Røssbrua i Rogne stengd i tre kveldar og netter

Vedlikehaldet på brua på fylkesveg 2490 Vestsidevegen i Øystre Slidre skal gjerast ferdig.

Smal, gammel bru i skogsterreng - Klikk for stort bildeRøssbrua på Vestsidevegen i Rogne er smal og har eitt køyrefelt. Knut Lomsdalen

Arbeidet startar måndag 24. november.

Arbeid i sommar

Arbeidet på Røssbrua tok til i sommar. Då vart rekkverket på og ved brua reparert, og fylkeskommunen la ny asfalt. 

- No skal vi skifte ut fugene i begge endar av brua. Dette er ei smal bru med berre eitt køyrefelt. Difor må ho stengjast, medan vi arbeider, seier byggjeleiar Knut Lomsdalen i Innlandet fylkeskommune. 

Stengd 12 timar i døgnet

Røssbrua blir stengd i tidsrommet frå klokka 18.00 om kvelden til klokka 06.00 neste morgon medan fugene blir skifta. 

Arbeidet tek til måndag 24. november og er ferdig om morgonen torsdag 27. november. 

Brua blir stengd for all biltrafikk, men det blir mogleg å krysse brua til fots.