Over 111 millionar kroner til breiband

Både statlege og fylkeskommunale midlar til breiband vart fordelte i hovudutval for næring onsdag.

Fiberoptisk kabel - Klikk for stort bilde Jack Moreh/freerangestock.com Til saman er det snakk om over 111 millionar kroner. Vel 93 millionar kroner er statlege, medan vel 18 millionar kroner er fylkeskommunale.

I denne ramma ligg det også ubrukte midlar frå 2022 og ei ekstraløyving gjort av fylkestinget i juni i samband med justering av budsjettet for 2023.

Nkom vedtek

Det er 39 søknader som er prioriterte for tilskot frå dei statlege midlane, medan ni prosjekt er prioriterte frå fylkeskommunale midlar.

Når det gjeld dei statlege midlane, er rolla frå fylkeskommunen å vedta ei prioriteringsliste over godkjende søknader som blir send til Nkom som innstillinga vår.

Kommunar søkjer

Til saman er det levert totalt 27 søknader frå 21 kommunar. Desse søknadene utgjer 62 delprosjekt som blir behandla individuelt.

Målet med ordninga er å gi støtte til utbygging av breiband i område som ikkje er kommersielt lønnsame å byggje ut. Det er berre kommunar som kan søkje.

Hovudkriteriet for tildelinga frå staten er breibandsdekkinga på 100 Mbit/s i fylket i 2022 og talet på kommunar i fylket som blir kategorisert som lite sentrale (sentralitetsklasse 5 og 6).

Det er Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) som reknar ut breibandsdekkinga.

Saka vart einstemmig vedteken.

Sjå kven som er prioritert til å få breibandsmidlar i sakspapira PS 24/2023