Kulturpengar til barn og unge

Fire kulturprosjekt retta mot barn og unge får nesten 2 millionar kroner.

Det vedtok hovudutval for kultur onsdag.

Dei vedtok òg å opprette ei stimuleringsordning for å auke UKM-aktiviteten.

Oppfølging av kulturstrategien

Då kulturstrategien vart vedtatt i fylkestinget i 2021, vart det òg bestemt at det skulle setjast av 1,8 millionar kroner årleg til kulturprosjekt mynta på barn og unge. Då vart dei fire prosjekta som får pengar no, plukka ut.

Slik blir pengane fordelte for 2024:

  • Unge arrangører: 650 000 kroner
  • E-sport Innlandet: 650 000 kroner
  • Litteratur i Innlandet: 300 000 kroner
  • Klimapark 2469: 200 000 kroner

Litt om prosjekta

Prosjektet Unge arrangører har som hovudmål å skape engasjement hos unge som i framtida kan bli dyktige arrangørar i kulturlivet i Innlandet. Både Den kulturelle skolesekken og UKM skal mellom anna halde ulike arrangørkurs.

Ung jente foran datamaskin med flere skjermer - Klikk for stort bildeE-sport er eit av prosjekta det vert satsa på som oppfølging av kulturstrategien. Mostphotos E-sport-prosjektet skal utvikle og koordinere møteplassar og arrangement for barn og unge. Innlandet E-sport vart stifta i januar 2023 og består så langt av Moen sportsklubb, Odal E-sport og Raufoss E-sport. Klubbane legg til rette for gaming og tilbyr mellom anna treningar i e-sport kvar veke.

Gjennom prosjektet Litteratur i Innlandet har bokbussen mellom anna hatt ein eventyrquiz på alle skulane i Innlandet. Vinnarklassa fekk besøke eit arkeologisk utgravingsfelt. Bokbussen har òg gjennomført ein skrivekonkurranse om eit sverd frå 1200-talet som vart funne på Biri.

Gjennom prosjektet til Klimapark 2469 blir elevane tatte med til Juvassbreen gjennom VR-briller. Dei ser den smeltande isen og opplever eit landskap i rask endring. I tillegg til VR-briller skal Den kulturelle skolesekken òg ha med seg to formidlarar frå klimaparken når dei reiser rundt på skulane.

Saka vart einstemmig vedtatt.

Les sakspapira PS 36/2023

Stimuleringsordning for UKM

Hovudutval for kultur vedtok onsdag å opprette ei ordning for å få auka deltaking i UKM (Ung kultur møtast). Denne gjeld berre for eitt år, og det er kommunar som kan søke.

Potten er på 200 000 kroner, og kommunane kan søke om maksimum 20 000 kroner. Pengane skal brukast på tiltak som aukar aktiviteten eller gjer UKM meir synleg for ungdommen.

Bakgrunnen for ordninga er at UKM må byggast opp igjen etter pandemien. Midlane skal hjelpe kommunane til å komme ordentleg i gang igjen.

Les sakspapira PS 35/2023