Forlenger Cyberland-prosjektet

Hovudutval for næring meiner det er viktig å styrkje den pågåande satsinga på cybertryggleik.

Ein hacker som prøver eit dataangprep.  - Klikk for stort bilde Mostphotos. Derfor vedtok dei onsdag å forlengje Cyberland-prosjektet med tre år.

Innlandet fylkeskommune står bak Cyberland saman med Gjøvikregionen Utvikling og Lillehammer-regionen Vekst. Cyberforsvaret, NTNU og Statsforvaltaren i Innlandet har observatørstatus i styringsgruppa.

Vil bli leiande i Noreg

Målet med prosjektet er at Cyberland skal bli Noregs leiande klyngje innanfor cyber- og informasjonstryggleik.

Samarbeidsavtalen mellom dei tre partane varer ut 2023, og partane ønskjer allereie no å starte jobben med å revidere avtalen for tre nye år frå 2024.

Har lykkast med fleire tiltak

Cyberland-prosjektet har støtta og bidrege med finansiering til fleire prosjekt og tiltak. Mellom anna har Cyberland vore med på å etablere Sikkerhetsfestivalen og Totalforsvarets cyber- og sikkerhetskonferanse, begge på Lillehammer.

Dessutan blei The Norwegian Cluster for Cyber Security etablert i 2022, noko Cyberland har jobba målretta for over lang tid.

Revidere prosjektporteføljen

Sidan mange av tiltaka knytt til samarbeidsavtalen er avslutta eller i driftsfase, er det òg nødvendig å gå gjennom kva prosjekt Cyberland skal jobbe med framover.

I arbeidet med å revidere denne prosjektporteføljen, har ei rekkje utvalde aktørar frå mellom anna næringsliv og akademia blitt inviterte til å komme med innspel. Av desse innspela har Cyberland valt mellom anna desse temaa: auka kompetanse, kommersialisering og bruk av kunstig intelligens.

Politisk behandling

Cyberland har midlar til tiltak avsett på fond gjennom tidlegare politiske vedtak. Per 1. januar 2023 var fondet på godt og vel 4,6 millionar kroner.

Trine Lise Stårvik (Ap) fremja eit tilleggsforslag på vegner av Ap for å presisere at midlane på fond skal gjelde for heile prosjektperioden.

Innstillinga med tilleggsforslaget blei einstemmig vedteken

Les sakspapira PS 13/2023