Kultursjef i Innlandet fylkeskommune, Kurt Ole Linn og prosjektleiar for Utvandrarmarkeringa 2025, Mariann Bjelle.
Geir Ove Andreassen
I perioden 1836-1915 (tilgjengelege tal) reiste heile 138 054 personar frå Innlandet til eit land utanfor Europa. Det er svært mange i ei tid med langt færre innbyggarar enn i dag.
Det heile starta nokre år tidlegare, i 1825. Då reiste båten Restauration frå Stavanger til New York med 52 emigrantar om bord.
Det nasjonale markerings- eller jubileumsprosjektet har namnet Crossings 200. Migrasjon og identitet - ei satsing på utvandrarmarkeringa 2025, er Innlandet fylkeskommune sitt bidrag inn i Crossings 200.
Kulturmøter fører til forandring
Føremålet med prosjektet i Innlandet er å styrke sosial bærekraft og bygge sterke fellesskap og inkluderande møteplassar i heile fylket. Tema for den regionale markeringa er migrasjon og identitet.
– Innlandet har vore eit stort migrasjonsfylke. Å vandre er å forandre, sa kultursjef i Innlandet fylkeskommune, Kurt Ole Linn då han presenterte fylkeskommunen sitt bidrag under lanseringa på Anno Norsk utvandrermuseum onsdag 15. januar.
Under lanseringa vart det omvisning på byggeplassen der ei heilt ny utstilling skal opne 7. juni. Utstillinga har fått tittelen Ukjent landskap.
Geir Ove Andreassen
– Folk har reist og flytta på seg til alle tider. Dette er ei stor og viktig markering i landet si historie.
Det blir mange ulike markeringar i løpet av året, som til dømes føredrag, konferansar, utstillingar og ulike ungdomsprosjekt.
Prosjekt om migrasjon og identitet
Linn losa publikum gjennom seks prosjekt som fylkeskommunen står bak. Desse er:
- “Utvandrarløypa 2025 - stolpejakt og historiefortelling”: i år blir det stolpejakt med tema migrasjon og identitet rundt om kring i Innlandet. Her kan du oppdage forlatte husmannsplassar og finne ut meir om utvandringa til Amerika.
- “En foredragsrekke om migrasjon og identitet”: seks ulike forskarar held foredrag om migrasjon og identitet på biblioteka i fylket.
- “Skogfinske kulturminner fram i lyset!: synleggjere skogfinske, arkeologiske kulturminner i samarbeid med organisasjonen Unge Skogfinner i Norge.
- “Grav deg ned i tide(n)”: elevar på mellomtrinnet får prøve seg som arkeologar i sandkassa. DKS-produksjoner.
- “Visst faen är du skogfinne!”: dette sitatet var starten på Rose Marie Aker si reise inn i sitt eige skogfinske opphav. Resultatet blir ei teaterforestilling for ungdom og vaksne i Innlandet. DKS-produksjon.
- “Passet påskrevet - på sporet av Loa-folket”: dette er eit djupdykk i arkivet om dei reisande i Innlandet.
Ukjende historier og ny kunnskap
Prosjektleiar Mariann Bjelle i Innlandet fylkeskommune er klar på kva vi i Innlandet har i vente i det komande året.
– Dette blir eit år der ukjente historier og ny kunnskap om vår eiga utvandring skal fram i lyset. For 200 år sidan var det nordmenn som reiste, mellom anna på grunn av vanskelege kår heime.
– Fleire av prosjekta er relatert til utvandringa, medan andre er relatert til dagens innvandring. Vi kan lære mykje om oss sjølve ved å bli betre kjend med vår eiga fortid. Dette gir oss også høve til å forstå fleire perspektiv ved migrasjon og belyse kvifor folk vel å reise frå heimlandet sitt i dag.
Direktør for Anno museum, Sven Inge Sunde, påpeika at Crossings 200 er ei markering som tek for seg tema som er aktuelle i dag.
Geir Ove Andreassen
Crossings 200
Direktør for Anno museum, Sven Inge Sunde, påpeiker at den nasjonale markeringa Crossings 200 blir ei annleis markering enn det vi har sett ved tidlegare jubileum.
– Vi vil tematisere ting som gjer dette relevant i dagens kontekst.
Føremålet med Crossings 200 er:
- Å skape større kjennskap til norsk utvandring, i særleg grad i Nord-Amerika
- Å bruke kunnskap om utvandringsfeltet til betre å forstå prosessar om innvandring og tilpassing det norske samfunnet i dag.
- Å skape transatlantisk samarbeid mellom dagens nordmenn i utlandet og i Noreg, med utgangspunkt i felles kulturarv for samarbeid innan kultur, utdanning, turisme, næringsliv og forsking.
– Ved at vi har teke på oss det ansvaret vi har gjort med Crossings 200, vil óg nettverk bli skapt og kunnskapen om Norsk utvandrermuseum vil auke. Den kunnskapen skal vi bygge vidare på.
På Norsk utvandrermuseum held dei no på med ei stor renovering og ombygging dei ei ny utstilling skal opne 7. juni i år. Her har Innlandet fylkeskommune bidrege med midlar. I tillegg blir museet arena for eit nytt historisk spel som har premiére i 2025.
Her kan du lese meir om Utvandrarmarkeringa 2025 i Innlandet.
Her kan du lese mer om den nasjonale markeringa Crossings 200.