandet, både i eit førebyggande og eit operativt perspektiv. Aktørar som Røde Kors, Norsk folkehjelp, Alpin redningsgruppe, Kirkens SOS og mange fleire bidreg med avgjerande kunnskap og ressursar.
I februar 2022 var det registrert totalt 9 457 frivillige lag og foreiningar i Innlandet (frivillighetnorge.no). Røde Kors har til dømes i overkant av 3 500 frivillige fordelt på kommunane i Innlandet, medan Norsk folkehjelp har 11 lokallag i Innlandet.
Dersom ein eller fleire hendingar rammar oss, kan det vere mange som treng hjelp samstundes. Det er derfor viktig at vi, i størst mogeleg grad, er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss.
Kvar og ein av oss er òg ansvarleg for å nytte gode passord og ikkje spreie feilinformasjon, til dømes på internett. Samstundes vil vi ved å vere godt rusta sjølve, kunne bistå andre i ulike situasjonar. Dette gjeld både mellom oss som einskildpersonar og mellom organisasjonar og geografiske einingar. På den måten er kvar og ein av oss ein viktig del av Innlandet og Noreg sin beredskap.
Lokalsamfunnet har ei lang historie med å støtte kvarandre. Når ei hending skjer, kan det like gjerne vere naboen som hjelper deg. Det er difor viktig at vi støtter kvarandre (ei form for kameratredning) framfor å rekne med at det kjem profesjonelle aktørar med ein gong. Dette må ein vurdere opp mot hjelpebehov og eigen tryggleik.
Dette bør du ha heime
Vi kan førebu oss ved å ha mat og utstyr, i tillegg til å tenke over kva vi gjer om noko skulle skje. Til dømes å tenke gjennom kva vi gjer om straumen blir borte over ei lengre periode, korleis vi skal tilkalle snarleg hjelp om telefon og elektronisk kommunikasjon er borte. Og, at vi er kjend med oppmøtestad i eigen kommune.
DSB har utarbeida eit materiale for rettleiing og gode råd til korleis vi kan bygge opp vår eigen beredskap og bidra til ein sikker kvardag i eigen heim.
- 9 liter vatn per person
- to pakkar knekkebrød per person
- ei pakke havregryn per person
- tre boksar hermetikk eller 3 posar tørrmat per person
- tre boksar med pålegg med lang haldbarheit per person
- nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks eller sjokolade
- medisinar du er avhengig av
- ved, gass eller parafin til oppvarming
- grill eller kokeapparat som går på gass
- stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe
- fyrstikkar eller lighter
- varme klede, pledd og sovepose
- førstehjelpspakke
- batteridreven DAB-radio
- batteri, lada batteribank og mobilladar til bilen
- våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
- tørke- /toalettpapir
- sanitetsprodukt
- litt kontantar
- ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging
- jodtablettar ved atomhendingar, viss du er under 40 år, gravid, ammande eller har barn som bur heime.
Desse råda finn du på sikkerhverdag.no.
Du kan òg få rettleiing ved å ta kontakt med eigen kommune.
Bilete 2.1 Dette bør du ha heime.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Eigenberedskapsveka
Eigenberedskapsveka arrangerast kvart år. Målet er å auke bevisstheita og kompetansen i befolkninga. Dersom du arbeider i ein kommune eller ein organisasjon og ønsker å delta i dette arbeidet, finn du relevant informasjon og materiale på DSB sine eigne nettsider.
Varierande kunnskap om eigen beredskap
Undersøkingar Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har gjort, viser at vi i ulik grad er opptatt av eigenberedskapen: dei som bur på mindre stader har høgare bevisstheit, enn dei som bur i by.
Kvinner er meir bekymra enn menn og unge vaksne er mindre førebudd enn eldre generasjonar (Aftenposten, 25. mars 2022). Ei undersøking frå 2020, viste til dømes at berre tre av ti hadde lagra drikkevatn heime. Dette talet har auka noko fram til 2021 (IPSOS, 2020 og 2022).
Ei befolkningsundersøking gjort av IPSOS i 2022 syner at det er fleire enn fire av ti som oppgir at dei er nokså godt, eller godt, førebudd på å klare seg sjølve i eigen heim om straum, telefon og internett fell ut. Samstundes svarar ein av seks at dei ikkje er førebudd på å klare seg sjølv i eigen heim i minimum tre døgn.
Over halvparten svarer at dei ikkje kjenner til kvar næraste tilfluktsrom er, om kommunen har ein fast oppmøtestad for innbyggarane ved større ulykker/kriser eller har kjennskap til kommunale beredskapsplanar (IPSOS, 2022).
Vidare viser undersøkinga at ein av to kan grunnleggande førstehjelp og at ein av fire har tenkt gjennom kva dei skal gjere om straumen blir borte.
Private eller offentlege verksemder som tilbyr helse- og velferdstenester skal i tråd med Lov om helsemessig og sosial beredskap, kunne vidareføre, legge om eller utvide drifta ved kriser og katastrofar.
Les meir om kva verksemder som er omfatta i Lov om helsemessig og sosial beredskap.
Alle verksemder skal kartlegge og vurdere alle farar/problem og vurdere risikoen knytt til eige arbeid. Du kan lese meir om dette, og finne rettleiingar på internettsidene til Arbeidstilsynet.
Tryggleikslova gjeld for statlege, fylkeskommunale og kommunale organ. Lova gjeld òg for leverandørar av varer og tenester knytt til anskaffingar som har tryggleiksgradering.
Forskrift om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid (lovdata.no) fastset at verksemder (kommune, stat, fylkeskommune, sjukehus, næringsmiddelkontrollen og vassverk) har plikt til å utarbeide ein beredskapsplan som bygger på ei oppdatert risiko- og sårbarheitsanalyse.
Verksemder (privat eller offentleg) som har, eller brukar, kjemikaliar i si verksemd (over forskriftsfesta grenseverdiar i forhold til ei kvar tid gjeldande lovverk) er òg omfatta av storulykkeforskrifta. Verksemda har ansvar for å drive systematisk arbeid for å førebygge og begrense dei konsekvensane ei storulykke kan ha for menneske, miljø og materielle verdiar. Du kan lese meir om storulykkeforskriften i rettleiaren til DSB.
Det nasjonale beredskapsarbeidet legg òg dei fire prinsippa til grunn. Regjeringa har det øvste ansvaret for beredskapen i Noreg, medrekna det overordna politiske ansvaret for styring og handtering av kriser.
Kriserådet er det øvste administrative koordineringsorganet på departementsnivå. Justis- og beredskapsdepartementet er det departementet som leiar og samordnar det sivile ved nasjonale kriser.
Noreg og Innlandet har lang grense til Sverige og det er etablert samarbeid med våre svenske nabo-län gjennom felles samarbeidsavtale for redning, helseoppdrag og felles øvingar.
GrenseROS er ei felles risiko- og sårbarheitsanalyse på tvers av grensa. Denne blir snart revidert og blir eit felles kunnskapsgrunnlag for utfordringar på tvers av grensa. Statsforvaltaren har ansvar for dette. Det blir gjennomført øvingar på tvers av landa, innan dei hendingane som kan ramme oss båe, til dømes flyulykker og skogbrann.
Det er forventa at grensekommunar ser til nabokommunar på svensk side når dei gjennomførar ROS-analysene sine, som grunnlag for beredskaps- og arealplanar.
Noreg er ein del av NATO og samarbeider tett med dei allierte innan forsvar.
Samarbeid i EU og EØS
Sivil beredskap er eit nasjonalt kompetanseområde for EU sine medlemsland. Dette er eit område der EU- og EØS-land har betydeleg interesse i å samarbeide.
EU etablerte i 2001 EU Civil Protection Mechanism, EU si ordning for sivil beredskap. Målsettinga er å styrke samarbeidet mellom dei 27 EU-landa og sju andre deltakarland, her under Noreg. Målet er å betre førebu beredskap og respons ved alvorlege hendingar. Når ei alvorleg hending skjer, og landet ikkje klarer å handtere dette åleine, kan landet be om om assistanse gjennom den sivile beredskapsmekanismen.
RescEU
I 2019 vart samarbeid oppgradert ved at det såkalla RescEU vart etablert, dette for å dekke aukende og nye behov. RescEU er ein reserve av ressursar som kan nyttast ved kriser i medlemsstatane når den nasjonale kapasiteten og den sivile beredskapsreserven ikkje strekk til. Det inkluderer ei flåte av skogbrannfly og -helikopter, luftambulanse med høgsmitte-transportkapasitet for evakuering av pasientar og medisinsk utstyr, i tillegg til feltsjukehus som kan rykke ut i krisesituasjonar.
EU er og i ferd med å bygge opp kapasitet for å kunne respondere på kjemiske, biologiske, radiologiske og atomhendingar.
Korleis kan Innlandet få hjelp?
Innlandet kan få bistand fra RescEU ved skogbrann, atomhendingar og lignande. Hjelpa inkluder òg evakuering av pasientar frå andre europeiske land som er i Innlandet, og evakuering av innbyggarar i Innlandet som er i ein kritisk helsesituasjon i eit anna europeisk land.
I EU sin strategi for klimatilpassing (2021) står det om EU si ordning for sivil beredskap som kan respondere med kortsiktige tiltak i tilfelle av tørke og flaum. Sistnemde er kanskje mest relevant for Innlandet.
2.6 Tilgjengelege ressursar i Innlandet
Ei rekke større hendingar har vist oss korleis ressursane utover dei ordinære kan spele ei viktig rolle i handteringa. Kjennskap til og oversikt over dei ulike ressursane er sentralt for kommunane. Ved større hendingar må ein rekne med at ressursar må bli prioritert mellom hendingar og stader.
Fylkesberedskapsrådet vil ha ei strategisk sentral rolle i dette. Det er òg viktig å ha oversikt over eventuelle dobbeltdisponeringar av ressursar, eksempel på dette er til dømes at lokal brannsjef eller kommunelege òg er frivillig i Røde Kors.
Figur 2.3 Døme på aktørar inn i handteringa av ei hending.
Nasjonalt kompetansesenter fjellredning/Erlend Aarsæther.
Beredskapsaktørane i Innlandet er omtala i eit eige kapittel i FylkesROS. Her ligg oversikt over ansvar og lovheimlar. Du kan sjå denne oversikta i FylkesROS for Innlandet 2022.