Plassavegen stengd i fire dagar

Fylkesvegen mellom Øystre og Vestre Slidre blir stengd på dagtid frå 30.09. på grunn av vegarbeid.

Dårlig veg i pent landskap - Klikk for stort bildePlassavegen mellom Øystre og Vestre Slidre skal bli sikrare og lettare å køyre på. Espen Børresen

Entreprenøren som arbeider for fylkeskommunen, skal skifte ut fleire stikkrenner i dagane frå 30.09. til 03.10.

Rustar opp vegen

Fylkeskommunen skal ruste opp fylkesveg 2488 på strekningen mellom Magistad og Tuv, på Vestre Slidre si side av kommunegrensa.

Fylkestinget har sett av 18 millionar kroner til vedlikehald på ein strekning på fem kilometer. 

Arbeidet går ut på å skifte ut dårlege massar og stikkrenner som ikkje lenger fungerer.

 Det er Brødrene Dokken AS som gjer arbeidet for fylkeskommunen. Arbeidet starta i august og skal vere ferdige neste år.

Ulike stengjetider

- Når vi skal leggje ned nye stikkrenner, må entreprenøren grave over vegen, og vi må stengje vegen for gjennomkøyring i nokre timar på dagtid. Vi tek omsyn til skuleskyssen, slik at skuleelevane kjem seg til og frå skulen, seier byggjeleiar Hallstein Bjørke Brovold i Innlandet fylkeskommune.

Om morgonen desse fire dagane blir vegen stengd klokka 08.15, når drosjer med skuleskyss har passert.

Måndag 30.09. og onsdag 02.10. opnar vegen att klokka 14.30.

Tysdag 01.10. og torsdag 03.10. opnar vegen klokka 15.00. Opningstidene er tilpassa bussrutene.

Når bussen har passert, blir vegen stengd att fram til klokka 20.00.