Fylkesveg 2510 i Vang opna etter steinsprang

Vennisvegen på nordsida av Vangsmjøsa har vore stengd ved Kviture, der fleire steinar datt ned på vegen søndag. 

Smal veg langs innsjø, svært bratt fjellside over vegen, og tre store steiner sperrer vegbanen. - Klikk for stort bildeTre store steinar ligg i vegen etter eit steinsprang i fjellsida over Vennisvegen. Cato Rabben/Brødrene Dokken

Fylkeskommunen sin geolog  vurderte raspunktet  måndag 20. april. 

Same som i mars

Vegtrafikksentralen til Statens vegvesen fekk melding om steinspranget rundt klokka 11 søndag 19. april. Det vart raskt klart at vegen måtte stengast.

Steinane hadde dotte ned på den same staden der det gjekk eit liknande steinsprang for ein månad sidan. Der ligg det framleis steinar tett inntil vegen frå det førre steinspranget. 

- Planen er å fjerne desse steinane så snart snøsmeltinga er over, seier byggjeleiar Håvard Ødegård i Innlandet fylkeskommune. 

Geolog vil undersøke

Det kom ein god del regn i området natt til sundag. Dette kan ha gjort at steinane losna i fjellsida. 

Fylkesveg 2510 går i utfordrande terreng og kan vere utsett for skred og steinsprang, særleg  på denne tida av året.

Ein av geologane til fylkeskommunen vurderte terrenget over vegen måndag føremiddag, og fann ut at det var trygt for entreprenøren å rydde vegen. Vegen vart opna klokka 1430 dagen etter steinspranget.