Lokal samfunnsutvikling i distriktskommunane

Distriktskommunane i Innlandet kan søkje om tilskot til prosjekt som kan gje auka attraktivitet i lokalsamfunna. Søknadsfristen er 6. september 2024.

Kva for prosjekt kan få tilskot

Distriktskommunar som har langvarig nedgang i folketal og sysselsetjing av særleg omfattande grad kan søkje om tilskot til prosjekt som

  • kan gje auka attraktivitet for lokalsamfunnet, inkludert næringslivet
  • kan styrke kommunen/-ane sin kapasitet til å arbeide med utvikling av kommunen og attraktivitet

Utmåling av tilskot

Tilskotet kan utgjera inntil 50 % av det godkjente kostnadsoverslaget for prosjektet.

Maksimalt tilskot er 500 000 kroner. Dersom to eller fleire kommunar søkjer om støtte til eit felles prosjekt, kan dei søkje om inntil 700 000 kroner.

Eigeninnsatsen kan utgjera maksimalt 25 % av finansieringa av prosjektet. Timeløn for eigeninnsats kan vera inntil 700 kroner per time.

Det er sett av 4 millionar kroner til tilskotsordninga for 2024. Pengane er løyvd frå dei statlege midla til regional utvikling.

Prioritering

Utgangspunktet for vurderinga av søknadene er kvaliteten på prosjekta. Godt utvikla prosjekt som er forankra i politiske vedtak og kommunale og/eller regionale planar er ein føresetnad for å få finansiering.

Dersom det kjem inn mange søknader om tilskot til interessante prosjekt blir følgjande lagt vekt på i prioriteringa:

  • situasjonen til kommunen når det gjeld utvikling i folketal og sysselsetjing, og plassering i sentralitetsklasse
  • samarbeidsprosjekt frå to eller fleire kommunar
  • prosjekt som også inneber styrking av regionsenteret
  • søknader som viser at kompetansen frå prosjektarbeidet blir verande i kommunen etter gjennomføring.

Kva støttast ikkje

  • prosjekt som gjeld tilflyttingskampanjar, omdømmetiltak, filmar og liknande
  • ordinære driftsoppgåver
  • fysiske investeringar

Krav til søknaden

Alle søknader må sendast inn via søknadsportalen regionalforvaltning.no. Les kriteria nøye før du søkjer, og fyll ut alle felta i søknadsskjemaet. Det er mogleg å ta med vedlegg, men du må svare på alle spørsmåla i skjemaet uansett.

Send søknad i regionalforvaltning.no

Søknadsfrist

Fristen for å søkje er 6. september 2024.