Arbeidet på Rogndokkvegen tok til i vår, med grøfting og andre tiltak.
Håvard Ødegård
Fylkeskommunen gjennomfører fleire tiltak på begge vegane for å gjere dei robuste, før dei skal asfalterast.
Utbetring av Plassavegen
På fylkesveg 2488 utfører fylkeskommunen eit større utbetringsarbeid på den fem kilometer lange strekningen mellom Magistad og Tuv.
Om lag 19 millionar kroner er sett av til prosjektet.
I fjor vart dårlege stikkrenner skifta ut, grøftene vart reinska og overbygningen vart skifta ut på dei dårlegaste partia. I år blir berelaget i vegen forsterka med djupstabilisering før vegen får ny asfalt.
I perioden frå 02.10. til 23.10. må trafikantane rekne med ventetid i tidsrommet mellom klokka 06.00 og 22.00 på grunn av arbeidet. Dei smalaste partia på vegen kan bli heilt stengde i periodar.
Arbeid på Rogndokkvegen
Fylkesveg 2490 Rogndokkvegen får nytt dekke på strekningen frå krysset med fylkesveg 51 ved Holdalsfoss i sørøst til krysset med Plassavegen lenger nord ved Tuv.
No i september og fram til den 3. oktober blir det arbeid med djupstabilisering og armering for å gjere vegen meir robust, deretter blir det asfaltering.
Vegen er smal og vil vere delvis stengd i periodar medan dette skjer.