Vel 71 millionar kroner til breiband

Hovedutvalg for næring fordelte onsdag over 71 millionar kroner til 23 breibandsprosjekt i Innlandet.

Datakabler i mørket med blått lys - Klikk for stort bilde Mostphotos

Av breibandsmidlane er litt over 57 millionar kroner frå staten, medan fylkeskommunen har sett av 15,5 millionar kroner av eigne pengar til breibandsutbygging. Om lag 1,5 millionar kroner av dei statlege midlane blir setje av til å administrere ordninga.

Målet med breibandsmidlane er å gi støtte til utbygging av breiband til område der det ikkje er kommersielt lønnsamt å bygge ut.

I 2025 er det 399 husstandar og 5 verksemder som får tilgang på breiband gjennom denne ordninga.

Kommunar kan søke

Alle kommunar i Innlandet kan søke støtte frå ordninga.

Innlandet fekk inn søknader frå 17 kommunar i 8 regionar fordelte på 68 prosjekt.

På oppmoding frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), prioriterer Innlandet fylkeskommunar søknader frå kommunar som stiller med eigne midlar tilsvarsande inntil 20 % av støttesummen dei søker om.

Tildelingsprosessen

Fylkeskommunen innstiller kva prosjekt dei meiner skal få støtte. Denne blir send til Nkom, som tar den endelegen avgjerda.

Nesten alle har breiband

Ved utgangen av 2024 hadde 98,6 % av alle husstandar i Innlandet tilbod om breiband på 100 Mbit/s. Året før var talet 93,3 %. Målet er 100 % dekning i heile landet innan utgangen av 2025.

Politisk behandling

Saken vart samrøystes vedtatt.

Les sakspapira PS 28/2025

Desse prosjekta får tilskot

Bredbånd 2025
ProsjektDelprosjektKommuneStatleg støtte i kronerFylkeskommunal støtte i kroner
EidskogKlanderudEidskog4 455 0000
EidskogPunnerudvegenEidskog460 0000
FolldalAtndalenFolldal10 620 0000
GrueFjøråsen - Grue vestsideGrue3 076 0000
Nord-Gudbrandsdal - fire område i to kommunarGrønkjeldaLesja1 109 9900
Midt-Gudbrandsdal - seks område i to kommunarBakkarmoen østNord-Fron2 110 0000
Midt-Gudbrandsdal - seks område i to kommunarPer Gynt setervegNord-Fron480 0000
Midt-Gudbrandsdal - seks område i to kommunarØldalenNord-Fron01 590 000
RingsakerEllevsætervegenRingsaker5 594 3000
RingsakerKluftmovegenRingsaker4 943 8000
KongsvingerMasterudvegen og HøibyvegenKongsvinger4 640 2900
Nord-Gudbrandsdal - fire område i to kommunarSelsverket langs E6Sel3 300 0000
Stor-ElvdalAtndalen nord-vestStor-Elvdal0110 000
Midt-Gudbrandsdal - seks område i to kommunarLivollSør-Fron640 0000
Midt-Gundbrandsdal - seks område i to kommunarEspedalsvegen sørSør-Fron390 0000
Veste TotenSkjelbreida nordVestre Toten1 760 0000
Vestre TotenEinafjorden nord-vestVestre Toten09 385 000
ÅmotNordre OsdalenÅmot3 060 0000
ÅmotØst for Rena sentrumÅmot731 000424 000
ÅmotØgle-Vikenvegen 626Åmot483 0000
ÅmotRostadsæterveien 108Åmot0191 000
FinnskogenHof FinnskogÅsnes2 890 0000
FinnskogenMalibergÅsnes03 800 000
Generelle midlar til bruk i forhandlingAlle prosjektAlle kommunar5 000 0000