Sjårdalsvegen er opna att

Fylkesveg 2616 Sjårdalsvegen i Vågå er opna att på strekningen der vegen rasa ut under ekstremveret «Hans».

Grusveg sprengt ut i bratt fjellside - Klikk for stort bildeVegen måtte sprengjast ut på nytt, tre meter innover i fjellet. Biletet er teke før den mellombelse sikringa kom opp. Henning Paul Garmo

Fylkeskommunen er ikkje heilt ferdig med vegarbeidet, men vegen er open for alle køyretøy.

250 meter ny veg

Fylkeskommunen har bygd heilt ny veg på ein 250 lang strekning ved Bergebakken. Der gjekk det eit ras under ekstremveret «Hans» i august i fjor, som tok med seg mykje av vegbana. 

- For å byggje opp att vegen, har vi sprengt ei ny veglinje tre meter lenger inn i fjellet. Det har vore eit omfattande arbeid, seier byggjeleiar Henning Paul Garmo i Innlandet fylkeskommune.

Asfalt må vente

Vegarbeidet er ikkje heilt ferdig. I neste veke blir det arbeid med nytt rekkverk på strekningen. Førebels er vegen sikra med anna sikring, og farten er sett ned til 50 km i timen. 

- Når snøen blir borte, skal vi asfaltere og gjere det siste arbeidet med fjellsikring, fortel Garmo.

Arbeidet med å sprengje bort fjell og byggje ny veg har teke noko lengre tid enn planlagd. Det skyldast i fyrste rekkje fleire lange periodar med kulde ned mot 25 - 30 minusgrader.