2025_1
Tiltak: Auke kompetansen om samfunnstryggleik og beredskap gjennom til dømes vidareføring av etablerte arena, konferansar og nettverk. Ta i bruk utdanningsinstitusjonane til å skaffe meir kunnskap og forsking (vidaregåande skule, bachelor-, master og doktorgradsarbeid) på samfunnstryggleik og beredskap i Innlandet (iverksett). Søke etter mogelegheiter for samarbeid i Europa.
Aktivitet: Vidareføre etablerte arena og nettverk. Aktuelle samarbeid er knytt til InterREG, EU, Forskningsrådet mfl. Totalforsvarskonferansen, fagnettverk for beredskapskoordinatorar, klimatilpassingsnettverk. Sjå etter mogelegheiter for å sjå dei ulike arenaene i samanheng. Akademia og Forsvarsforum Innlandet er en viktig samarbeidsaktør. Set av midlar til å styrke eksisterande satsing.
Tildeling: 200 000
Hovudansvarleg: Innlandet fylkeskommune og Statsforvaltaren i Innlandet. Beredskapsaktørar og akademia
2025_2
Tiltak: Vidareutvikle, systematisere og sikre oppdatert regional kunnskap innan samfunnstryggleik og gjere det tilgjengeleg gjennom plattformar som Innlandsstatistikk, NVDB, InnlandsGIS og
areal- og naturregnskap.
Aktivitet:
Det er to hovudaktivitetar i 2025:
1) Det blir etablert eit kartbasert datasett for hendingar med mål om å samhandle under kriser. Fokus for aktiviteten er kommunane sin beredskapsorganisasjon og det vil bli arbeida med kommuneretta opplæring og samlingar for å ta det i bruk. Det blir sett av 300 000 kroner til dette arbeidet.
2) Det blir òg sett i gang kartlegging av klimarelaterte risiko og sårbarheiter (som inneber å starte arbeidet med en klimasårbarheitsanalyse for fylket). Dette tiltaket er òg omtala i RP klima, energi og miljø. Tiltaket (S1l) fekk midlar i 2024 (250 000 kroner) som blir vidareført til 2025.
Tildeling: 300 000
Hovudansvarleg: Temadata Innlandet/InnlandsGIS, Innlandet fylkeskommune, Statsforvaltaren Innlandet, Statens Kartverk, kommunane
2025_3
Tiltak: Arbeide for å etablere ei felles nordisk kartløysing, "GRIDS" (digitalt beredskapskart, GIS) med mål om å betre samhandling på tvers av grenser og organisasjonar i sivil sektor.
Aktivitet: EU Horizon-søknad 2024 (GRIDS) er sendt. Gjennomføring er avhengig av at søknaden blir innvilga. Forventa svar første halvår 2025.
Tildeling: 0
Hovudansvarleg: Innlandet fylkeskommune og Statsforvalteren i Innlandet. Kartverket, univeristet og naboregionar er blandt samarbeidspartnarane.
2025_4
Tiltak: Innlandet skal vere ein pådrivar for å påverke nasjonale aktørar slik at arbeidet med beredskap kan bli gjort i tråd med lovkrav og signal med tilstrekkeleg finansiering og ressursar.
Aktivitet: Dette er eit viktig del av totalforsvarsarbeidet. Sivil transportberedskap, flaum og skredsikring, viktige omkøyringsvegar, gods over på bane, beredskapslagre, nasjonalt bruprogram- Dette må bli sett i samanheng med prosjekt kring strategisk kommunikasjon. Nasjonal transportplan. Høyringar.
Tildeling: 0
Hovudansvarleg: Innlandet fylkeskommune, Statsforvaltaren i Innlandet
2025_5
Tiltak: Bidra til styrke matproduksjon og sjølforsyning i Innlandet.
Aktivitet: Vidareføre satsinga “Matfylket Innlandet” (fekk tildelt midlar gjennom regional plan i 2024). Satsinga vil kartlegge mogelegheiter og utfordringar i Innlandet. Avklaringar knytt til blant anna pilotprosjekt om matberedskap i Innlandet ("Mat og forsvar"), som òg er omtala i St. meld. 9 (2024-2025). Statsforvaltaren vidarefører støtte til kommunale jordvernstrategiar. Følge opp tiltaksplanane for jordbruk og skogbruk. Det kjem ny tiltaksplan for jordbruk 2025-2030 (skal til handsaming vinteren 2025).
Tildeling: 0
Hovudansvarleg: Statsforvaltaren i Innlandet, Innlandet fylkeskommune, kommunane