Vegen over Valdresflye opnar fredag

Fylkesveg 51 opnar fredag 31. mars klokka 12. Fv. 55 Sognefjellsvegen opnar fram til Sognefjellshytta i dag klokka 12. 

Det er høyge brøytekantar langs delar av fylkesveg 51 over Valdresflye - Klikk for stort bildeDet er høyge brøytekantar langs delar av fylkesveg 51 over Valdresflye Håvard Ødegård Begge fjellovergangane blir nattestengde mellom klokka 20 og 08 ei tid framover. Ved uver, kan dei bli stengde på kort varsel.

Høge brøytekantar på Flye

- Det er normale snømengder i fjellet langs fylkesveg 51 i år. I snitt er brøytekantane rundt 1,5 meter høge, men dei høgaste er på fire meter, seier byggjeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune.  

- Arbeidet med å brøyte opp den vinterstengde vegen har gått etter planen og vegen kan opnast til påske. Det ser ut til å bli gode tilhøve på Valdresflye i palmehelga, seier Ødegård, som oppmodar trafikantene om å følgje med på skilting og parkere slik at dei ikkje hindrar trafikken.

Det er vinterleg og vakkert langs Sognfjellsvegen no - Klikk for stort bildeDet er vinterleg og vakkert langs Sognfjellsvegen no Stian Brenden Maskinservice Fylkesveg 55 Sognefjellsvegen opnar fram til Sognefjellshytta torsdag 30. mars. Resten av vegen over Sognefjellet er planlagt opna til 1. mai.

Kan endre seg raskt

Veret kan snu seg raskt so høgt til fjells, og då kan vegen bli stengd.

Trafikantane bør følgje med på vervarselet og sjekke vegmeldingane frå Statens vegvesen, dersom dei er i tvil om det er trygt å reise over Valdresflye eller til Sognefjellshytta.

 Vegmeldingane finn du på www.vegvesen.no/trafikk, @VTSost på Twitter, eller ved å ringe vegtrafikksentralen på telefonnummeret 175.