Støtte til vern

Hovudutvalet for kultur gav midlar til mellom anna ruinar frå mellomalderen og brannsikring av trehus.

Oversiktsbilde av en "øy" i Mjøsa der Mjøskastellet ligger. - Klikk for stort bildeHovedutvalet for kultur gav 600 000 kroner til konservering av muren på Mjøskastellet i Ringsaker Andreas Nilsson.

Hovudutvalet for kultur gav onsdag støtte til ei rekkje viktige prosjekt. 

Ruinar frå mellomalderen

Det er ti registrerte ruinar frå mellomalderen i Innlandet. Konserveringsarbeidet for Mjøskastellet i Ringsaker starta i 2022. Dette arbeidet får no 600 000 til konservering av muren.  I tillegg får Hoff prestegard i Østre Toten kommune 1 400 000 til konservering av ein steinkjellar.

Saka blei einstemmig vedteken.

Sjå sakspapira PS 18/2024

Ein million til freda bygningar

Haverstadloftet får til saman 863 500 kroner til Istandsetjing og sikringstiltak. Steinhuset på Gran får 50 000 til eit førebuande prosjekt og Marstein Nordigard og Marstein Sygard får 60 000 til dendro-datering. Dette er ein metode for å finne ut kor gamalt eit bygg er. 

Saka blei einstemmig vedteken.

Sjå sakspapira PS 22/2024

Støtte til private bygg

Hovudutvalet fordelte òg statlege midlar til freda kulturminne i privat eige frå statsbudsjettet 2024. Over 33 millionar blei fordelte. 

Saka blei einstemmig vedteken.

Sjå sakspapira PS 21/2024 for fullstendig oversikt. Dei ligg i vedlegg 1.

Brannsikring i Kongsvinger og Lillehammer

Brannsikring av trehusområde med høg kulturhistorisk verdi er i tråd med FNs berekraftsmål om å styrkje innsatsen for å verne og sikre kulturen i verda – og naturarv. Desse områda er definerte av Riksantikvaren. Kongsvinger kommune får i denne omgangen 850 000 kroner og Lillehammer kommune 500 000 kroner.

Saka blei einstemmig vedteken.

Sjå sakspapira PS 20/2024

Nær to millionar til verneverdige bygg og anlegg

Innlandet fylkeskommune vil ikkje berre gje tilskot til verna bygg. Fylkeskommunen ønskjer òg at dei utan formell vernestatus kan bli teke vare på for framtida. 

Sjølv om fylkeskommunen bidreg med forholdsvis små tilskot til dei fleste av prosjekta, vil tilskotet likevel vere viktig for å utløyse tilskot frå andre eksterne bidragsytarar, og istandsetjingsprosjekta gagnar lokalt næringsliv. Vi har prøvd å fordele geografisk spreitt og til regionar med store behov.

Desse har fått tilskot:

Tilskudd verneverdige bygg og anlegg 2024
KommuneProsjektTilsegn kr
EngerdalBåthus ved Femunden70 000
EngerdalGrøtådalssætra70 000
GranHovudbygningen på Søndre Grinaker60 000
KongsvingerSkolemuseet Skinnarbøl40 000
KongsvingerUthus på Holmengården, Øvrebyen80 000
LillehammerFiskebua Knuvelbua i Lågendeltaet60 000
LomSteinbru på Turtumøygarden40 000
OsFjøs på Østgarden100 000
RendalenFløytardammen Nydammen70 000
RendalenHandelsstaden Aasheim80 000
RingsakerFjøs på Gunhildseter50 000
StangeKlypstua70 000
StangeLåve på Opsal gard70 000
Stor-ElvdalSteinfjøs på Sollia prestegardsseter60 000
Stor-ElvdalJernbanehotellet70 000
Søndre LandStabbur med skåle på Torgrimstuen50 000
Sør-FronLåve på Rudisetra50 000
Sør-FronOriginalt bad på Steig gard50 000
Sør-OdalTak på Kvisler gard40 000
TrysilLåve på Skjærbekken30 000
TrysilLåve i Skjærberget50 000
Vestre SlidreRøysestogo50 000
VålerIX-koia60 000
VålerVåningshus på Lund gard70 000
VålerVåningshus på Eid vestre70 000
ÅsnesLåvetak på Søndre Furuberg50 000
ÅsnesLåve på Peistorpmoen80 000
ÅsnesKilenga dansebane160 000

Saka blei einstemmig vedteken.

Sjå sakspapira PS 19/2024