Nær 54 millionar kroner til breiband

Hovedutval for næring fordelte onsdag nesten 54 millionar kroner til 34 breibandsprosjekt.

Optisk fiber og datakabel på et tastatur - Klikk for stort bilde Mostphotos

Målet med ordninga er å gi støtte til utbygging av breiband i område som ikkje er kommersielt lønnsame å bygge ut. Det er berre kommunar som kan søke om støtte.

Droppar medfinansiering

For 2024 er det komme inn søknader om 139 millionar kroner frå 23 kommunar fordelte på 75 prosjekt. Alle regionane er representerte med unntak av Midt-Gudbrandsdal.

Tidlegare har det vore eit nasjonalt krav om lokal medfinansiering i prosjekta, men i år er dette kravet fjerna. Det har ført til at også kommunar med svak økonomi har søkt.

Ingen fylkeskommunale midlar

Innlandet fylkeskommune har ikkje sett av eigne midlar til breibandsutbygging i 2024.

Hedmark fylkeskraft skal derimot dele ut midlar for utbygging av digital infrastruktur i kommunane i tidlegare Hedmark. Dette gjeld breiband og mobildekning.

Fylkeskommunen samordnar søknadene til Hedmark fylkeskraft med søknadene til den statlege ordninga.

Saksbehandling

Det er fylkeskommunen som forvaltar ordninga og som vedtar tildeling. Fylkeskommunen informerer Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit om tildelinga. Nkom har ein aktiv, fagleg rettleiingsrolle for bruken av midlane. 

Saka vart samrøystes vedtatt i hovudutval for næring.

I sakspapira ser du kven som er prioritert til å få breibandsmidlar PS 15/2024

Status breibandsdekking

Ved utgangen av 2023 hadde 93,3 prosent av husstandane i Innlandet tilbod om 100 Mbit/s (megabit per sekund). Året før var talet 87 prosent.