Forankring
Alle tilskotsordningar på kulturfeltet i Innlandet fylkeskommune, skal bidra til å oppfylle vedtatt kulturstrategi. Kulturstrategien baserar seg på Innlandsstrategien til fylkeskommunen, som igjen bygger på FNs 17 bærekraftsmål.
Les mer om kulturstrategien
Les mer om bærekraftsmålene
Føremål
Gi profesjonelle utøvarar innan husflid og handverk moglegheit til å arbeide med ny formgiving, produktutvikling eller vidareutvikling og styrking av ein teknikk innan fagfeltet husflidshandverk, folkekunst og kulturhandverk. Målet er å ta vare på og fornye dei rike kulturskattane innan husflid og handverk, og synleggjere denne delen av kulturen.
Stipendet skal delast ut til ein tradisjonsberar og nyskapar innan sitt fagfelt.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. august.
Søknadskjema
Gå til digitalt søknadsskjema
Du logger deg på via ID-porten.
Kven kan søkje?
- Profesjonelle utøvarar innan husflid og handverk som bur og har sitt verke i Innlandet. Søkjar må vere registrert i folkeregisteret med adresse i Innlandet fylke.
- Søkjar må vere registrert som sjølvstendig næringsdrivande, som enkeltpersonføretak eller ANS/DA/AS/SA i Brønnøysundregisteret
Kven kan ikkje søkje?
- Utøvarar som er under utdanning
- Mottakarar av Statens kunstnarstipend, Statens garanterte minsteinntekt eller stipendiat hjå Norsk Handverksinstitutt i den aktuelle perioden
Støttenivå
Stipendstorleik: 50 000 kroner
Krav til søknadene
Saman med utfylt søknadsskjema skal det leggast ved:
- CV som gir oversikt over både formell kompetanse og realkompetanse, tidlegare stipend og relevant yrkesverksemd
- Datert oversikt over verksemd innan husflid og handverk dei siste 5 åra. Offentlege og private oppdrag/prosjekter, utstillingar, konkurransar, kor er handverksprodukta lagt ut for sal osv.
- 3–5 digitale bilete av søkjaren sine husflids- og/eller handverksprodukt
- Plan for bruk av stipendet. Planen skal innehalde planlagt aktivitet, forventa resultat og budsjett med finansieringsplan
Vurdering av søknadene
Ved vurdering av stipendsøknadene leggast det vekt på husflids- og handverksfagleg aktivitet og kvalitet, i tillegg til stipendsøkjaren sin plan for bruk av stipendet i stipendperioden.
Behandling av søknadene
Fylkeskommunedirektøren nemner opp ein rådgjevande stipendkomité som består av fagpersonar med relevant kompetanse.
Rapportering
Stipendmottakar pliktar å sende rapport innan utgangen av september året etter stipendtildelinga.
Stipendmottakaren kan gjennomføre ei produktutstilling mot slutten av stipendperioden, etter avtale med Husflidskonsulenten i Oppland og seksjonssjef for Kunst og kultur.