Korleis betre integreringa i distrikta?

Lokal informasjonsplattform og regional jobbsentral. Dette er to av elleve anbefalingar som prosjektet MATILDE tilrår.

Kollegar med fleirkulturell bakgrunn kring eit bord. - Klikk for stort bilde Mostphotos Prosjektet har sett på migrasjon frå ikkje-europeiske land til rurale område.

Manglande offentleg transport, spredd busetnad og manglande treffpunkt er nemd som nokre av utfordringane knytt til integrering.

Anbefalingar for lokalt, regionalt og nasjonalt nivå

Den 10. og 11. november 2022 var det sluttkonferanse for MATILDE i Villach i Austerrike. Der deltok Innlandet fylkeskommune saman med Østlandsforskning. Etter dette har det blitt utarbeida elleve anbefalingar for korleis ein kan møte og betre integreringa av innvandrarar i rurale område.

Desse anbefalingane er fordelte på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. 

Betre samarbeid og kommunikasjon om busetting

Ei tilråding er å opprette lokale plattformer for informasjonsdeling kring aktivitetar og treff. På regionalt nivå er det mellom anne føreslått å opprette ein jobbenstral som koplar lokale verksemder og innvandrarar opp mot småjobbar og praksisplassar.  

På nasjonalt nivå er ei av tilrådingane å betre kvaliteten på samarbeid og kommunikasjon mellom staten og lokale myndigheiter om busetting, i tillegg til å gi eit realistisk bilete av dei moglegheitene som fins i distrikta. 

Her finn du alle dei 11 tilrådingane frå migrasjonsprosjektet MATILDE. (PDF, 929 kB)

Fakta om migrasjonsprosjektet MATILDE

  • MATILDE står for Migration Impact Assessment to Enhance Integration and Local Development in European Rural and Mountain Regions.
  • MATILDE er eit treårig forskingsprosjekt (2020-2023) finansiert under EU sitt Horisont 2020-program.
  • MATILDE undersøkar effektane av migrasjon på utviklinga av distriktskommunar og rurale område. Prosjektet sitt utgangspunkt er at inkludering og mangfald er viktige for fornying og innovasjon i desse områda.
  • 10 land (Austerrike, Bulgaria, Finland, Tyskland, Italia, Spania, Sverige, Tyrkia, England og Noreg) er involvert, 12 universitet og forskingsinstitutt, inkludert Østlandsforskning ved Høgskolen i Innlandet, 13 lokale partnarar inklusive Innlandet fylkeskommune.
  • Prosjektet har bestått av 13 casestudium, inkludert Midt-Gudbrandsdalen og Nord-Østerdalen.