Opna Sognefjellsvegen 28. april

Heile fylkesveg 55 over Sognefjellet opna etter vinterstenging den 28. april klokka 12. Vegen blir førebels nattestengd.

Det kan vere litt av ein jobb å brøyte opp fylkesveg 55 over Sognefjellet. (arkivfoto) - Klikk for stort bildeDet kan vere litt av ein jobb å brøyte opp fylkesveg 55 over Sognefjellet. (arkivfoto) Innlandet fylkeskommune Vestland og Innlandet fylkeskommunar vart klare til å opne heile strekningen for trafikk før 1. mai-helga, etter å ha brøyta opp att den vinterstengde høgfjellsovergangen.

Nattestengd på ubestemt tid

Vegen over Sognefjellet blir nattestengd mellom Huldehaugen i vest og Rustadsætre i aust mellom klokka 20 og 08 i tida framover.

- Det er viktig at folk som skal inn i fjellet på dagstur, planlegg turen, slik at dei rekk ut att før vegen stengjer om kvelden, seier Lien.

Dersom det er varsla uver eller skredfaren aukar, kan vegen bli stengd på kort varsel.

Trafikantane kan finne informasjon om dette på www.175.no, på Twitter @VTSost, eller på telefon 175.