Støttar foreslåtte inntektsendringar

Fylkesutvalet støttar forslaget frå ekspertutvalet om inntektssystemet for fylkeskommunane.

Norske pengesedler - Klikk for stort bilde Mostphotos Dette er innstillinga frå fylkesutvalet til fylkestinget, som 22. februar endeleg skal vedta kva som skal vere høyringsinnspelet frå Innlandet fylkeskommune.

Blir endringane ekspertutvalet foreslår vedtatt, kan Innlandet fylkeskommune få opptil 134 millionar kroner meir i året.

Treffsikre kriterium

Politikarane er einig i forslaga frå ekspertutvalet til endringar i kostnadsnøklane. Dei meiner at utvalet har gjort ein god jobb med å finne meir treffsikre kriterium på både fylkesveg og kollektivtransport.

Det er særs viktig, meiner politikarane, at ein legg vekt på objektive kriterium i inntektssystemet, slik at prioriteringane fylkeskommunane gjer ikkje påverkar systemet.

Kollektivtransport

Fylkesutvalet støttar forslaget frå ekspertutvalet om ein felles kostnadsnøkkel for all kollektivtransport. Utvalet legg fram to ulike alternativ som dei meiner begge er betre alternativ enn dagens kostnadsnøkkel.

Alternativ 1 tar større omsyn til trengsel og forhold i storby. Alternativ 2 tar i større grad omsyn til fylkeskommunar med båtruter og spreidd busetnad, og er det fylkesutvalet går for.

Fylkesveg

I dagens kostnadsnøkkel er kriteriet «investeringsmidlane til fylkesveg» vekta slik: vedlikehaldsbehov 70 prosent og innbyggartal 30 prosent.

I det nye forslaget tel innbyggartalet berre 10 prosent. Grunnen til det er at fylkesvegane må haldast ved like uavhengig av kor mange som bur langs vegen.

Vidaregåande opplæring

Når det gjeld vidaregåande opplæring, har utvalet berre foreslått små endringar. Forslaget til kostnadsnøkkel inneheld framleis dei same kriteria, men dei er vekta annleis.

Til dømes blir kriteriet «personar mellom 16 og 18 år» vekta noko mindre enn i dag, medan kriteria «søkararar til læreplass» og «reiseavstand» blir vekta meir.

Tannhelse

Utvalet peikar på at reiseveg er ei ufrivillig ulempe som fører til økte kostnadar innan tannhelse.

Fylkesutvalet støttar at reiseavstand er foreslått som nytt kostnadselement i tannhelsesektoren, sidan svak befolkningsutvikling ikkje alltid automatisk gir lågare kostnader.

Politisk behandling

Hans Kristian Enge (Ap) sa frå talarstolen tysdag at dette er ei viktig sak for Innlandet. Han oppfordra alle partia til å snakke saman i forkant av fylkestinget og understreka at høyringsfråsegn får meir kraft om partia står samla.

Fylkesutvalet gjekk einstemmig for innstillinga til fylkeskommunedirektøren, men fleire parti antyda at det kan komme alternative forslag når dei skal behandle saka i fylkestinget.

Les sakspapira PS 23/2023

Tillegg i fylkestinget

Da saka blei behandla i fylkestinget 22. februar, fremma Olav Røssum (Sp) på vegne av Ap og Sp et alternativt forslag der fleire moment som blir nemnd i saka blir tatt med i sjølve vedtaket.

Dei nemner også spesielt at Nord-Noreg-tilskotet bør blir erstatta av ei felles distriktspolitisk tilskot som også omfattar fylkeskommunar i andre delar av landet. Dessutan meiner dei at inntektssystemet bør stimulere til at tenester i områder med distriktsutfordringar kan opprettholdast. Distriktsutfordringar kan vere låg vekst i folketal, spreidd busetnad og lange avstandar.

Kva er eit inntektssystem?

Eit inntektssystem skal bidra til eit likeverdig tenestetilbod over heile landet gjennom fordelinga av midlar til fylkeskommunen.

Gjennom inntektssystemet blir rammetilskot og skatteinntekter fordelte mellom fylkeskommunane. Dette er frie inntekter som fylkeskommunen disponerer fritt. Dei utgjer litt under 80 prosent av inntektene til fylkeskommunen.

Kvifor eit nytt system?

Frå 1. januar 2024 skal tre fylke bli delt i sju nye. Viken blir Akershus, Buskerud og Østfold, Vestfold og Telemark blir delt i to, og det same gjeld Troms og Finnmark.

Inntektssystemet må tilpassast den nye fylkesinndelinga.

Våren 2022 oppnemnde Kommunal- og distriktsdepartementet eit ekspertutval for å vurdere og foreslå endringar i inntektssystemet for fylkeskommunane.