"Troll" kan vinne prestisjepris

Filmen med scener frå Gudbrandsdalen er nominert for «Outstanding locations». - Svært bra for framtidige innspelingar.

Illustrasjon frå filmen Troll - Klikk for stort bildeIllustrasjon frå filmen Troll Jallo Faber/Netflix I morgon, 26. august går The Location Managers Guild International Awards (LMGI) av stabelen i Santa Monica, California. Då blir det avgjort om filmen «Troll» stikk av med den gjeve prisen.

Verdas viktigaste filmlocation-pris

«Troll», som er regissert av Roar Uthaug og produsert av Motion Blur, er nominert i kategorien «Outstanding Locations in a Contemporary Feature Film” (eineståande innspelingstader i ein moderne film).

Nokre av dei mest ikoniske scenene i filmen er spelt inn i Lom og på Hunderfossen. 

– Dette er den største anerkjenninga som kan bli gitt til ein location manager og scout (ansvarleg for å finne innspelingsstadar og tilrettelegge for sjølve produksjonen under innspeling). Dette er verdas viktigaste locationpris. Det er stort at «Troll», som er spelt inn i Gudbrandsdalen, Oslo og på Vestlandet, er nominert, og at fleire av Noregs dyktigaste fagfolk på feltet reiser over for å promotere oss, seier filmkommisjonær Hanne Larsen frå Østnorsk Filmkommisjon.

-Litt kortare frå Hollywood til Hunderfossen

Filmkommisjonæren er tydeleg på kvifor ein internasjonal filmpris er viktig for Innlandet:

– Dette bli lagt merke til internasjonalt og dermed viktig for å bygge opp Innlandet som innspelingsstad. Det aukar sannsynet for at store filmproduksjonar vil undersøke moglegheiter her i regionen. Avstanden frå Hollywood til Hunderfossen blir dermed litt kortare.

Under «Snowballkonferansen» på Kvitfjell tidlegare i år, deltok Larsen saman med produsent Kristian Sinkerud og regissør på «Troll» for å snakke om filmturisme.

– Roar Uthaug sa då at sjangeren og den spektakulære naturen truleg er det som har gjort «Troll» til den mest sette «ikkje engelskspråklege» filmen på Netflix i fjor. Den ser storslått ut, med den fantastiske norske naturen. Det er eksotisk og den er bygd på norrøn mytologi. Det er populært ute i verda.

Filmkommisjonær i Innlandet, Hanne Larsen, Regissør Roar Uthaug, produsent Kristian Sinkerud. Her under Snowball-konferansen 2023 i Kvitfjell der dei snakka om filmturisme.  - Klikk for stort bildeFilmkommisjonær i Innlandet, Hanne Larsen, Regissør Roar Uthaug, produsent Kristian Sinkerud. Her under Snowball-konferansen 2023 i Kvitfjell der dei snakka om filmturisme. Visit Lillehammer/Snowballkonferansen

Bra for Noreg og bra for Innlandet

I tillegg til filmen "Troll", er TV-serien "Succession" med scener frå Vestlandet, nominert i kategorien "Outstanding locations in a Contemporary Television Series".

– Dette er heilt fantastisk. Alt som kan marknadsføre Noreg som innspelingsstad er bra for Noreg og bra for Innlandet på sikt, avluttar filmkommisjonæren. 

Fakta om «Troll»

  • Norsk action- og eventyrfilm, som er spelt inn i Lom, Hunderfossen, Vestlandet og Oslo
  • Lansert: 1. desember 2022 på Netflix
  • Regi: Roar Uthaug
  • Produsent: Motion Blur
  • Manus: Espen Aukan/Roar Uthaug
  • Supervising Location Manager/scout: Audun Skarbøvik
  • Location Manager/scout: Leo Resnes 
  • Location Scout: Espen Rudi 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Filmkommisjonær for Østnorsk Filmkommisjon, Hanne Larsen på telefon 979 66 954 eller e-post hanne.larsen@innlandetfylke.no.