Om regional plan for samfunnstryggleik (2023–2035)
Vårt felles prosjekt er å bygge Innlandet og ta i bruk mogelegheitene på tvers av kommunegrenser, forvaltningsnivå og sektorar.
Regionalt planarbeid er forankra i Innlandsstrategien, vedtatt av fylkestinget 23. september 2020. Innlandsstrategien gir retning for prioritert politikk for perioden 2020–2024.
Regional plan for samfunnstryggleik er ein av tre nye regionale planar i Innlandet denne perioden. Planen skal bidra til å vidareutvikle og gjere arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap tydelegare. Ansvar og roller i arbeidet ligg fast.
Samfunnstryggleik er samfunnet si evne til å verne seg mot og handtere hendingar som truar grunnleggande verdiar og funksjonar og set liv og helse i fare.
Beredskap er planlegging og betring av tiltak for å handtere uønskte hendingar på best mogeleg måte etter at dei har skjedd.
Risiko er ein kombinasjon av sannsynet for at ei (uønska) hending inntreff og konsekvensane av hendinga. Sårbarheiter er manglar eit system har til å tåle påkjenningar og stress, som kan føre til skader og tap.
Fylkesutvalet vedtok 29. november 2022 å legge forslag til plan ut på høyring. Høyringsfristen var 3. mars 2023.
Du kan lese sakspapira og protokollen her - PS 139/2022.
Vi fekk 56 innspel til forslaget. Desse er no gått gjennom, vurdert og planen er revidert. Regional plan for samfunnstryggleik vart vedtatt i fylkestinget 13. juni 2023.
Du kan lese sakspapira her - PS 31/2023.
Storm i Valdres 2021.
Hedalen.no/Arne Heimestøl.