Klarte å stå imot "Hans"

Eit naturbasert flomsikringstiltak i Sør-Fron sikra området då ekstremværet herja.

Fylkesordførar Aud Hove, Ole Johan Kolseth (primus motor for arbeidet lokalt), ordførar i Sør-Fron Ole Tvete Muriteigen og Jon Olav Skurdal (ein av dameigarane). Ein kombinasjon av PHUSICOS-midlar og ein stor dugnadsinnsats lokalt, sikra bygda mot flaum. Her ved utlaupet av demninga.   - Klikk for stort bildeFylkesordførar Aud Hove, Ole Johan Kolseth (primus motor for arbeidet lokalt), ordførar i Sør-Fron Ole Tvete Muriteigen og Jon Olav Skurdal (ein av dameigarane). Ein kombinasjon av PHUSICOS-midlar og ein stor dugnadsinnsats lokalt, sikra bygda mot flaum. Her ved utlaupet av demninga. Leila Øvreseth Områder langs Skurdalsåa, ei sideelv til Lågen, vart råka av kraftig flaum i 2011 og 2013. Den gong vart det taksert naturskadar for 8-10 millionar kroner.

Reknar ein med dei skadane som vart dekka av private forsikringar, slik som hus og hytter, og offentleg infrastraktur, vart summen långt høgare.

So langt etter «Hans» har ingen meldt om skadar. 

Bygde ny demning

I fjor starta arbeidet med å oppgradere demninga i Svintjønna. Føremålet var å hindre skadar i framtida ved å auke fordrøyningskapasiteten i dammen, som vart bygd på 1800-talet. Like før «Hans» råka Innlandet, vart Svintjønna tappa ned. 

– ­Dette prosjektet viser at også relativt små tiltak har stor betydning for å førebygge skader. Her har lokale eldsjeler stått på og med god lokalkunnskap vore med på å finne gode løysingar, seier fylkesordførar Aud Hove (Sp).

Finansiert gjennom PHUSICOS

Dei økonomiske rammene for utbygginga låg i underkant av 1 million kroner. 600 000 kroner av desse kjem frå det EU-finansierte PHUSICOS-prosjektet, eit prosjekt som frontar naturbaserte løysingar. Resten er finansiert gjennom Lågenplanen og ein betydeleg dugnadsinnsats frå folk i bygda. 

– Det har vore fokus på gjenbruk av dei same materiala for å minimere avtrykk og legge damkrona høgre slik at ein har større fleksibilitet ved ein flaumsituasjon. I tillegg har vegetasjon langs elvelaupet i Skurdalsåa blitt rydda for å sikre at vatnet har fri ferdsel, seier seniorrådgjevar og prosjektleiar for PHUSICOS i Innlandet fylkeskommune, Turid Wulff Knutsen.Fylkesordfører Aud Hove, Jon Olav Skurdal (ein av dameigarane), Ole Johan Kolseth (primus motor for arbeidet lokalt) og ordførar i Sør-Fron Ole Tvete Muriteigen. Ein kombinasjon av PHUSICOS-midlar og ein stor dugnadsinnsats lokalt, sikra bygda mot flaum. Her ved utlløpet av demninga.  - Klikk for stort bildeTurid Wulff Knutsen fortel at 160 meter av elvlaupet har blitt rydda. Leila Øvreseth

Har hindra skade lenger nede

Fylkesordføraren er godt nøgd med resultatet.

– ­Det er bra at fylkeskommunen fekk kopla dette saman med PHUSICOS-prosjektet. Vi fekk i land ei finansiering og fekk dei nødvendige godkjenningane før jul i 2022, og arbeidet var ferdigstilt våren 2023.  Eg er sikker på at dette tiltaket har forhindra skader lenger nede under flaumen, seier Hove.  

Godt alternativ til tradisjonell flaumsikring

Knutsen meiner dette er eit godt døme på klimatilpassing som fungerer i ei ny tid. 

– Naturbaserte og naturinspirerte løysingar kan vere eit godt alternativ til tradisjonell flaumsikring. Her har dei opphavelege steinane frå 1800-talet blitt brukt opp att for å minimere klimaavtrykket. Håpet er at tiltaket vil avgrense bruk av meir invaderande tiltak langs elvelaupet. Når vi ser kor godt tiltaket fungerte under «Hans» har vi endå større tru på denne type tiltak, avsluttar Knutsen.  

Naturbaserte tiltak har vore prøvd ut i større skala i urbane strøk, men i PHUSICOS er det mindre tettbebygde fjellområde som har stått sentralt. Demninga i Sør-Fron kan tappast ned med 1,5 meter - Klikk for stort bildeDemninga kan tappast ned med 1,5 meter. Leila Øvreseth

Fakta Horisont Europa/PHUSICOS

  • PHUSICOS er eit forskings- og innovasjonsprosjekt finansiert gjennom EU-programmet Horisont 2020 (nå Horisont Europa).
  • Målet er å vise at naturbaserte løysingar mot naturfare som flaum og ras kan vere eit godt alternativ til tradisjonelle ingeniørlysingar. Naturbaserte løysingar er basert på naturlege prosessar og økosystem og er ei berekraftig tilnærming til klimatilpassing. Slike grøne løysingar gir tilleggseffektar utover rein tryggleik, slik som bevaring av biomangfald og attraktiv stadsutvikling. Desse løysingane har ein naturleg estetikk, og kan dermed føre til mindre behov for tiltak som opplevast som meir invaderande i landskapet.
  • Fylkeskommunen vart tildelt 14 millioner kroner over fem år i 2017 til naturbaserte tiltak i Gudbrandsdalen. Sør-Fron, Øyer og Skjåk var deltakende kommunar.
  • Norges Geotekniske Institutt (NGI) er prosjektleiar for PHUSICOS.
  • PHUSICOS har testa ut tiltak i Gudbrandsdalen, Toscana (Italia) og Pyreneene (Frankrike og Italia).