Frivillige gjer ein veldig viktig jobb i vedlikehald av dagsturhyttene og gjennomføring av stolpejakta. Odd Rise og Knut Malmo i Ringsaker Orienteringsklubb har arrangert Stolpejakta lokalt i ti år, til glede for mange som har kome seg ut på tur. Her saman med Line Kongssund frå Stolpejaktforeningen og Sindre Tollan frå Ringsaker kommune.
Foreningen Stolpejakten.
Stolpejakta har blitt ein populær og landsomfattande aktivitet sidan oppstarten i 2013.
I samarbeid med Foreningen Stolpejakten og lokale arrangørar ønsker fylkeskommunen å støtte opp om nærfriluftslivsaktivitetar ved dagsturhyttene i Innlandet.
Møteplassar i nærmiljøet
Sparebankstiftelsen DNB og Sparebankstiftelsen Hedmark har støtta prosjektet med 600 000 kroner kvar.
– Terskelen for å kunne drive med friluftsliv skal vere så låg som mogleg. Både dagsturhyttene og stolpejakta bidreg til at endå fleire kjem seg ut på tur og får oppleve naturen og drive med fysisk aktivitet. Stolpejakta bidreg òg til at folk blir betre kjend med sitt eige lokalmiljø. Dette prosjektet er godt forankra i Innlandsstrategien og berekraftsmåla, seier leiar for hovudutval for kultur, Tom Svellet (Ap).
Ulik vanskegrad
Fram til no er det sett opp ni dagsturhytter i Innlandet. Stolpejakta ved dagsturhyttene følger den ordinære stolpejakta i kommunane. Plassering av stolpane har ulik vanskegrad og det blir lagt opp til at ein kan nå dei med rullestol i nokre område.
– Stolpejakta er eit av dei største folkehelsetiltaka i Noreg og vi er veldig glad for at vi har fått til dette samarbeidet. Dette er ein aktivitet som passar folk i alle aldrar. Vi håper at so mange som mogleg nyttar høvet til å kome seg ut på tur. No kan folk jakte både dagsturhytter og stolpar, seier prosjektleiar for Dagsturhytta Innlandet, Tuva Eiklid.
Cirka 30 dagsturhytter skal settast opp innan utgangen av 2025 og alle hyttene blir med i stolpejakta.
Her kan du lese meir om Dagsturhytta Innlandet.
Her kan du lese meir om Stolpejakta.