Mostphotos
Dette er òg i tråd med nasjonale mål for ein ny, trygg og inkluderande avgangsmarkering.
Saka skapte stort engasjement blant politikarane. Senterpartiets Bente Fossum samanfatta det slik:
– Det handlar ikkje om å ta bort feiringa, men å ta den tilbake til alle.
Utanforskap og press
Bakgrunnen for at dette arbeidet er sett i gang både nasjonalt og regionalt, er tilbakemelding frå ungdom, også i Innlandet, om ei avgangsmarkering som kan ha negative konsekvensar for mange. Dei melder om ekskludering, utanforskap og økonomisk press.
Etter opplæringslova har alle elevar rett til eit trygt og godt skulemiljø, noko mange ikkje opplever med dagens russefeiring.
Nasjonalt arbeid
På oppdrag frå utdanningsdirektørane i fylka har ei nasjonal arbeidsgruppe laget ein felles strategi og handlingsplan for ei ny feiring i 2026. Mange ungdom har òg vorte invitert inn i dette arbeidet, som Elevorganisasjonen, elevråd og ungdomsråd.
Dei overordna måla for det nasjonale arbeidet er å:
- legge avgangsmarkeringa til etter skuleslutt i midten av juni og avgrense feiringa til ei veke
- svekke kontrollen til marknadsaktørane over feiringa og minske kommersielt press
- legge til rette for at avgangselevane har ei felles feiring og ein stad å vere
Regionalt arbeid
Innlandet fylkeskommune har jobba med dette på regionalt nivå sidan våren 2022. Då oppretta dei ei utvida arbeidsgruppe med mellom anna elevar, helsesjukepleiarar og representantar frå politiet og kommunane.
Frå skuleåret 2024/2025 vart det forbode med klede som til dømes markerte russebussar og russegrupper i Innlandet. Det vart òg bestemt at avgangskullet skulle få ein russegenser som viser kva skule dei går på.
Arbeidet framover
Politikerne ønsker å opprette regionale tiltaksgrupper med mellom anna elevar, skuleleiarar, helsesjukepleiarar og representantar frå kommunane og politiet.
Elevane må sjølv fylle russefeiringa med innhald, men dei kan trenge hjelp til organiseringa. Kommunane må ta ansvaret for å finne ein stad for feiringa, meiner fylkestinget.
Innlandet fylkeskommune har sett av 2 millionar kroner til russearrangement. Dette er pengar skulane kan søke på.
– Vanskeleg å få til store endringar
Framstegspartiets fem representantar røysta imot innstillinga samla sett.
– Eg trur ikkje vi klarer å gjere veldig store endringar i russefeiringa eller temje marknadskreftene. Dette er noko av det vi har vore skeptiske til heile vegen. Noko av utfordringa med russetida er at det har vore ei privat feiring som vi med desse vedtaka vi gjer både her og nasjonalt, gjer til ei offentleg oppgåve. Og det skal det i alle fall ikkje vere, sa Truls Gihlemoen.
Partifelle Jostein Kristiansen er samd, og han understreka kor viktig det er med tidleg innsats i skulen:
– Inkludering startar ikkje i mai siste skuleår. Ein skule som bygger kultur, samhald, tryggleik og gjensidig respekt rustar elevar til å gjere nettopp det vi håpar på i russetida – å ta val som inkluderer og ikkje ekskluderer.
Politisk behandling
Sjølv om dei var imot saka, valde Frp å fremje to tilleggsforslag ved Jostein Kristiansen. Det første handla om at fylkeskommunen skal legge til rette for at russen kan bruke fylkeskommunal grunn òg utanfor skuletid.
Forslaget fekk 24 røyster og vart ikkje vedtatt.
Det andre tilleggsforslaget handla om å droppe skulegenserar for avgangselevar, noko Kristiansen kallar fylkeskommunal skuleuniform.
Dette forslaget fekk berre støtte frå Frps 5 representantar og vart ikkje vedtatt.
Ole Mathias Rønaasen (Sp) fremja eit tilleggsforslag som handla om flytting av eksamen. Viss eksamen blir flytta til før 17. mai, meiner Sp at det må gjerast endringar i læreplanen for å sikre kvalitet og innhald òg i det siste semesteret av skuleløpet.
Forslaget fekk 21 røyster og vart ikkje vedtatt.
Joakim Ekseth (H) fremja eit tilleggspunkt om at fylkeskommune skal utarbeide felles retningslinjer for korleis alkohollova skal praktiserast saman med politiet.
Forslaget fekk 17 røyster og vart ikkje vedtatt.
Anne Lise Fredlund (SV) fremja eit endringsforslag på vegner av SV, Ap og MDG om at feiringa skal vere inkluderande for alle avgangselevane anten dei har valt å vere russ eller ikkje.
Dette forslaget kunne alle stille seg bak, og det vart samrøystes vedtatt.
Til slutt røysta fylkestinget over innstillinga samla sett. Denne vart òg vedtatt mot Frps 5 røyster.
Les sakspapira PS 22/2025
Sjå debatten i nett-tv