Nye Skolte bru opnast fredag 10. oktober

Fylkesveg 2508 mellom Øystre og Vestre Slidre har vorte rusta opp med ny bru på austsida av Eggeåsen.

Nybygget bru som ikke er helt ferdig, i skogsterreng. En lastebil heller asfaltmasse på vegen. - Klikk for stort bildeArbeidet med å asfaltere Skolte bru er i full gang. Espen Børresen

Arbeidet starta i mars og har gått etter planen. Dermed kan nye Skolte bru opnast den 10. oktober klokka 16.

Betre rusta mot flaum

Fylkesveg 2508 går mellom Skammestein i Øystre Slidre og Ellestadbygda, nordvest for Lomen i Vestre Slidre. Skolte bru ligg på den austlegaste delen av fylkesveg 2508, ikkje langt frå Skammestein.

Den nye brua til nærare 30 millionar kroner får to køyrefelt, medan den gamle berre hadde plass til eitt køyrefelt.

- Nybrua på Skøltevegen er 7,5 meter brei og bygd for å tole større vassføring i Hedalsfjorden enn den gamle. Slik sett vil brua stå seg bra i ein flaum, seier byggjeleiar Rune Bratteng i Innlandet fylkeskommune.

Pigga fjell

I samband med at brua har vorte bygd, har fylkesvegen vorte bygd litt om på sida mot Ryfoss for å hengje godt saman med den nye brua.

- Vi har pigga bort ein del fjell i fjellskjeringa og vegen har vorte litt breiare på vestsida av Hedalsfjorden, seier Bratteng.

Det er entreprenørfirmaet Sanne Hauglid a.s på Fagernes som har bygd den nye brua. Vegen har vore stengd i byggjetida og omkøyringsvegen om Fagernes på E16 og fylkesveg 51 har vore relativt lang.

Bussruta i området har brukt ein mellombels snuplass på vestsida. Frå måndag 20. oktober vil bussane gå attende til normal rute.