Fem bibliotek i Innlandet på topp 20-liste

Norsk kulturindeks for 2021 viser at små bibliotek kan utgjere ein stor skilnad.

Dei fem kommunane Vang, Lom, Tolga, Os og Tynset er blant dei 20 beste i landet, ifølgje indeksen. 

Norsk kulturindeks er ei årleg oversikt over kulturtilbod og kulturaktivitetar i norske kommunar og fylke som blir utarbeidd av Telemarksforskning. 

Vang folkebibliotek på topp i Innlandet 

Portrett av biblioteksjefen i Vang, Marianne Riste - Klikk for stort bildeMarianne Riste Vang folkebibliotek Vang kommune i Valdres ligg øvst i Innlandet med ein 7. plass på den nasjonale lista.

Kommunen satsar på kultur og ynskjer å vere ein god kommune å bu og vekse opp i, med gode tenestetilbod og aktive lokalsamfunn der kultur, nærleik, tradisjonar, mangfald og samarbeid står i fokus. 

Eg har som mål å ha eit tilbod til alle i Vang.

Biblioteksjef Marianne Riste synest det er moro og inspirerande å vere høgt oppe på lista.

– Eg har som mål å ha eit tilbod til alle i Vang. Med besøk i barnehagane, skulene og høgtlesing på Vangsheimen i tillegg til vanleg bibliotek og dei aktivitetane og arrangementa vi har her, håpar eg at vi kjem langt, seier ho.

Ho vil også gjerne rose sjefane sine oppover i systemet som møter henne med positivitet og støtte når ho kjem med sine tankar og idear.

– Vi er opptekne av trivsel og å vere nok tilsette for å kunne gje et godt tilbod.  Vi har ca. 1,5 årsverk fordelt på 3 tilsette, i tillegg har skulen eigen skulebibliotekar i 60 % stilling.

– Vi har eit godt samarbeid med skulane og skulebiblioteket. I tillegg har vi eit godt og tett samarbeid med Vang Frivilligsentral, som er samlokalisert med oss. Dette er bra for publikum både når det gjeld tilgang til biblioteklokala, aktivitetar og arrangement, som vi er fleire til å planlegge og gjennomføre, avsluttar biblioteksjefen.

Storsatsinga Valdres litteraturfest

Biblioteka i dei seks valdreskommunane har eit godt samarbeid.

Den nye storsatsinga i 2021 var Valdres litteraturfest. Festivalen vart gjennomført i september. Over dei tre vekene litteraturfesten varte hadde Vang åleine 16 arrangement, med til saman 230 deltakarar.

Festivalen i 2022 var kortare, berre 9 dagar, men med 17 arrangement med heile 449 deltakarar i Vang. I 2022 vart festivalen støtta av Nasjonalbiblioteket.

Biblioteket viktig i folkehelsesatsinga i Lom

Portrett av  Rita Mundal og Merete Byrøygard - Klikk for stort bildeRita Mundal og Merete Byrøygard Even Lusæter Nest best i Innlandet er Lom folkebibliotek med ein 9. plass. Her ligger dei på topp når det gjeld besøk og utlån.

Honnør til Lom kommune som har satsa på biblioteket.

Biblioteksjef Rita Mundal meiner at dei tilsette er biblioteka sin viktigaste ressurs.

 – Det har vore svært viktig for oss å ha 2,1 årsverk med to - tre tilsette for å skape aktivitet og få til det vi gjer. Honnør til Lom kommune som har satsa på biblioteket på den måten.

No er biblioteket ein del av kommunen si satsing på folkehelse.

–Slik kan biblioteket også bli ein viktig og sentral institusjon for innbyggjarane i kommunen. No er biblioteket ein del av kommunen si satsing på folkehelse. Det er noko vi er svært tilfredse med, seier en fornøgd biblioteksjef.

Satsing på leseglede

Ho fortel vidare korleis biblioteket i Lom jobbar aktivt med leselyst og trivsel.

– Vi har hatt eit godt og tett samarbeid med skulane i alle år med faste klassebesøk, bokpresentasjonar, lesekurs og forfattarbesøk for elevane. Dei siste åra har oppslutninga om og interessa for Sommarles vore heilt enorm i Lom.

 – Vi har også hatt fleire store prosjekt med fokus på litteraturformidling for vaksne. Vi håpar at det både har inspirert folk til å lesa og til å bruke biblioteket, seier ho vidare.

– Trivsel er viktig. Vi ynskjer at det skal vera koseleg å koma på biblioteket. Det skal vera trivelege lokale, og dei tilsette skal vera imøtekomande og blide. Nå har vi også fått bokkafé i biblioteket. Med det håpar vi at bibliotekbesøka kan bli lengre, hyppigare og meir innhaldsrike. I kaféen skal vi òg ha fleire arrangement årleg for ulike alders- og brukargrupper.

– Vi har litterær lunsj ein gong kvar månad. Vi har ungdomskafé på onsdagar og pensjonistforeininga og politikarane har hatt møte der. Dette er eit folkehelsetiltak og del av folkehelsesatsinga til Lom kommune, avsluttar ho.  

Godt samarbeid i Nord-Østerdalen 

Portrett av  Kari Skancke Langen (Tolga bibliotek),  Anne Kristin Rødal (Os bibliotek),  Ellen Lie ( Tynset bibliotek) - Klikk for stort bildeKari Skancke Langen (Tolga bibliotek), Anne Kristin Rødal (Os bibliotek), Ellen Lie (Tynset bibliotek, foto: Helge Eek) Privat/ NRK Tre av biblioteka i Nord-Østerdalen er også med på topp 20-lista. Tolga ligg på ein 11. plass, Os på 16. plass og Tynset på 17. plass.

Det er motiverande å sjå at arbeidet gjev resultat.

Gode plasseringar i fleire år

Biblioteksjefane i dei tre kommunane er stolte over at biblioteka i Nord-Østerdalen har hatt gode plasseringar i kulturindeksen i fleire år, og dei har jobba mykje for å koma attende der dei var før pandemien. Indeksen nyttar tal frå 2021, og det tek tid å endre vanene hjå folk. 

– Det er motiverande å sjå at arbeidet gjev resultat. Ekstra artig er det at vi er så mange bibliotek i Fjellregionen som er innanfor topp 20 – óg Røros og Holtålen, seier kultur- og biblioteksjef i Os, Anne Kristin Rødal. 

– Vi har eit godt samarbeid, god delingskultur og lærer mykje av kvarandre. Dette gjev eit konstruktivt, morosamt og kollegialt fellesskap og samhald over kommunegrensene, og gjer oss i stand til å gjennomføre større løft, seier biblioteksjef i Tolga, Kari Skankce Langen. 

– Vårt siste samarbeidsprosjekt er ny versjon av bloggen Kortreiste lesetips og Litterær stolpejakt. Særs viktig i denne samanhengen er dei tilsette som dagleg skaper gode møte med lånarane, fine arrangement med god atmosfære, og ikkje minst alle klassebesøk og formidling til barn og unge. Der meiner vi at vi ofte lykkast og skaper mykje leseglede, tilføyer biblioteksjef i Tynset, Ellen Beate Lie. 

Biblioteka er den mest populære kommunale tenesta.

– Når dette er sagt er statistikk berre statistikk, og må lesast som det. Det blir gjort mykje arbeid i mange bibliotek som ein ikkje alltid kan dokumentere med tal. Det er ikkje utan grunn at biblioteka er den mest populære kommunale tenesta; eit gratis, integrerande tilbod for absolutt alle, og som vil ha ei ekstra viktig rolle i tida vi har framfor oss med strammare økonomi.

– Nokre av oss har, eller er i gang med nye biblioteklokale. Dette - saman med satsing på digital formidling og bruk er blant utfordringane våre i tida framover, avsluttar dei tre biblioteksjefane. 

Mange gode bibliotek i Innlandet 

Fylkesbiblioteksjef i Innlandet, Tone Nyseter, meiner det er mange gode bibliotek og dyktige bibliotekmedarbeidarar i Innlandet.

Kommunar som satsar på biblioteka sine får mykje igjen.

– Vi gratulerer dei fem kommunane med gode plasseringar på kulturindeksen. Det viser at kommunar som satsar på biblioteka sine og sørger for tilstrekkelege ressursar i form av medie- og arrangementsbudsjett, nok tilsette, gode opningstider og tenester, får mykje igjen for det, seier ho.

– Men det er viktig å understreke at statistikkene ikkje seier alt om kor gode biblioteka er. Det skjer veldig mykje bra rundt om i fylket på biblioteka som ikkje synast på denne oversikta, avsluttar ho. 

Les meir på Norsk kulturindeks 2021