Stipend for husflid og handverk

Profesjonelle utøvarar innan husflid og handverk i Innlandet kan søkje om stipend.
Søknadsfristen er 1. august.

Forankring

Alle tilskotsordningar på kulturfeltet i Innlandet fylkeskommune, skal bidra til å oppfylle vedtatt kulturstrategi. Kulturstrategien baserar seg på Innlandsstrategien til fylkeskommunen, som igjen bygger på FNs 17 bærekraftsmål.

Les mer om kulturstrategien

Les mer om bærekraftsmålene

Føremål

Gi profesjonelle utøvarar innan husflid og handverk moglegheit til å arbeide med ny formgiving, produktutvikling eller vidareutvikling og styrking av ein teknikk innan fagfeltet husflidshandverk, folkekunst og kulturhandverk. Målet er å ta vare på og fornye dei rike kulturskattane innan husflid og handverk, og synleggjere denne delen av kulturen.

Stipendet skal delast ut til ein tradisjonsberar og nyskapar innan sitt fagfelt.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. august.

Søknadskjema

Gå til digitalt søknadsskjema

Du logger deg på via ID-porten.

Kven kan søkje?

  • Profesjonelle utøvarar innan husflid og handverk som bur og har sitt verke i Innlandet. Søkjar må vere registrert i folkeregisteret med adresse i Innlandet fylke.
  • Søkjar må vere registrert som sjølvstendig næringsdrivande, som enkeltpersonføretak eller ANS/DA/AS/SA i Brønnøysundregisteret

Kven kan ikkje søkje?

  • Utøvarar som er under utdanning
  • Mottakarar av Statens kunstnarstipend, Statens garanterte minsteinntekt eller stipendiat hjå Norsk Handverksinstitutt i den aktuelle perioden

Støttenivå

Stipendstorleik: 50 000 kroner

Krav til søknadene

Saman med utfylt søknadsskjema skal det leggast ved:

  • CV som gir oversikt over både formell kompetanse og realkompetanse, tidlegare stipend og relevant yrkesverksemd
  • Datert oversikt over verksemd innan husflid og handverk dei siste 5 åra. Offentlege og private oppdrag/prosjekter, utstillingar, konkurransar, kor er handverksprodukta lagt ut for sal osv.
  • 3–5 digitale bilete av søkjaren sine husflids- og/eller handverksprodukt
  • Plan for bruk av stipendet. Planen skal innehalde planlagt aktivitet, forventa resultat og budsjett med finansieringsplan

Vurdering av søknadene

Ved vurdering av stipendsøknadene leggast det vekt på husflids- og handverksfagleg aktivitet og kvalitet, i tillegg til stipendsøkjaren sin plan for bruk av stipendet i stipendperioden.

Behandling av søknadene

Fylkesrådmannen nemner opp ein rådgjevande stipendkomité som består av fagpersonar med relevant kompetanse.

Rapportering

Stipendmottakar pliktar å sende rapport innan utgangen av september året etter stipendtildelinga.

Stipendmottakaren kan gjennomføre ei produktutstilling mot slutten av stipendperioden, etter avtale med Husflidskonsulenten i Oppland og seksjonssjef for Kunst og kultur.