Regional plan for samfunnstryggleik

  1. Om regional plan for samfunnstryggleik (2023–2035)
  2. Del 1 Bakgrunnen for og mål med planen
    1. 1.1 Kva er ein regional plan?
    2. 1.2 Kvifor ein regional plan for samfunnstryggleik?
      1. 1.2.1 Regional plan samfunnstryggleik bygger på fleire dokument
      2. 1.2.2 To nasjonale utgreiingar
    3. 1.3 Eit oppdatert risiko- og sårbarheitsbilete for fylket ligg til grunn
    4. 1.4 Mål for arbeidet med samfunnstryggleik i Innlandet
    5. 1.5 FN sine berekraftsmål
  3. Del 2 Kva er samfunnstryggleik og beredskap?
    1. 2.1 Heilskapeleg og systematisk arbeid med samfunnstryggleik
    2. 2.2 Arbeidet med samfunnstryggleik må bli sett som ei kjede
    3. 2.3 Samfunnet sine kritiske funksjonar
    4. 2.4 Totalforsvaret
    5. 2.5 Kven har ansvaret for kva? Aktørskildring
    6. 2.6 Tilgjengelege ressursar i Innlandet
  4. Del 3 Kva kan ramme oss i Innlandet?
    1. 3.1 Det regionale risikobiletet - eit samandrag
    2. 3.2 Naturfare og klimaendringar
      1. 3.2.1 Innlandet er ikkje skåna for naturfarar
      2. 3.2.2 Klimaendring gir hendingar på nye stader og andre tider av året (klimarisikoen aukar)
      3. 3.2.3. Vi må ta i bruk eksisterande og framskaffe ny kunnskap
    3. 3.3 Matproduksjon og sjølvforsyning
      1. 3.3.1 Innlandet er Noreg sitt matkammer
      2. 3.3.2 Produksjons- og forsyningskjeda for mat er kompleks
      3. 3.3.3 Vi må ta vare på matjorda
      4. 3.3.4 Vi må utnytte areala, tilpasse oss eit klima i endring og ta vare på produsentane
    4. 3.4 Allmennfarleg smittsam sjukdom og smittevern
      1. 3.4.1 Utbrot av allmennfarlege smittsame sjukdommar i Innlandet
      2. 3.4.2 Heilskapeleg arbeid med smittevern i Innlandet
      3. 3.4.3 Kva lærte Innlandet av koronahandteringa?
      4. 3.4.4 Redusert og meir rett bruk av antibiotika
      5. 3.4.5 Kva er dei største truslane i Innlandet?
      6. 3.4.6 Innlandet har sterke fagmiljø
    5. 3.5 Digital infrastruktur og kraftforsyning
      1. 3.5.1. Breiband med høg fart i heile Innlandet
      2. 3.5.2. Samfunnet er avhengig av ei sikker kraftforsyning
    6. 3.6 Cyber- og informasjonstryggleik
      1. 3.6.1 Cyberangrep mot Noreg betyr cyberangrep mot Innlandet
      2. 3.6.2 Tilstrekkeleg kompetanse er avgjerande
      3. 3.6.3 Innlandet har sterke kompetansemiljø
    7. 3.7 Drikkevatn og avløp
      1. 3.7.1 Halvparten av oss får drikkevatn frå grunnvatn
      2. 3.7.2 Vi må sikre drikkevasskjeldene og sørge for reservevatn
      3. 3.7.3 Leidningsnettet er omfattande og har varierande kvalitet
      4. 3.7.4 Vi har mange små reinseanlegg i Innlandet
      5. 3.7.5 Slam som ressurs
    8. 3.8 Transport på veg og bane
      1. 3.8.1 Infrastrukturen er utsett for naturfare og klimaendringar
      2. 3.8.2 Vidare utbygging av infrastruktur er viktig
      3. 3.8.3 Meir godstransport på bane
    9. 3.9 Reiseliv og deltidsinnbyggarar
      1. 3.9.1 Innlandet har flest hytter i landet og er eit viktig reiselivsfylke
      2. 3.9.2 Det kan bli meir krevjande å tilby tenester og tryggleik til deltidsinnbyggarane
      3. 3.9.3 Innlandet har viktige kompetansemiljø
    10. 3.10 Forsvaret og sivilt-militært samarbeid
      1. 3.10.1 Innlandet er eit forsvarsfylke
      2. 3.10.2 Samarbeid mellom Forsvaret og det sivile samfunn i Innlandet
      3. 3.10.3 Vi bør vidareføre og auke samarbeidet i Innlandet
    11. 3.11 Meir informasjon om den einskilde kommune
  5. Del 4 Korleis skal vi møte utfordringane?
    1. 4.1 Strategiar for å nå måla
    2. 4.2 Korleis følger vi opp planen?
    3. 4.3 Tiltak
  6. Vedlegg

Del 4 Korleis skal vi møte utfordringane?

Denne handlingsdelen inneheld strategiar og tiltak som er viktige for å følge opp måla i del 1 og funna i del 3. 

Handlingsprogrammet gjeld for heile planperioden (2023-2035). 

Fleire av tiltaka frå FylkesROS 2022 er innarbeida. Samstundes må ein sjå desse dokumenta i samanheng. 

4.1 Strategiar for å nå måla

Korleis skal vi arbeide i tida framover for å nå måla vi har sett oss? Ein strategi er «vegen til målet». Strategiane skal vere til hjelp i arbeidet med å betre samfunnstryggleiken i Innlandet. 

Figur 4.1. Figuren syner oppbygginga av planen med mål, strategiar og tiltak. Del 4 omhandlar strategiar og forslag til tiltak.  - Klikk for stort bildeFigur 4.1. Figuren syner oppbygginga av planen med mål, strategiar og tiltak. Del 4 omhandlar strategiar og forslag til tiltak.

Vi har valt fem strategiar for å nå måla i planen: 

4.2 Korleis følger vi opp planen?

Regional plan er eit reiskap for god samfunnsplanlegging og samordning av tiltak på tvers av kommunegrenser og verksemder i Innlandet. Den gir retninga for arbeidet med samfunnstryggleik i Innlandet fram mot 2035.

Fylkestinget er regional planmyndigheit og har det overordna ansvaret for planen 

Innlandet fylkeskommune, som regional utviklingsaktør, har ansvaret å koordinere oppfølging av planen, men dette er ein plan for heile Innlandssamfunnet og derfor er regionalt partnerskap ein sentral arena for samordning. 

I regionalt partnerskap er Statsforvaltaren i Innlandet, Kommunanes sentralforbund (KS), NAV Innlandet, LO, NHO, Fagskolen Innlandet, Innovasjon Norge, HINN og NTNU og Innlandet fylkeskommune representert. Innlandet fylkeskommune har leiinga og er sekretariat for partnerskapet.

Årleg status

Kvart år legg fylkeskommunen fram status frå arbeidet med oppfølging av planen til fylkestinget. Drøftingar i og innspel frå blant andre Fylkesberedskapsrådet, interkommunale politiske råd og regionalt partnarskap er grunnlaget for denne statusen. 

Det mest sentrale blir rullering og kva tiltak som skal prioriterast komande år.

Resultatet av dei to nasjonale utgreiingane (Totalberedskapskommisjonen og Forsvarskommisjonen) vil bli tatt hensyn til i rulleringa av handlingsprogrammet.

Må bli sett i samanheng med andre planar

Regional plan for samfunnstryggleik, er ein av tre nye regionale planar i Innlandet i 2023, og planen må bli sett i samanheng med "Regional plan for det inkluderande Innlandet" og "Regional plan for klima, energi og miljø".

Særleg "Regional plan for klima, energi og miljø" har mange grensesnitt med denne planen.

Samstundes har andre regionale planar i Innlandet fleire grensesnitt til denne planen. Det gjeld særleg regionale planar for vassforvaltning. Det same gjeld andre planar og strategiar (til dømes Mjøsbyen). Rettleiarar, herunder det pågåande arbeidet "Klimavennlig stedsutvikling i hyttekommuner" må òg bli sett i samaheng med denne planen. 

4.3 Tiltak

Her finn du tiltak knytt opp til planen sine hovudtema.  Planen kjem med om lag 100 tiltak som bygger opp om utfordringane og mogelegheitene slik dei er skildra i del 3. 

Dei fleste tiltaka som blir foreslått er geografisk uavhengige. Samstundes vil dei krevje ei ulik tilnærming der kvar einskild region bygger på styrkane sine for å møte sine utfordringar. Læring og samarbeid på tvers av regionar og kommunar er vurdert som noko som bør styrkast.

Det er lagt inn kven som har eit hovudansvar for gjennomføring av tiltaket, kven som er aktuelle samarbeidspartnarar og om tiltaket er aktuelt på kort (1-4 år) eller lang (4-12 år) sikt. 

Tiltak som er starta opp må bli prioritert for oppfølging etter vedtak. Tiltaka blir prioriterte årleg i samband med gjennomgang av handlingsdelen. 

Der det er mogeleg, har vi lagt inn ei førebels grov vurdering av årlege kostnadar; låg (<500 000 kroner), middels (<2 000 000 kroner), høg (>2 000 000 kroner).

Strategi 1: Utnytte og auke kompetansen innan samfunnstryggleik

Strategi 2: Sikre ei framtidsretta arealplanlegging og forvaltning som bidreg til betre samfunnstryggleik

Strategi 3: Sikre tilstrekkeleg og robust energiforsyning

Strategi 4: Sikre og utvikle infrastruktur som toler framtidige ufordringar og tek vare på samfunnet sitt grunnleggande behov

Strategi 5: Auke samarbeidet for å betre samfunnstryggleiken