Pengar til kultur og friluftsliv

Hovudutval for kultur fordelte onsdag over fire millionar kroner til aktivitetar innan kultur og friluftsliv.

Jente spiller på et brunt klaver - Klikk for stort bilde Mostphotos

Det var følgjande tilskotsordningar som blei behandla:

  • Kulturaktivitet til barn og ungdom 2024, første tildelingsrunde
  • Tilskot til kunstnarresidensar i Innlandet for 2024
  • Statlege midlar til friluftsaktivitet for 2024
  • Tiltak i statleg sikra friluftsområde for 2024

Kulturaktivitet for barn og ungdom

30 tiltak får til saman 935 000 kroner i første tildelingsrunde. Totalt kom det inn 45 søknader. Alle som oppfyller kriteria, får tilskot.

Målet med ordninga er å styrkje barne- og ungdomskulturfeltet.

Desse får tilskot til kulturaktivitet for barn og ungdom:

Kulturaktivitet for barn og ungdom 2024 første tildeling
Søker Tiltak Tilskudd i kroner
Kulturskolen Mjølkefabrikken, Østre Toten Pianokonkurranse for barn og unge i Innlandet 30 000
Myrbakken, Gry Oda Ulvmoen Ein musikalsk verkstad med gamle songar på nye måtar 30 000
Hamar Bluesklubb Prosjekt RIFF 25 000
Musicals i Gjøvik 20-årsjubileum til Musicals i Gjøvik 50 000
Vinterspill på Lillehammer Vinterspill på Lillehammer - 2024 10 000
Tante Gerdas Scene Arena for nye unge musikktalent på Hamar 20 000
Martin Korssletten Figurteaterframsyning og workshop Søppelskatter, Nord-Gudbrandsdal 30 000
Vinterspill på Lillehammer Vinterspill på Lillehammer - 2024 10 000
Valdres Folkemusikklag Folkemusikk Ung i Valdres 2024 45 000
Pianoforte Nytt musikk- og kunsttilbod i Kongsvinger 35 000
Ettermiddagsscene Ungjazz, Hamar og Elverum 20 000
Dovrejul Barnekor og teater Dovrejul 2024 40 000
Løten ungdomsteater Løten ungdomsteater 35 000
Defrost Youth Choir Sommerakademi med ungdom frå Innlandet 20 000
NivalisAkademiet Kurs i barokkmusikk, Hamar-regionen 25 000
Kongsvinger skolekorps Glåmdal ungdomskorps 30 000
Korpsnett Norge Valdres Sommerbrass 2024 30 000
Fjellbygda 4H Kulturtilbud 4H Hedmark fylkesleir 2024 30 000
Stiftelsen Fjordheim kulturverksted ved Mjøsa Kunst ved Mjøsa 30 000
Ung i Kor SørØst Vokalfestival 25 000
Heme dine Heme dine UNG, Sør-Østerdal 30 000
Ung i Kor SørØst Sommersanguka 2024 30 000
Hedmark Folkemusikklag SPREK, folkedans for barn og ungdom, Sør-Østerdal 25 000
Gudbrandsdal Musikkfest Ung Musikkfest 2024 50 000
STUDIO O AS Kreere eller krepere - TronTalks 2024, Fjellregionen 30 000
Ingjerd Engh Veslebakken 2024, Kongsvinger- regionen 20 000
Kongsvinger-regionen barne- og ungdomskor Barnekor på tvers av kommunegrensene 25 000
Glasslåven kunstsenter Kunstverksted på Skaperloftet, Hadeland 50 000
Aukrust AS Flåklypa teater for barn og unge, Fjellregionen 35 000
PSDans AS Musikalsatsing - Fame, Hamar-regionen 50 000
Våler kommune Lealaus open hall 30 000

Saka blei einstemmig vedteken.

Les sakspapira PS 1/2024

Kunstnarresidensar

13 kunstnarresidensar i Innlandet får til saman 1,104 millionar kroner.

Målet med denne tilskotsordninga er å gjere det enklare for kunstnarar å bu og arbeide i Innlandet. Residensane skal dessutan bidra til auka kunst- og kulturproduksjon og meir utveksling nasjonalt og internasjonalt på dette feltet.

Desse kunstnarresidensane får tilskot:

Kunstnerresidenser 2024
Søker Kommune Tildeling i kroner
Atelier Austmarka, Gitte Svensen Kongsvinger 90 000
Basement Residens, Therese Slob Hamar 90 000
Børsen kunstnerresidens, Håvard Skaset, Guro Moe Stange 40 000
Den Brune Koia (DBK), Morten Haugmo Våler 44 000
Harpefoss kunstarena, Eivind Slettemeås, Anna Gudmundsdottir Sør-Fron 150 000
Kulturhuset i Nordherad, Vegard og Mette Vårdal Vågå 40 000
Natthagen AiR, Trond Einar Solberg Indsetviken Elverum 80 000
Senter for keramisk kunst, Torbjørn Kvasbø Ringebu 120 000
Skåbu Artist Residence, Patrick Huse Nord-Fron 100 000
Strand kunstresidens, Astrid Groseth Ringsaker 100 000
The Rock – Eker Gård, Annie Onsager Øystre Slidre 80 000
Trollfilm – Peace and War, Anita Killi, Menno de Nooijer Dovre 90 000
Vinterlandbruksskolen, Ola Sendstad Ringsaker 80 000

Saka blei vedteken mot ei stemme.

Les sakspapira PS 3/2024

Friluftslivsaktivitetar

46 søknader om statlege midlar til friluftsaktivitet får til saman 2,3 millionar kroner. Målet med ordninga er at fleire i alle grupper av befolkninga skal delta i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv.

Den høgaste summen som blir tildelt i år er 130 000 kroner. Det er fire som får denne summen:

  • DNT Finnskogen og omland for prosjekta Aktiv i 100, friluftsliv for funksjonshemma, seminar og stolpejakt i fem kommunar
  • Valdres Natur- og kulturpark for ulike tiltak innan teamet naturen som læringsarena
  • Sagatun brukarstyrt senter med fleire tiltak innan temaet friluftsliv for alle
  • DNT Lillehammer med ulike tiltak innan temaet friluftsliv for alle

Les sakspapira og sjå heile oversikta PS 4/2024

I same sak blei òg 300 000 kroner tildelte to tiltak i statleg sikra friluftsområde.

Elverum kommune får 245 000 kroner for å oppgradere toalettanlegget og badeplassen ved Bergesjøen. Ringsaker kommune får 55 000 kroner til skilt og tursti på Jessnes.

Saka blei einstemmig vedteken.