Det blei omfattande skader etter stormen i Valdres i 2021.
Hedalen.no/Arne Heimestøl
Fylkestinget vedtok onsdag Saman om eit tryggare fylke: regional plan for samfunnstryggleik.
Innlandssamfunnet skal samarbeide for å redusere sjansane for at uønskte hendingar skjer. Dessutan skal vi saman finne løysingar for korleis vi kan redusere konsekvensane når noko skjer.
Regional plan for samfunnstryggleik byggjer på ei erkjenning av at å dele kunnskap og erfaringar er ein viktig del av arbeidet med samfunnstryggleiken.
Mål og strategiar
Planen har tre mål som skildrar kvar vi ønskjer å vere i 2035:
- Vi bur trygt i heile Innlandet.
- Vi er førebudde.
- Vi lærer, deler og bidreg.
Planen har vidare fem strategiar for korleis vi skal jobbe saman for å nå desse måla:
Vi skal:
- utnytte og auke kompetansen innan samfunnstryggleik
- sikre ei framtidsretta arealplanlegging og forvaltning som bidreg til betre samfunnstryggleik
- sikre tilstrekkeleg og robust energiforsyning
- sikre og utvikle infrastruktur som toler framtidige utfordringar og tek vare på det grunnleggjande behovet i samfunnet
- auke samarbeidd og betre samfunnstryggleiken
Gjeld for heile Innlandet
Den regionale planen er retningsgivande for kommunar, kompetanseinstitusjonar, næringsliv, frivillige organisasjonar og statlege aktørar i Innlandet.
Fylkestinget har det overordna ansvaret for planen og har også ansvaret for å sørgje for at planen blir følgt opp. Regional partnarskap er ein sentral arena for å samordne arbeidet med planen.
Regional partnarskap blir leidd av Innlandet fylkeskommune og består i tillegg av Statsforvaltaren i Innlandet, KS, Nav Innlandet, LO, NHO, Fagskolen Innlandet, Innovasjon Noreg, Høgskolen i Innlandet og NTNU.
Medverknad og høyring
I prosessen med å lage denne regionale planen har fylkeskommunen gjennomført fire medverknadsseminar i tillegg til ein skrivekonkurranse for ungdom og digitale møte med alle kommunane.
Planforslaget har også vore ute på høyring, og det kom inn 56 skriftlege innspel.
Politisk behandling
Truls Gihlemoen fremja eit alternativt forslag som handla om jordvern.
- Det er eit punkt eg også tok opp då vi la ut planen på høyring og undervegs i planarbeidet, og det er det eg synest er eit overdrive fokus på jordvern. Eg er meir oppteken av kva vi produserer enn kvar vi produserer det. Difor ønskjer eg at ordlyden skal endrast slik at fokuset blir retta mot matproduksjonen og ikkje arealet, sa han.
Forslaget til Gihlemoen fall med 10 mot 46 stemmer.
Planen samla sett vart einstemmig vedteken.
Les sakspapira PS 31/2023
Les den regionale planen