Dei største kulturarrangørane i Innlandet fylke får for andre år på rad, mogleik til å søkje driftsstøtte. Ei støtteordning som skal vere med på å sikre finansiering til deira daglege drift og skape ein føreseieleg situasjon i kvardagen til arrangørane.
I tillegg skal søknadane innehalde informasjon om prosjekt, nyskaping og utviklingsplanar som arrangøren har.
Valdres sommersymfoni, klassisk konsert på festivalen.
Valdres sommersymfoni/ Tom Henning Bratlie
Kva er ein kulturarrangør?
Ein arrangør er det overordna namnet for mykje. Herunder er det tenkt dei største kunst- og kulturinstitusjonane i fylket, festivalane og paraplyorganisasjonane. Dei som kan vise til fleire år med solid gjennomføring, aktivitet og oppfyller fylket sin kulturpolitikk.
– Støtta betyr alt!
Festivalsjef og initiativtakar Mocci Ryen, står i desse dager midt i arrangementet Stoppested verden på Hamar. Ho seier at driftsstøtte frå fylkeskommunen betyr alt.
Festivalsjef for Stoppested verden, Mocci Ryen
Stoppested verden
–Eit så stort arrangement må ha midlar til dagleg drift. Vi har fokus på familiar, born, unge, flytninger og innvandrarar. Vi har ofte følt på at vi fell mellom fleire stolar. Driv vi med inkluderingsarbeid eller er det kunst og kultur? Å få driftsstøtte i 2024 var ei viktig stadfesting for oss, seier Ryen.
Stoppested verden har gått føre seg sidan 2008 og har etablert seg som eit solid og unikt arrangement i fylket.
Har du spørsmål?
Om du ynskjer å søkje, gjer det allereie før sommaren. Då er det lettare å få svar på spørsmål. Fylket har sakshandsamarar på arbeid i heile juni og frå siste veka i juli.
Informasjon og søknadsskjema til ordninga
Ta gjerne kontakt med våre sakshandsamarar om du har spørsmål.