Slik skal Innlandet seljast som innspelingsstad

Innlandet er attraktivt, samstundes er konkurransen hard. No står samarbeid med reiselivet på agendaen.

Hanne Larsen - Klikk for stort bildeFilmkommisjonær for Innlandet, Hanne Larsen. Mariann Bjelle Ei rekke filmproduksjonar med scener frå Innlandet har première det komande året. Filmproduksjon er god butikk og genererer inntekter til overnattingsverksemder, restaurantar og transportselskap.

I tillegg kjøper produksjonsselskapa ulike tenester, mellom anna hos dei mange verksemdene innan film og TV i regionen. 

- Den mest visuelle bransjen i verda 

Innlandet fylkeskommune valde å opprette Eastern Norway Film Commission tidlegare i år. Hanne Larsen vart tilsett som filmkommisjonær for Innlandet. Nyleg vart den viktigaste plattforma for å selje Innlandet nasjonalt og internasjonalt lansert; easternnorwayfilm.no.

Dette er den mest visuelle bransjen i verda og heimesida må vere "up to date", brukarvenleg og visuelt lekker. Dessutan er det lagt vekt på at det er bileta som skal framhevast. Det er dei som skal selje Innlandet. Vi har òg produsert ein visuell og flott dronefilm frå Innlandet, seier Larsen og held fram:

- Den viser eit breitt spekter av det Innlandet har å by på av moglege locations (innspelingsstadar), til ulike årstider. Traileren til Netflix-filmen "Troll" ligg òg på heimesida, fortel Larsen entusiastisk og legg til at "Troll" toppar tal visningar på den kjende straumetenesta.

Arkiv over moglege innspelingsstadar 

Larsen valde å prioritere å få på plass eit arkiv med bilete (locationarkiv) på heimesida slik at produsentar og regissørar kan finne døme på innspelingsstadar i regionen. 

- Eg er stolt over å ha fått på plass eit locationarkiv etter so kort tid. Det er faktisk berre ein annan regional filmkommisjonær i Noreg som har dette, og den har eksistert i 16 år. 

Samarbeid med reiselivet

Ei av satsingane i 2023 er eit tett samarbeid med reiselivet der ein ønsker å synleggjere film og reisemål i Innlandet gjennom bruk av utøvarar innan ski, kiting og sykling.

- Desse utøvarane har mange følgjarar i sosiale medium. Filmane dei lagar frå ulike locations og anlegg dei besøker blir spreidd effektivt. Dette har vist seg å vere ein kostnadseffektiv reklame som når ut til svært mange. 

Larsen fortel vidare at det blir jobba for å knytte endå tettare band med lokal filmbransje og samarbeidspartnarar i Innlandet.

- Eg ønsker å sjå på korleis vi kan utnytte potensialet vårt inn mot filmbransjen nasjonalt og internasjonalt. Dessutan er det viktig å kartlegge kva vi manglar i Innlandet for å kunne vere eit godt mottaksapparat for filmproduksjonar som kjem til oss. 

Snøgaranti

Innlandet har fleire fordelar i konkurransen om å bli vald som innspelingsstad. Det handlar ikkje berre om mykje flott natur og historisk arkitektur. 

- Fordelen vår er at vi er nær Gardermoen og Oslo, har god infrastruktur og stor hotelltettheit. Det er ein kostnadskrevjande øving å flytte skodespelarar og stab på ein heil filmproduksjon. Det er difor avgjerande at logistikken flyt. Vi har co-produsentar (moglege samarbeidspartnarar) og dyktige filmarbeidarar i regionen. Og, ikkje minst har vi snøgaranti store deler av året. 

Larsen påpeiker samstundes at insentivordninga (refusjonsordninga) for film i Noreg er ei av verdas minst konkurransedyktige og at bransjen har svært avgrensa med midlar til co-produksjon. 

- Difor vel produsentane seg andre land, som Island, Finland og Irland der ordningane er betre. Økonomi vil nesten alltid vere avgjerande for kor ein legg ein filmproduksjon, og slik insentivordinga fungerer no kjem dessverre Noreg til kort. Hanne Larsen deltok  nyleg under filmmessa FOCUS London. Her ved standen til den nordiske filmkommisjonen. - Klikk for stort bildeHanne Larsen deltok nyleg under filmmessa FOCUS London. Her ved standen til den nordiske filmkommisjonen. The Nordics Film Commission.

Hugsar Lillehammer 

Larsen kom nyleg tilbake etter deltaking under FOCUS London, ei internasjonal filmmesse. På marknaden sto dei Nordiske filmkommisjonærane saman på ein felles stand.

- I den internasjonale filmbransjen er Norden gjerne sett på som eitt område. Nokon trur at Noreg er hovudstaden i Sverige og Innlandet har ingen høyrt om, fortel Larsen og påpeikar at det difor er viktig å vere synleg som ein del av Norden og sluse interessentar vidare inn i Noreg og Innlandet.

- Mange hugsar Lillehammer som olympisk by og TV-serien Lilyhammer. Det hjelper på, avsluttar filmkommisjonæren.