Må stengje Hørevegen i Vang i nokre dagar

På grunn av arbeid med å skifte stikkrenner, blir fylkesveg 2510 stengd på dagtid i inntil seks dagar i august.

Smal veg i vakkert, bratt landskap i Valdres. - Klikk for stort bildeHer ligg ei av dei to stikkrennene som må skiftast på fylkesveg 2510 i Høre i Vang. Vegkart.no

Dei to stikkrennene ligg ved Tørstad i Høre, nord for Ryfoss.

Smal veg

- Hørevegen er smal, og det er ikkje plass til trafikk der når entreprenøren skal grave over vegen for å skifte dei to stikkrennene. Vegen blir derfor stengd frå klokka 07 til 19 onsdag 20., torsdag 21. og i dagane 25. - 28. august, seier byggjeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune.

Fylkeskommunen legg opp arbeidet slik at skulebussen kjem fram, og skuleskyssen kan gå som normalt.

Omkøyring på E16

Entreprenøren kjem til å skilte omkøyring på E16 om Riddarvegen og Ellestadvegen.

Dei som bur langs fylkesveg 2510 der vegarbeidet skjer, skal kunne kome seg til og frå eigedomane sine dei dagane vegen er stengd.

Oppdatert informasjon om stengde vegar, vegarbeid og omkøyringsvegar finn du på www.175.no, på X; @VTSost  eller ved å ringe Vegtrafikksentralen på telefonnummer 175.