Møt Sigrid Stubsveen, prosjektleiar for Folkedans Innlandet

Folkedans Innlandet er eit fylkeskommunalt prosjekt med mål om å styrke folkedansen i Innlandet.

Prosjektleiar for Folkedans Innlandet, Sigrid Stubsveen. - Klikk for stort bildeProsjektleiar for Folkedans Innlandet, Sigrid Stubsveen. Thor Hauknes Sigrid Stubsveen er i gang med jobben som leiar for dette heilt nye, unike og spanande prosjektet som Folkedans Innlandet er. 

Eg gler meg verkeleg til å ta fatt på arbeidet og å vere med på å forme prosjektet det neste året, seier Stubsveen i ei pressemelding. 

Fylkeskommunen vil styrke folkedansen i Innlandet

Prosjektet er fylkeskommunalt og varar i eitt år. Målet er å styrke folkedansen i heile Innlandet. Det er Valdres folkemusikkarrangement på Fagernes som skal leie arbeidet. Innhaldet i prosjektet er seminarar, opplæring og arbeid med å utvikle fleire produksjonar saman med utøvarar.

Kunnskapsdeling er viktig

Innlandet har mange gode miljø i ulike dalføre, men det finst også kvite flekkar på kartet når det kjem til dans. Derfor er det eit mål for prosjektet å få til kunnskapsutveksling mellom det profesjonelle feltet og dei frivillige for å få til gode tiltak.

Stubsveen sier i ei pressemelding at ho er sikker på at Folkedans Innlandet vil skape gode ringverknader for folkedansen. For tida er Stubsveen frilansmusikar og pedagog, busett i Engerdal. Ho har utdanninga si frå Noregs musikkhøgskule, og står også bak festivalen Heme dine i Engerdal.

Dansefestar er arena for rekruttering og læring

- I året som kjem vil eg jobbe for å gjennomføre fire arrangement rundt om fylket, der kvart arrangement vil ha litt ulikt fokus. Felles er at det skal leggast stor vekt på å skape gode og tilgjengelige arenaer for folkedansen. Dette kan vere kurs for fleire nivå, seminar og ikkje minst tradisjonelle dansefestar som gjennom tidene har vore gode stader for rekruttering innen folkedansen, fortel Sigrid.

Ny produksjon til Den kulturelle skolesekken

- Eg vil også jobbe mot å produsere ein ny DKS-produksjon som tek føre seg folkedansen i Innlandet, med mål om å bidra til å formidle rikdommen og den kulturarven vi har i folkedansen i dette fylket. Burde ikkje alle elevar i skulane få mogleiken til å få møte folkedansen frå det området dei bur? Det er i alle fall eit langsiktig mål, seier Sigrid. 

- Det er også svært viktig for meg å komme i kontakt med lokale aktørar, få til samarbeid og støtte den aktiviteten og det initiativet som kjem frå dei lokale miljøa. Det kan vere lokale spelemannslag og danselag, kulturskular, utøvarar, festivalar eller andre som ønskjer å bidra til auka folkedansaktivitet i fylket.

Ny landslinje i folkedans

I tida framover vil prosjektleiaren samarbeide med Vinstra vidaregåande skule om å skrive ein søknad om å opprette landslinje i folkedans. Vinstra vidaregåande har allereie ei svært god og anerkjent landslinje i folkemusikk, og ønskjer no å jobbe fram ein søknad om folkedanslinje i tillegg.

- Denne ideen støttar vi sjølvsagt fullt ut. Vi ser det som ei sjølvfølgje at ei landslinje i folkedans vil passe særs godt på Vinstra og i folkedansmiljøet ein har der, seier Stubsveen.

Viktig kulturarv som passer for alle

Utan tvil brenn Sigrid Stubsveen for folkemusikken og dansen, men kvifor er folkedansen viktig, spør vi ho?

- Folkedansen er viktig både som kulturarv, som aktivitet i seg sjølv, som inkluderande aktivitet for alle aldre og samfunnslag. Her vil eg sitere referansegruppa som jobba mot opprettinga av denne stillinga eg har fått: 

«Vi må tørre å være stolte av folkedansen. Vår kulturarv trenger at vi gir den selvtillit og annerkjennelse. Stolthet og tro gir dansen høyere status, og flere vil våge seg utpå dansegulvet. Folkedansen gir oss en kroppslig selvtillit, og vi lærer oss nærkontakt og en fysisk kontakt med andre vi møter. Folkedansen i Norge passer for alle aldersgrupper, alle samfunnslag og vi må introdusere den på måter som gjør at alle kjenner seg velkommen. Om folk ikke blir introdusert for folkedansen og folkemusikken – da kan de heller ikke ta stilling til den.»

Innlandet er rikt på folkedanstradisjoner

- Det finnast sjølvsagt mange former for dans, men dette prosjektet dreiar seg om folkedansen spesifikt, fortell Sigrid Stubsveen, og legg til at det er mykje fantastisk materiale å jobbe med i Innlandet. Fylket rommar eit stort mangfald av særeigne folkedanstradisjonar, held ho fram.  

Med slikt engasjement og kompetanse med på vegen forstår vi at prosjektet er i dei beste hender, men kvar er folkedansen i Innlandet om eit par år spør vi til slutt?

- Fylkeskommunen si overordna målsetjing i satsninga på folkedansen i Innlandet, er å sikre breidde og rekruttering i heile Innlandet. På den måten blir feltet bærekraftig og tek den nødvendige plassen i lokalmiljøet, i utdanningsløp og kunstfeltet, og med det sikre stabil og langsiktig videreføring av feltet.

Meir dans til flere

Vonleg er det stadig fleire arenaer for folkedansen. Både den sosiale dansen, den sceniske dansen, dans for born, vaksne, og eldre i åra som kjem.

- Vi ønskjer at folkedansen skal være tilgjengelig også for dei som vil fordjupe seg, avslutter prosjektleiar for Folkedans Innlandet Sigrid Stubsveen.

Til toppen