Regional plan for samfunnstryggleik
Del 4 Korleis skal vi møte utfordringane?
Denne handlingsdelen inneheld strategiar og tiltak som er viktige for å følge opp måla i del 1 og funna i del 3.
Handlingsprogrammet blir revidert årleg. Oppdatert handlingsprogram gjeld for 2026. Tidlegare handlingsprogram er tilgjengeleg som vedlegg til denne planen.
Fleire av tiltaka frå FylkesROS 2022 er innarbeida. Samstundes må ein sjå desse dokumenta i samanheng.
4.1 Strategiar for å nå måla
Korleis skal vi arbeide i tida framover for å nå måla vi har sett oss? Ein strategi er «vegen til målet». Strategiane skal vere til hjelp i arbeidet med å betre samfunnstryggleiken i Innlandet.
Figur 4.1. Figuren syner oppbygginga av planen med mål, strategiar og tiltak. Del 4 omhandlar strategiar og forslag til tiltak.
Vi har valt fem strategiar for å nå måla i planen:
For å førebygge og møte dei utfordringane vi står ovanfor i framtida, må vi ta betre i bruk eksisterande og utvikle ny kunnskap innan ulike tema i arbeidet med samfunnstryggleik. Dette er til dømes naturfare, det digitale trusselbilete og eit klima i endring.
Vi må saman arbeide aktivt for å sette innbyggarar, verksemder og organisasjonar i stand til å handtere utfordringane og ha god eigenberedskap.
Kompetansen om cyber- og informasjonstryggleik bør auke i kommunar, verksemder, organisasjonar og i befolkninga elles. Innlandet har fleire solide kompetansemiljø. Desse kan og bør bidra til å auke både nasjonal, regional og lokal kompetanse innan samfunnstryggleik og beredskap.
Samfunnstryggleik sikrast blant anna gjennom langsiktig planlegging. Vi må sikre at forvaltning og planlegging implementerer og bygger på eit oppdatert kunnskapsgrunnlag kring samfunnstryggleik.
Forvaltning og sakshandsaming i Innlandet må halde høg kvalitet og basere seg på oppdaterte ROS-analyser. Vi må saman styrke samordninga av planverk og tiltak. Arealbruken i Innlandet må ta omsyn til samfunnstryggleiken på ein hensiktsmessig måte.
Vi må syte for at Innlandet si rolle som matprodusent blir styrka og ta vare på matjorda vår. Utmarka er ein stor ressurs i Innlandet og framover må vi sjå denne som ein viktigare ressurs i matproduksjonen.
Vi bør praktisere jordvernet særleg strengt når det gjeld forslag til omdisponering av areal til føremåla bustad, næring og fritid. Ved utforming av anlegg til samferdsel (veg, bane med meir.) skal ein søke å redusere beslaget av matjord til eit minimum.
I samband med forslag om omdisponering av dyrka eller dyrkbar jord til utbyggingsføremål, bør det utarbeidast ei alternativvurdering der òg omsyn til transport, mobilitet, friluftsliv, kulturminne, vassmiljø og naturmangfald blir vurdert.
Kommunane bør ved rullering av kommuneplanen sin arealdel gjere ei ny vurdering av dyrka eller dyrkbar jord som er avsett til utbyggingsføremål i gjeldande kommuneplan og som ikkje er regulert. Det skal leggast til rette for levedyktig, stabil og berekraftig busetting og landbruk i heile Innlandet.
Tiltak bør planleggast, etablerast og driftast på bakgrunn av ein reguleringsplan. Kartlegging av naturfarar, flaum-, overvatn-, erosjons- og skredfarar skal skje så tidleg som mogeleg i planprosessen, og ligge som viktige premiss for vidare arbeid.
Kommunane, fylkeskommunen og staten skal aktivt arbeide med å førebu Innlandssamfunnet på klimaendringane og ruste Innlandet til betre å handtere andre relevante truslar.
Energiforbruk og energiforsyning må tas sterkare inn i arealplanlegginga. Energiproduksjon krev areal, som vil gi interessekonfliktar til natur, miljø og estetikk. Det lyt gjerast gode og heilskapelege vurderingar i planlegginga for å bidra til ei tilstrekkeleg og robust kraftforsyning, som bygger opp om måla vi har om meir fornybar energi.
Vi er avhengig av ei sikker og robust kraftforsyning for å få samfunnet vårt til å fungere i ei tid der vi treng meir energi. Tilstrekkeleg energi bør sikrast på ein slik måte at det ikkje går utover omsynet til miljø, klima og natur.
Konsekvensane av eventuelle nye inngrep og installasjonar må utgreiast på ein kunnskapsbasert måte. Energiøkonomisering må bidra til å redusere etterspørselen etter meir energi. Effektivisering, utvikling og oppgradering av eksisterande vasskraftanlegg, bør prioriterast.
Vi må legge til rette for utvikling av fornybare og robuste løysingar for energiproduksjon og lagring for å bidra til auka stabilitet i forsyninga. Mogelegheitene for auka bruk av sol, vind, vatn, jordvarme, bioenergi og eventuelt kjernekraft er døme på energiløysingar som bør bli utgreia vidare. Målet er ei robust kraftforsyning med ein hensiktsmessig samansetning av energiløysingar.
Straumettet må vere robust og ha tilstrekkeleg overføringskapasitet internt i fylket og mellom landsdelar. Dette heng på nasjonale myndigheiter, men Innlandet bør vere tydelege på det regionale behovet inn i den nasjonale diskusjonen. Kraftleidningar kan vere sårbare for ekstremvær (vind) og dette må vi ta omsyn til i framtida.
Det må bli lagt større vekt på omsynet til samfunnstryggleik og samfunnsnytte. Det bør bli utarbeidd nasjonale kriterier for samfunnsnytte ved prioritering av nett-tilknytning.
Samfunnsplanlegging må sikre at ny eller eksisterande infrastruktur er tilpassa og sikra mot ulike farar og skade. Planmyndigheitene må ha særskild fokus på at funn i risikovurderingar og frå hendingar vert lagt til grunn ved revisjon av areal- og samfunnsplanar.
Infrastruktureigarane i Innlandet skal ha god oversikt over tilstanden og kritiske punkt på eigen infrastruktur. Dei skal arbeide systematisk med å følge opp og avdekke svakheiter.
Vi vil arbeide for å sikre at kritisk infrastruktur og kritiske samfunnsfunksjonar toler framtidig utfordringar, samstundes som vi arbeide systematisk for å redusere og avdekke sårbarheiter.
Vi vil arbeide for å overføre meir gods frå veg til bane for å oppnå eit meir robust transportsystem.
Vi vil vidareføre samarbeidet om full dekning av høgfartsbreiband i Innlandet og sikre ei meir robust drikkevassforsyning til innbyggarane.
Ressursane vi har bør nyttast på ein best mogeleg måte.
Optimal ressursbruk inneber blant anna at vi styrkar samarbeidet mellom frivillige organisasjonar, offentlege aktørar, næringsliv og akademia innan samfunnstryggleik og beredskap. Vi bør kjenne godt til kvarande og sikre god dialog. Vi bør auke samarbeidet mellom det sivile samfunn og Forsvaret, både i øvingar og ved handtering av større hendingar.
Innlandssamfunnet må aktivt ta i bruk det nye nasjonale varslingssystemet når dette blir operativt, for slik å kunne varsle fastbuande, deltidsinnbyggarar og besøkande.
Vi vil legge til rette for å auke samarbeidet og erfaringsutvekslinga mellom kommunane i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.
4.2 Korleis følger vi opp planen?
Regional plan er eit reiskap for god samfunnsplanlegging og samordning av tiltak på tvers av kommunegrenser og verksemder i Innlandet. Den gir retninga for arbeidet med samfunnstryggleik i Innlandet fram mot 2035.
Fylkestinget er regional planmyndigheit og har det overordna ansvaret for planen
Innlandet fylkeskommune, som regional utviklingsaktør, har ansvaret å koordinere oppfølging av planen, men dette er ein plan for heile Innlandssamfunnet og derfor er regionalt partnerskap ein sentral arena for samordning.
I regionalt partnerskap er Statsforvaltaren i Innlandet, Kommunanes sentralforbund (KS), NAV Innlandet, LO, NHO, Fagskolen Innlandet, Innovasjon Norge, HINN og NTNU og Innlandet fylkeskommune representert. Innlandet fylkeskommune har leiinga og er sekretariat for partnerskapet.
Årleg status
Kvart år legg fylkeskommunen fram status frå arbeidet med oppfølging av planen til fylkestinget. Drøftingar i og innspel frå blant andre Fylkesberedskapsrådet, interkommunale politiske råd og regionalt partnarskap er grunnlaget for denne statusen.
Det mest sentrale blir rullering og kva tiltak som skal prioriterast komande år.
Resultatet av dei to nasjonale utgreiingane (Totalberedskapskommisjonen og Forsvarskommisjonen) er tatt omsyn til i rulleringa av handlingsprogrammet 2025.
Må bli sett i samanheng med andre planar
Regional plan for samfunnstryggleik, er ein av tre nye regionale planar i Innlandet i 2023, og planen må bli sett i samanheng med "Regional plan for det inkluderande Innlandet" og "Regional plan for klima, energi og miljø".
Særleg "Regional plan for klima, energi og miljø" har mange grensesnitt med denne planen.
Samstundes har andre regionale planar i Innlandet fleire grensesnitt til denne planen. Det gjeld særleg regionale planar for vassforvaltning. Det same gjeld andre planar og strategiar (til dømes Mjøsbyen). Rettleiarar, herunder det pågåande arbeidet "Klimavennlig stedsutvikling i hyttekommuner" må òg bli sett i samaheng med denne planen.
4.3 Prioritert innsats i 2026
Vurdering av ny kunnskap
Det blir gjort mykje godt samfunnstryggleiksarbeid i Innlandet. Ny kunnskap og endra situasjon krev at vi no gjer meir av det gode. Det er kome ny kunnskap sidan regional plan for samfunnstryggleik vart vedteken i juni 2023. Særleg har ny St.meld. 9 (2024-2025) gitt føringar for utviklinga framover. Samarbeid, kunnskap og koordinering er og blir sentralt.
Generelt ser ein ei heilt anna merksemd og prioritering på samfunnstryggleik innan mange områder. Det kjem mange initiativ til utvikling- og samarbeidsprosjekt innan planen sine hovudtema, både internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt. Dette krev større merksemd kring samordning og koordinering. Initiativ lyt bli møtt, og ein lyt sikre at ambisjon og ressursar heng saman.
Innlandet har mange sterke fagmiljø innan fleire tema med stor betydning for samfunnstryggleiken, og det blir gjort mykje godt arbeid. Dette må, i tråd med nye nasjonale prioriteringar og planen sine hovudmål, bli vidareført og styrka.
Ein ser at mål, hovudtema og strategiane i planen, ivaretek ny kunnskapen på eit overordna nivå. Samstundes krev nye nasjonale prioriteringar at regional plan tydeleggjer si prioritering og retning på tiltaka inn i 2026. Det er behov for å tydeleggjere prioriteringa av tiltaka framover og sjå desse i samband med arbeidet som er i gang kring regionalt totalforsvar, som Statsforvaltaren leiar og kommunar og fylkeskommune deltek i.
Ressursane ein har tilgjengeleg krev at innsatsen blir koordinert og samordna på best mogeleg måte. Tiltaka som blir føreslege for 2026 ivaretek dette. Samstundes er det naudsynt å sikre fleksibilitet for å kunne følgje opp nye initiativ og ny stortingsmelding.
Regional plan har eit førebyggande perspektiv og etablerte roller/ansvar ligg fast.
Ny kunnskap 2026 finn du i sakspapira PS 25/2026
4.4 Tiltak i 2026
Handlingsprogram 2026
Sidan den regionale planen for samfunnstryggleik blei vedteken i juni 2023 er den geopolitiske situasjonen endra. Regjeringa påpeikar i den nasjonale tryggingsstrategien sin at vi står ovanfor den mest alvorlege tryggingssituasjonen sidan andre verdskrigen.
Det er vedteke at 2026 er året til totalforsvaret i Noreg, og at det skal gjennomførast fleire øvingar der vi kan trene på samordna innsats og klare prioriteringar. Dette gjer utvikling av totalforsvaret til ein sentral del av samfunnstryggleiksarbeidet i 2026, slik at Noreg er betre førebudd på framtidige utfordringar. Handlingsprogrammet har derfor fleire tiltak som støttar opp under totalforsvarsåret 2026.
Det er likevel viktig at ein regional plan inneheld handlingspunkt knytt til alle temaa som planen omhandlar og at vi bruker strategiane våre til å nå måla. Tiltaka i planen spenner derfor breitt og berører fleire sider av fylkeskommune sitt samfunnsansvar.
Fleire av tiltaka som fekk fondsmidlar i 2025 held fram 2026. I handlingsprogrammet i år blir det føreslått å tildele 2,72 millionar kroner. Det blir foreslått å la dei resterande 280 000 kronene stå att på fond for å sikre at regionen har fleksibilitet og moglegheit for nye initiativ i 2026.
Midlar til nye tiltak er føreslått etter følgande prinsipp:
- Tiltaket/prosjektet skal bidra til gjennomføring av satsingar og tiltak vedteke i dei regionale planane.
- Tiltaket/prosjektet skal kome i tillegg til det som er finansiert via ordinær drift.
- Tiltaket/prosjektet skal ikkje erstatte tidelegare politisk vedtekne nedprioriteringar.
- Tiltaket/prosjektet skal kunne bli starta opp i nær framtid.
Samla sett er det 32 ulike tiltak i 2026 som til saman fordelar 2,72 millionar kroner.
2026_1
Tiltak:
Auke kompetansen om samfunnstryggleik og beredskap gjennom vidareføring av etablerte arenaer, konferansar og nettverk. Ta i bruk utdanningsinstitusjonane for å skaffe meir kunnskap og forsking (vidaregåande skule, bachelor-, master- og doktorgradsarbeid) om samfunnstryggleik og beredskap i Innlandet. Søkje etter moglegheiter for samarbeid i Europa.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025 og vil arbeide gjennom etablerte arenaer og nettverk. Akademia og Forsvarsforum Innlandet er viktige samarbeidspartnarar. I mars 2026 blir det arrangert ei beredskaps- og forsvarskonferanse i Innlandet. Dette blir eitt av fleire tiltak i totalforsvarsåret 2026. Føremålet er at konferansen skal vere ein open møteplass som gir eit felles situasjonsbilete, aukar kjennskap og samarbeid i totalforsvarsfamilien, og styrkjer den regionale motstandskrafta — der også næringslivet og frivillig sektor spelar ei sentral rolle.
IFK vil delta som partnar i eit FOU-prosjekt med oppstart i 2026, leia av Sintef, for å utvikle og implementere eit heilskapleg, forskingsbasert samhandlingsrammeverk for transportsektoren som styrkjer samfunnets beredskap og motstandskraft mot sektorovergripande truslar.
Tildeling:
120 000
Hovudansvarleg: Admimistrasjonsavdelinga i Innlandet fylkeskommune og Statsforvaltaren.
2026_2
Tiltak:
Vidareutvikle, systematisere og sikre oppdatert regional kunnskap innan samfunnstryggleik og tilgjengeleggjere desse gjennom plattformar som Innlandsstatisikk, NVDB, InnlandsGIS og areal- og naturrekneskap. Kart og data blir nytta av alle beredskapsaktørane og er eit sentralt grunnlag for kunnskap og deling i totalforsvaret.
Aktivitet:
Tiltaket blir frå vidareført 2025. Aktivitetar for 2026 vil vere å ferdigstille pilotdatasett med standardiserte teiknereglar for hendingsdatasettet i NGIs. Dei største geodataleverandørane vil involverast i testing og utvikling. Arbeidet blir ein del av fylkessatsinga på samfunnstryggleik i InnlandsGIS og Temadatainnlandet. Hendingsdatasettet skal testast i samarbeid med Kartverket og Statsforvalter i øvingar spesifikt retta mot kommunar i fylket.
Tildeling:
300 000
Hovudansvarleg:
Samfunnsutviklingsavdelinga i Innlandet fylkeskommune
2026_3
Tiltak:
Bidra til å styrke matproduksjon og sjølvforsyning i Innlandet.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025 og er ein del av paraplyen "Matfylket Innlandet." Det skal vidareutviklast fagnettverk for matprodusentar i Innlandet og at det blir oppretta ein eiga medlemsorganisasjon. Vi har planar for aktivitet i 2026, og ser han særleg opp mot oppfølging av piloten Innlandet fekk av Landbruks- og matminister Geir Pollestad i januar 2025 om auka leveransedyktigheit av lokal mat i offentleg sektor, der det blir jobba med produsentsida, innkjøparsida og bestillarsida.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg: Næring- og internasjonalt i Innlandet fylkeskommune og Statsforvaltaren
2026_4
Tiltak:
Styrke omsynet til jordvern i Innlandet og vidareføre arbeide for å sikre at tap av landbruksjord ikkje overstig nasjonale mål.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025 og arbeider med å vidareutvikle areal- og naturrekneskap for å halde oversikt. Følge opp tiltaksplan for jordbruket. Dette blir følgt opp med midlar frå ordinære budsjett.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg: Samfunnsutviklingsavdelinga i Innlandet fylkeskommune
2026_5
Tiltak:
Regionale myndigheter skal gjennom sitt rettleiingsansvar medverke til at alle kommuner tar i bruk anbefalt metodikk for ROS-analyser og ivaretar samfunnstryggleik og samfunnskritiske funksjonar i planlegging etter plan- og bygningslova.
Aktivitet: Tiltaket blir vidareført frå 2025 der innsatsen er å sjå korleis ein kan vidareutvikle planforum. Plankonferansen i Innlandet blir arrangert årleg og er ein arena der dette temaet kan inngå.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg: Samfunnsutviklingsavdelinga i Innlandet fylkeskommune og Statsforvaltaren
2026_6
Tiltak:
Bidra til at klimarisiko kjem inn som tema i planarbeid og heilskaplege ROS-analysar.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025 gjennom arbeid med at felles metodikk må bli brukt.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Samfunnsutviklingsavdelinga i Innlandet fylkeskommune og Statsforvaltar
2026_7
Tiltak:
Bidra til at omsynet til samfunnstryggleik blir ivareteke i arbeid med regionalt strategi- og handlingsprogram og ved tildeling av tilskot.
Aktivitet:
I 2026 vil vi styrke kunnskapen om dei regionale planane i organisasjonen slik at linken til strategiar og handlingsplanar blir endå tydelegare.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Samfunnsutviklingsavdelinga i Innlandet fylkeskommune og Statsforvaltar
2026_8
Tiltak:
Arbeide for at samfunnskritiske aktørar i Innlandet har kontinuitetsplanar, inkludert lagerbehaldning for drift under større hendingar. Målsettinga er å oppretthalde funksjon over tid.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025 og er ein viktig del av satsinga på totalforsvaret. Bidra til klargjering og utarbeiding av kontinuitetsplanar, under dette utvikling av kunnskap og gode rutinar for lagring av kritiske innsatsfaktorar for dei samfunnskritiske funksjonane. Innlandet skal bidra til den nasjonale debatten på lagring av til dømes flomvernutstyr, matkorn, såkorn, smittevernutstyr mm.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Administrasjonsavdelinga i Innlandet fylkeskommune og Statsforvaltar
2026_9
Tiltak:
Støtte infrastruktureigarane i Innlandet med å sørge for robuste system, med god oversikt over kritiske punkt på eigen infrastruktur og i arbeidet med å utbetre feil.
Aktivitet:
Tiltaket blir frå vidareført 2025. Infrastruktur knytt til veg, drikkevatn, strøym, bane, E-kom med meir. Det er store kostnader til dette tiltaket, men dette må bli ivareteke i ordinær drift og utvikling av infrastruktur hos kvar enkelt aktør. Under dette inngår oppfølging av regional godsstrategi og handlingsprogram for fylkesveg i Innlandet.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Administrasjonsavdelinga i Innlandet fylkeskommune og Statsforvaltar
2025_10
Tiltak:
Auke kompetansen om samfunnstryggleik hos barn og unge. Bidra til at tema frå samfunnstryggleiksplanen og kunnskap eigenberedskap blir løfta inn i kompetansehevinga i skulane. Det går føre seg arbeid både nasjonalt og lokalt på dette, under dette eit pilotprosjekt i Finnmark.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025 (midlar blir òg overført). Det blir gjennomført ein pilot på Elverum vidaregåande skule, skuleåret 25/26, og det blir jobba med gjennomføring på fleire skular frå hausten 2026.
Tildeling:
100 000
Hovudansvarleg:
Kompetanse- og tannhelse i Innlandet fylkeskommune
2026_11
Tiltak:
Auke kompetansen om korleis barn og unge skal ivaretakast før, under og etter kriser.
Aktivitet:
Tiltaket blir frå vidareført 2025. Halde oppe arbeidet med å sikre behovet til barn og unge. Det er viktig å utnytte arenaer som allereie er etablerte, som ungdomsrådet i fylkeskommunen og ungdomsråda i kommunane.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Kompetanse og tannhelse i Innlandet fylkeskommune og Statsforvalter
2026_12
Tiltak:
Styrke eigenberedskapen hos innbyggarane, verksemder og organisasjonar i Innlandet.
Aktivitet:
Tiltaket blir frå vidareført 2025. Det er behov for å auke kompetansen om eigenberedskap. Det er viktig å jobbe gjennom dei arenaene som er etablerte. Råda i fylket har særleg peika på viktigheita av informasjon og kommunikasjon på fleire språk. DSB har informasjonsmateriell og "Egenberedskapsuka" blir gjennomført kvart år i oktober. I 2026 skal det utarbeidast eit kunnskapsgrunnlag om tilstanden for eigenberedskap i Innlandet. Ein eigen kampanje retta mot elevar i dei vidaregåande skulane vil bli gjennomført.
Tildeling:
200 000
Hovudansvarleg:
Administrasjonsavdelinga i Innlandet fylkeskommune og Statsforvaltar
2026_13
Tiltak:
Bidra til god kommunikasjon til befolkning og verksemder før, under og etter krisar/hendingar. Vidareutvikle kommunikasjonsplanar for krisehandtering (før, under og etter). Dette bør inkludere oppmøtestader ved krisar og samordning av nødetatar.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025 og inneber å sjå på korleis ulike kommunikasjonskanalar kan brukast (digitale og anlaoge) mellom ulike beredskapsaktørar. Sikre at folk er kjende med manuelle rutinar dersom dei har behov for tenester under E-kom-bortfall. Sjåast i samanheng med 2026-12.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Administrasjonsavdelinga i Innlandet fylkeskommune og Statsforvaltar
2026_14
Tiltak:
Fleire øvingar og evalueringar av hendingar innan totalforsvaret i Innlandet.
Aktivitet:
Tiltaket blir frå vidareført 2025. Det blir sett av midlar til å kunne bidra i gjennomføring og/eller oppfølging av tiltak etter evaluering, Aktiviteten i 2026 vil bygge på innspel frå øvingsutvalet som har peika på behov for mediespel knytt til øvingar, å jobbe med øvingsbank og samvirkeøvingar .
Tildeling:
200 000
Hovudansvarleg:
Statsforvaltar
2026_15
Tiltak:
Utnytte prosjektmidlar nasjonalt og gjennom EU sine program for å nå måla i planen sine satsingsområde.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. Aktivitetar i 2026 vil vere å overvake finansieringsmoglegheiter, informere relevante aktørar i Innlandet gåande og støtte dei i søknadsprosessen. Delta saman med andre aktørar i fylket i utvalde prosjektsøknader innan samfunnstryggleik. Prioritere deltaking i EU-nettverket på samfunnstryggleik, og dessutan europeiske arrangement der deltaking kan bidra til å utløyse prosjektstøtte, anten gjennom kompetanseheving eller nettverksbygging.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Næring og internasjonalt i Innlandet fylkeskommune
2026_16
Tiltak:
Forsterke og strukturere samhandling og interaksjon med regionar og län (Värmland og Dalarna).
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. Innlandet fylkeskommune har gjennom samarbeidsavtala med Region Värmland, arbeidd i Grensekomiteen Innlandet-Dalarna, Grensekomiteen ARKO og EU-programmet Interreg Sverige. Noreg forsterka samhandlinga og interaksjonen. Statsforvaltaren, saman med Länsstyrelsen i Värmland og Dalarna, er ansvarleg for Grenseredningsrådet og koordinering og felles risikovurderingar over grensa. Statsforvaltaren vil halde fram arbeidet i tråd med NORDRED-avtalen, og samtidig utvikle oppfølging av NORDEFCO-avtalen. Det blir sett av midlar til initiativ og utforming av norsk-svensk system for korleis grensekryssande risikoar blir analyserte og følgde opp.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Statsforvaltar
2026_17
Tiltak:
Regionale aktørar skal vere pådrivarar slik at infrastrukturen for kraft i Innlandet blir prioritert og oppgradert.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. Innlandet skal bidra til den nasjonale debatten om kraftinfrastruktur. Politisk og strategisk påverkningsarbeid. Tiltaket er ein viktig del av satsinga på totalforsvaret.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Samfunnsutviklingsavdelinga i Innlandet fylkeskommune
2026_18
Tiltak:
Innlandet skal vere ein pådrivar for å få på plass kriterium slik at kritiske samfunnsfunksjonar og infrastruktur blir prioritert ved bortfall av kraft (nødstraum, feilretting).
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. Innlandet skal bidra til den nasjonale debatten kring kraftinfrastruktur. Politisk og strategisk påverknadsarbeid. Tiltaket er ein viktig del av satsinga på totalforsvaret.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Samfunnsutviklingsavdelinga i Innlandet fylkeskommune
2026_19
Tiltak:
Utgreie behovet for eit felles regionalt system for overvaking og varsling av straumutfall. Dette skal vere uavhengig av netteigar og vere ein struktur for både beredskapsaktørar og befolkninga.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. Det er set i gang eit arbeid nasjonalt via Næringslivets sikkerheits- og beredskapssenter. Det er mange interessentar knytt til dette arbeidet. Rolla vår er å vere pådrivar, og bidra til operasjonalisering.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Samfunnsutviklingsavdelinga i Innlandet fylkeskommune og Statsforvaltar
2026_20
Tiltak:
Vurdere nasjonalt eller regionalt utstyrslager for flomvernutstyr på sentrale punkt langs vassvegane i Innlandet. Vurdere moglegheiter for eit pilotprosjekt i Innlandet.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. I 2026 blir det starta eit prosjekt for eit tettare og formalisert samarbeid innan brann og redning på tvers av kommunane i Innlandet. Ein moglegheitsstudie for å kartleggje aktuelle samarbeidsformer og samarbeidsområde vil blir gjennomført. Aktuelle samarbeidsområde er leiing og administrasjon, kompetansebygging, beredskap inkluderte flaumverneutstyr, brannførebygging og rolla til brannvesenet i Totalforsvaret.
Tildeling:
200 000
Hovudansvarleg:
Administrasjonsavdelinga i Innlandet fylkeskommune
2026_21
Tiltak:
Utarbeide strategi/plan for å sikre Innlandet sine kulturverdier.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. Utarbeide oversikt over dei viktigste kulturverdiane. Utarbeide plan for sikring av og beredskap knytt til Innlandet sine kulturverdir. Arbeidet er finansiert gjennom økonomiplanen.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Kulturavdelinga i Innlandet fylkeskommune
2026_22
Tiltak:
Bidra til eit kompetanseløft i risiko- og sårbarheitsanalysar for arrangørar (idrett, kultur m.fl) i Innlandet.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. Festivalnettverket i Valdres fekk tilskot til kompetanseheving i 2024 (via tiltak 2025_29). Det blir føreslått midlar for å kunne overføre erfaringar og kunnskap til andre aktørar/arrangørar i Innlandet.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Kulturavdelinga i Innlandet fylkeskommune
2026_23
Tiltak:
Vere ein pådrivar for å bidra til å auke kompetanse innan cyber i kommunane.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. Utvikle eit pilotprosjekt i samarbeid med næringsliv og akademia. Arbeidet for å få på plass eit prosjekt vart starta i 2024 og blir vidareført i 2026. Avklare korleis regionale og lokale styresmakter kan styrke motstandskraft digitalt, under dette cybertryggleik og datalagring. Det var i 2024 tildelt 1 million kroner til tiltaket. Det blei i 2025 sett av midlar til å styrke satsinga ytterlegare. Det er oppretta eit prosjekt saman med NTNU som blir gjennomført i 2026.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Næring og internasjonalt i Innlandet fylkeskommune
2026_24
Tiltak:
Sikre breiband med høg hastigheit i heile Innlandet, som oppfyller dei nasjonale krava.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. I 2026 vil aktiviteten vere å forvalte den statlege breibandsstøtteordninga og bidra til utbygging av breiband til så mange adresser som mogleg innan tilgjengelege økonomiske og teknologiske rammer. I arbeidet blir det søkt samarbeid med kommunar og private leverandørar for å styrke redundans, beredskapsløysingar (t.d. alternative trasear, nødstraum), og rask gjenoppretting ved utfall. Tiltaket er finansiert gjennom andre budsjett.
Tildeling: 0
Hovudansvarleg:
Næring og internasjonal i Innlandet fylkeskommune
2026_25
Tiltak:
Støtte og vidareutvikle felles arena for mottaks- og integreringsarbeid ved massetilstrøyming av menneske.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. Dette er ein viktig del av totalforsvarsarbeidet. Regional plan for inkludering har òg dette som tema. For 2026 handlar tiltaket om å vidareføre arbeid som er i gong.
Tildeling: 0
Hovudansvarleg:
Samfunnsutviklingsavdelinga i Innlandet fylkeskommune
2026_26
Tiltak:
Regionale styresmakter skal involvere kommunane i oppfølginga av regionale planar.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. KS/kommunane er invitert med i oppfølginga og seinare revisjon av handlingsdelane (administrativt). Etablere eit samarbeid med KS/kommunane i lag med regional plan for klima, energi og miljø og regional plan for inkludering med mål om å sikre oppfølging og innspel i kommande revisjonar (administrativt).
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Koordinator regional plan
2026_27
Tiltak:
Regionale styresmakter skal bidra til ein kunnskapsbasert diskusjon omkring målkonfliktar i dei regionale planane.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. Det er fleire område innan reduksjon av klimagassutslepp og beredskap, under dette transport og satsinga på fornybar energi. Kollektivtransport er ein viktig del av totalforsvaret. Det vil bli prioritert å auke kunnskapen om elektrifisering av transport og beredskap med mål om å bidra til kunnskapsstyrt diskusjon og auka bestillarkompetanse. Innlandet fylkeskommune sitt arbeid med dette må baserast på resultatet av oppdraget Statens vegvesen er tildelt av Samferdselsdepartementet for 2026: "Vurdere konsekvensar av elektrifisering av transportsektoren, under dette spesielt buss, frå eit beredskapsperspektiv".
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Samferdselsavdelinga i Innlandet fylkeskommune
2026_28
Tiltak:
Regionale myndigheiter skal vere ein pådrivar for å vidareutvikle regionalt samarbeid der det er ønskeleg mellom kommunane og kartlegge behov og mogelegheiter for felles beredskapsressursar.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. Tiltaket må bli konkretisert med omsyn til Stortingsmelding nummer 9, men det er nødvendig å ha midlar tilgjengeleg for å sikre fleksibilitet. Det er òg sett i gong arbeid med skjønnsmidlar frå Statsforvaltaren i Nord-Østerdalen. I 2026 vil tiltaket handle om å vurdere effekten av igangsett arbeid for å vurdere vidareføring og tilretteggling for kommunane gjennom tildeling av midlar.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Administrasjonsavdelinga i Innlandet fylkeskommune og Statsforvaltar
2026_29
Tiltak:
Føre vidare etablert tilskotsordning for oppfølging av regional plan. Målgruppa er kommunar og frivillig sektor med mål om å auke kompetanse og dele erfaringar innan samfunnstryggleiksområdet.
Aktivitet:
Tiltaket blir vidareført frå 2025. Neste utlysing er 1. februar 2026. Kommunar, frivillige og IPR kan søke. Næringsliv kan vere deltakar. I 2024 vart det sett av 1 million kroner per år fram til og med 2027. Ordninga blir føreslått auka med 500 000 kroner på grunn av auke i gode søknader og felles tiltak med Regional plan for klima, energi og miljø.
Tildeling:
500 000
Hovudansvarleg:
Koordinator regional plan
2026_30
Tiltak:
Behov for beredsskapslager
Aktivitet:
Dette er eit nytt tiltak i 2026 og bygger på oppfølging av Godsstrategi Innlandet. Akivitetane i 2026 er å gjere ei vurdering av behovet for beredsskapslager i Innlandet på beredskapsbruer (mellombelse erstatningsbruer) og lokale drivstofflager. Statens vegvesen har i oppdrag å diskutere beredskapsbruer med Sverige i eit naturperspektiv. Resultatet av det arbeidet må ligge til grunn for Innlandet fylkeskommune sitt arbeid med beredskapslager for beredskapsbruer. Det kan òg vere aktuelt å gjere ei vurdering om bru-kar, og andre mellombelse løysingar på vegnettet, i einskilde tilfelle skal bli ståande permanent i eit beredsskapsperspektiv.
Tildeling:
400 000
Hovudansvarleg:
Samferdselsavdelinga i Innlandet fylkeskommune
2026_31
Tiltak:
Følge opp arbeidet med Totalforsvarssystemet i Innlandet for å sikre motstandskraft i sivile samfunnsfunksjonar basert på NATO sine sju krav til medlemslanda (NATO artikkel 3 - "Seven Baseline *requierments").
Aktivitet:
Dette er eit nytt tiltak i 2026. Totalforsvarssystem for Innlandet er vår felles heilskaplege og systematiske arbeidsform for å auke motstandskrafta i samfunnet for å møte tryggingssituasjonen. Statsforvaltaren leier arbeidet og har etablert arbeidsgrupper per programområde der totalforsvarsaktørane i Innlandet deltek: Kontinuitet i styringssystem, robust energi-, mat- og vassforsyning, handtering av masseflytting av menneske, handtering av masseskader, og robuste kommunikasjons- og transportsystem, for å sikre at samfunnet fungerer under kriser og krig. I 2026 blir det nødvendig med midlar midlar for å kunne vere fleksible/sette i gong tiltak som blir identifisert i arbeidet.
Tildeling:
700 000
Hovudansvarleg:
Administrasjonsavdelinga i Innlandet fylkeskommune og Statsforvaltar
2025_32
Tiltak:
Behov for å sjå på synergiar og samanfallande tiltak på tvers av dei regionale planane, og totalforsvarsarbeidet.
Aktivitet:
Dette er eit nytt tiltak i alle tre planane i 2026. Det er behov for å sjå dei regionale planane på tvers for å skape meir gjennomføringskraft ut i innlandssamfunnet. Under dette inngår òg å sjå på tilskotsordninga og statsforvaltaren sine skjønnsmidlar i samanheng.
Tildeling:
0
Hovudansvarleg:
Koordinator regional plan og Statsforvaltar
Handlingsprogram 2026 vart handsama i fylkesutvalet 3. mars 2026 (PS 25/2026)