Vegen over Valdresflye vart opna 30. mars

Kraftig vind frå vest og nysnø gjorde at fylkesveg 51 ikkje kunne opnast før palmehelga. 

Slik ser vegen ut, eit halvt døgn etter fresing, når fokksnø fyller vegen i den kraftige vinden. Odd Arne Rødningen/Beitostølen Anlegg

Brøytemannskapa nådde toppen av Valdresflye frå Bygdin onsdag 25. mars, men fokksnø som fylte vegen opp att med snø, skapte problem.

Mest utsett i vest

Høgfjellsovergangen mellom Øystre Slidre og Vågå er mest sårbar for uver på strekningen i sør, frå Bygdin og opp til toppen av Flye. 

- Strekningane som vart freste opp om dagen, føyka att og vart fylte med fokksnø gjennom natta. Då tok det lengre tid enn vi ønskte, å få opna vegen for trafikk, seier byggjeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune.

Fylkeskommunen planla i utgangspunktet å opne vegen for påsketrafikk fredag 27. mars.

Jobba i helga

Brøytinga heldt fram gjennom palmehelga, slik at vegen kunne opnast så raskt som mogleg. Det var litt mindre vind i palmehelga enn det hadde vore i dagane før.

- Vermeldinga går ut på at det kan bli ustabilt i påska. Får vi kraftig vind og meir nysnø, kan vegen bli stengd på kort varsel, seier Ødegård.

Trafikantane kan finne oppdatert informasjon om opne og stengde riks- og fylkesvegar på www.vegvesen.no/trafikk eller ved å ringe vegtrafikksentralen på nummeret 175.