Slik såg det ut langs vegen mellom Tyin og Eidsbugarden i mai, då vegen vart brøyta opp og gjort klar til tørking.
Håvard Ødegård
Den vinterstengde vegen kjem til å ha nedsett aksellast den fyrste tida.
Lang tørketid
Vegen som fører inn til Eidsbugarden, i vestenden av innsjøen Bygdin, blir til vanleg opna til den andre helga i juni. I år vart det mogleg å opne vegen tidlegare.
- Det har vore mindre snø enn normalt i vinter, og vegen vart frest opp før 17. mai. Men vegen hadde ein tjukk issåle og trong likevel noko tid til å tørke opp, før vi kunne setje på trafikk, seier byggjeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune.
Ujamt dekke
Sjølv om fylkeskommunen har reparert vegen noko mens han har tørka opp, er dekket til dels ujamt og sporete.
- Vegen er fint køyrbar, men trafikantane vil merke at dekket er ujamt. Dei må ta omsyn til dette, når dei køyrer der. Dette vil bli betre, når vegen har vorte høvla, seier Ødegård.
Etter opninga av fylkesveg den 4. juni, er tyngste lovlege aksellast avgrensa til 6 tonn. Dette vil vare ei stund framover, til vegen har tørka opp.