Skal byggje ny Skolte bru i Øystre Slidre

Den smale brua på fylkesveg 2508 skal byttas ut med ei heilt ny bru med to køyrefelt.

Smal bru med slitt tredekke i skogsterreng - Klikk for stort bildeSkolte bru på fylkesveg 2508 er smal og har eit dårleg tredekke, som det er vanskeleg å vedlikehalde. Rune Bratteng

Arbeidet startar denne veka og skal vere ferdig i løpet av oktober.

Vegen over Eggeåsen

Fylkesveg 2508 går over Eggeåsen mellom Skammestein i Øystre Slidre og Ellestadbygda, nordvest for Lomen i Vestre Slidre. 

Skolte bru ligg på den austlegaste delen av fylkesveg 2508, ikkje langt frå Skammestein.

Brua ligg ved enden av Hedalsfjorden, rett attmed demningen ved Skoltefoss kraftverk. Det går om lag 260 køyretøy over brua i snitt pr. døgn.

Blir breiare

Brua som ligg der i dag, har to spenn, er 3,75 meter brei og har berre eitt køyrefelt. I tillegg er delar av brudekket laga av tre, og det er krevjande å vedlikehalde dette dekket.

- Den nye brua blir 7,5 meter brei, slik at to køyretøy kan møtast der. Ho blir om lag ein meter høgare enn den gamle, for å ta høgde for flaum og høgare vasstand i Hedalsfjorden, seier byggjeleiar Rune Bratteng i Innlandet fylkeskommune.

Fylkesvegen blir bygd litt om under arbeidet, for å tilpasse seg den nye brua.

Må stengje vegen

Entreprenøren tek til med å rigge seg til på anleggsstaden no, rundt 25. mars. Ettersom brua skal rivast, blir vegen stengd frå 31. mars til rundt midten av oktober. Det er den austlegaste delen av fylkesveg 2508, Skøltevegen, som blir stengd.

Omkøyring blir skilta om fylkesveg 51 frå Beitostølen og E16 frå Ryfoss om Fagernes.

- Vi seier oss leie for at trafikantane får ein så lang omkøyringsveg i om lag eit halvt år. Vi har laga ein snuplass for buss på vestsida av brua, slik at bussane kan kome seg inn og hente passasjerane, forklarar Bratteng.

Kostar 30 millionar

Fylkeskommunen har sett av 30 millionar kroner til ny Skolte bru, når alle kostnadar blir tekne med. Prosjektet ligg inne i fylkeskommunens handlingsprogram for fylkesvegane i perioden 2022 - 2025.

Det er entreprenørfirmaet Sanne Hauglid a.s på Fagernes som skal byggje den nye brua. Beitostølen Maskin og Transport AS skal gjere gravearbeidet.