Strekningen mellom Magistad og Tuv har dårleg dekke og treng tiltak før den nye asfalten blir lagd.
Hallstein B. Brovold
Arbeidet tek til denne veka og skal vere heilt ferdig neste år.
Ligg inne i utbetringsprogrammet
Det er strekningen mellom Magistad og Tuv som skal bli betre å køyre på når fylkeskommunen blir ferdig med å utbetre han. Denne strekningen ligg i Vestre Slidre.
Fylkesveg 2488 er ein av fylkesvegane som ligg inne som eit utbetringsprosjekt i handlingsprogrammet for fylkesvegane i perioden 2022-2025.
Fylkestinget har sett av 18 millionar kroner til å ruste opp vegen.
Tiltak før asfaltering
Brødrene Dokken AS skal gjere vegarbeidet for fylkeskommunen. Dei skal grave opp og skifte fleire stikkrenner som ikkje lenger greier å ta unna vatnet godt nok. Dei skal og skifte ut dårlege jordmassar på svake punkt i vegen.
- Når dette arbeidet er gjort, blir vegen betre i stand til å handtere store mengder regn og smeltevatn. Dermed vil asfalten som vi skal leggje der neste år halde seg lengre, seier byggjeleiar Hallstein Bjørke Brovold i Innlandet fylkeskommune.
Det er førebels ikkje lagt opp til at vegen må stengjast mens arbeidet blir utført.