Fv. 2532 i Sør-Fron stengd i fire veker

Fylkesveg 2532 Vestsidevegen blir stengd i Åbakkdalen frå 20. november på grunn av vegarbeid.

Grusveg under arbeid etter ras - Klikk for stort bildeFylkesveg 2532 må byggjast opp att etter to ras i Lia i Sør-Fron i august. Anders Fosse Skjåk

Entreprenøren som arbeider for fylkeskommunen skal fjerne massar og fjerne fjell for å få bygd vegen opp att etter uveret «Hans».

Hardt råka

Fylkesveg 2532 vart hardt råka av flaum og ras under ekstremvêret i august. Mellom anna gjekk det to store ras i Lia i Sør-Fron og vegen vart stengd.

Fylkeskommunen starta arbeidet med å byggje opp att vegen med ein gong, men arbeidet tek tid. Etter å ha vore open for trafikk i eitt felt i korte periodar, blir vegen no heilt stengd frå 20. november til 15. desember. 

Ny fylling

- Vi skal skifte ut jordmassar og fjell for å byggje opp ei god fylling som vegen skal liggje på. Vi skal og skifte to stikkrenner der, seier byggjeleiar Anders Fosse Skjåk i Innlandet fylkeskommune.

- Det er ikkje mogleg å ha trafikk gjennom anleggsområdet mens anleggsarbeidet skjer. Vi skal og gjennomføre andre tiltak, som steinplastring av bekkeløpet inn mot stikkrennene, forklarer Skjåk. 

Omkøyringsvegar

Punktet der Vestsidevegen blir stengd, ligg i Åbakkdalen, om lag to kilometer sør for Falebakken-krysset.

Trafikantane må rekne med ein lengre omkøyringsveg, ettersom Randklev bru på den same fylkesvegen også er stengd på grunn av skader etter uveret i august. 

Det går an å køyre nordover på fylkesveg 2532 til Hundorp og vidare sørover på fylkesveg 2522 til Frya. Sør for Åbakkdalen kan ein køyre Vestsidevegen til Fåvang.