Grønn framtid Innlandet - Innlandet fylkeskommune

Grønn framtid Innlandet

Fylkestinget har vedtatt at støtteordninga Grønn framtid skal omfatte heile Innlandet. Bedrifter kan søke om tilskot til å utvikle nye, grøne idéar som gjev verdiskaping og sysselsetjing.

Søknaden

Alle søknader skal sendast inn via

regionalforvaltning.no

Les omtalen av ordninga i regionalforvaltning grundig, og bruk god tid på å skrive søknaden.

Legg vekt på: 

  • Kvifor dette prosjektet vil gje ein positiv effekt på miljø/klima
  • Kva som er nytt ved produktet/tenesta (innovasjonsgrad)
  • Kva prosjektet kan føre til av verdiskaping
  • Om det vil gje auka sysselsetjing i bedrifta og/eller ha ringverknader hos andre bedrifter

Søknadsfrist

Foreløpig blir det ikkje faste søknadsfristar, og søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Regelverk

Det er mogleg å søke om 60 % tilskot for nyetablerte bedrifter (opp til 5 år etter etableringstidspunktet), og 50 % tilskot for eldre bedrifter. Maksimal søknadssum er 300 000 kroner. Det kan bare løyvast tilskot til utviklingskostnader.

Investeringskostnader og utgifter til vanleg drift støttast ikkje. Dersom det er nødvendig med små investeringar for å gjennomføre utviklingsprosjektet kan desse takast med i budsjettet.

Bedriftene som søker må vera registrerte og ha aktiviteten sin i Innlandet.

Dei fullstendige kriteria for ordninga kan du lesa her (PDF, 566 kB).

Andre tilskotsordningar for grøne prosjekt

Prosjekt som kan støttast frå andre tilskotsordningar, kjem ikkje inn under Grønn framtid. Du kan få hjelp til å avklare dette hos nærings- eller landbruksansvarleg i kommunen din, i næringshagen eller kunnskapsparken.

Dette vil gjelde ein del støtteordningar hos Innovasjon Norge, slik som tilskotsordningane for miljøteknologi og bioøkonomi, og støtte til landbruk/tilleggsnæring.

Fylkeskommunen si tilskotsordning FORREGION vil vera aktuell for deg som skal bruke eit forskingsmiljø til å gjennomføre utviklingsarbeidet.

Dersom du søker på Grønn framtid, men prosjektet høyrer inn under ei anna tilskotsordning, vil vi gje deg rask tilbakemelding om dette, saman med namnet på ein kontaktperson.

Om Grønn framtid Oppland

Gjennom satsinga "Grønn framtid – midler til bærekraftig næringsutvikling" sette Oppland fylkeskommune av 35 millioner kroner i 2017, og 15 millioner kroner til seinare.

Nesten heile beløpet på 50 millioner kroner er nå tildelt grønne prosjekter, både til bedrifter og enkeltpersonar i tidlegare Oppland. Restbeløpet går vidare i støtteordninga som gjeld heile Innlandet.

Målet med ordninga var å bidra til verdiskaping, sysselsettingsvekst og miljøgevinst. Det vart også lagt vekt på at ordninga skulle stimulere til idéutvikling og innovasjon i vurderinga av søknadene.

Bakgrunnen for ordninga

Folketalet på kloden veks. Presset på ressursane aukar. Global oppvarming stiller verda overfor nødvendig omstilling. Norge og EU skal kutte klimagassutsleppa kraftig innan 2030. Behovet for omstilling er stort, og tida er knapp.

Dette gir likevel moglegheiter for dei som kan levere teknologi, produkt og løsninger som vil bli etterspurde i ei verd med stadig strengare krav til bærekraftige løysingar.

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt for nærare informasjon om Grønn framtid Innlandet og oppfølging av tildelte tilskot frå Grønn framtid Oppland:

Patrick Bolliger, rådgjevar

Randi Skaaraaen, rådgjevar

Torunn Kornstad, rådgjevar

Tildelingar frå Grønn framtid Oppland

Til toppen