Støtte til reiseliv

Hovedutvalg for næring har fordelt midlar mellom dei ulike destinasjonsselskapa i Innlandet.

Flere barn i sykkelløype på bane - Klikk for stort bildeDestinasjon Trysil får 750 000 kroner i tilskot for 2024. Marit Thobiassen Strande

Politikarane vedtok òg å føre vidare prosjektet Mat og opplevingar i fjellet på tredje året.

Destinasjonsselskap

Innenfor støtteordning for destinasjonsselskap er det sett av 4,15 millionar kroner for 2024. Målet med støtteordninga er å hjelpe destinasjonsselskapa med oppgåver som kjem turistar, deltidsinnbyggjarar og lokalbefolkninga til gode.

Kriterium for støtte er mellom anna storleiken på selskapet, bidrag frå kommunar og talet på fritidsbustader i området selskapet dekkjer.

Slik er midlane fordelte for 2024

Destinasjonsselskap 2024
Destinasjonsselskap Tildeling i kroner
Visit Lillehammer 900 000
Destinasjon Trysil 750 000
Visit Øst-Norge 750 000
Visit Valdres 600 000
Nasjonalparkriket Reiseliv 400 000
Visit Mjøsa 350 000
Visit Røros og Østerdalen 200 000
Femund Engerdal 100 000
Visit Jotunheimen 100 000

Saka blei einstemmig vedteken.

Sjå sakspapira PS 6/2024

Mat og opplevingar i fjellet

Hovedutvalg for næring gir prosjektet Mat og opplevingar i fjellet 800 000 kroner til å gjennomføre år tre, som er siste år av prosjektet.

Det overordna målet med prosjektet er å skape levande og livskraftige bygder i fjellregionen. Dette kan mellom anna gjerast ved å utvikle fjellområda som ein konkurransedyktig region for mat og reiseliv.

I tillegg til Innlandet fylkeskommune, har òg Viken og Vestfold og Telemark bidrege til prosjektet. Det er Fjellnettverket som er prosjekteigar.

I løpet av dette siste prosjektåret skal ein vurdere om det er aktuelt å føre vidare prosjektet ved å etablere eit klyngjesamarbeid.

Saka blei einstemmig vedteken.

Sjå sakspapira 7/2024