Nasjonal kulturminnepris til to gudbrandsdølar

Reidar Marstein og Per Dagsgard får Riksantikvarens kulturminnepris 2024. Den vart delt ut i Oslo 24. september. 

To mannlige prisvinnere med diplom i hånda. Kvinne i midten. - Klikk for stort bildePer Dagsgard, Hanna Geiran (Riksantikvar) og Reidar Marstein. Espen Finstad

Kvart år blir Riksantikvarens kulturminnepris delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for kulturminne. Prisen består av eit kunstverk og diplom. I tillegg mottar vinnaren 75 000 kroner.  

I stor konkurranse med mange andre stakk Marstein frå Lom (f. 1946) og Dagsgard frå Skjåk (f. 1953) av med den gjeve prisen. Den vart delt ut av Riksantikvar Hanne Geiran i Oslo i dag på Riksantikvaren sitt årlege haustmøte. Der er heile kulturminneforvaltinga i landet samla.  

Grunngjeving

I grunngjevinga til Riksantikvaren heiter det:

"Som pionerar innan brearkeologi har Reidar Marstein og Per Dagsgard gjort ein uvurderleg innsats for å auka kunnskapen om kulturminne og kulturhistorie i Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.

Oppdagingane og registreringane som Reidar og Per har gjort, har bidrege til heilt ny kunnskap om livet på Noregs tak frå steinalder og fram til vår tid. Dei har delt av kunnskapen sin på alle vis, og har vore vegvisarar og læremeistrar for kulturmiljøforvaltinga. Dei har og gått føre og inspirert allmenta og det arkeologiske fagmiljøet."

Oppdagingar av stor betydning

To menn står i turklær i høgfjellet med snø og stein om kring.  - Klikk for stort bildeReidar Marstein og Per Dagsgard har gjort ein uvurderleg innsats for å auke kunnskapen om kultur og kulturminne som smeltar fram frå Noregs tak. Espen Finstad

Det er Innlandet fylkeskommune, Kulturhistorisk museum i Oslo og Norsk fjellsenter i Lom som har nominert Marstein og Dagsgard.

Seniorrådgivar og arkeolog i Innlandet fylkeskommune, Espen Finstad, er svært glad for at dei nådde gjennom med nominasjonen, og at Marstein og Dagsgard gjekk heilt til topps.  

– Innverknaden deira går langt utover det lokale. Begge har gjort oppdagingar av nasjonal og internasjonal betydning. Begge er pionerar innan brearkeologi, seier Finstad.

– Hovudinteressa deira er reinjegerane i forhistoria, men spekteret er breitt; tufter, dyregraver, fiske, graver, ferdsel og jernvinne for å nemne noko. Tusenvis av kulturminne er funne, plotta med GPS og skildra med tekst og foto. Alt har blitt raust delt med kulturminneforvaltninga, legg han til. 

Mange eldgamle funn

Marstein og Dagsgard har begge stått for fleire spektakulære funn i fjellheimen. I 1974, då Dagsgard var student, fann han eit komplett spyd med treskaft frå vikingtida, nyleg smelta ut av isen på Lendbreen i Breheimen. 

I 2002 byrja Marstein å gjere funn ved iskanten. Han gjorde ei epokegjerande oppdaging i 2006, då han fann ein 3300 år gammal hudsko ved Langfonne i Jotunheimen. Funnet av Noregs eldste sko kickstarta det brearkeologiske arbeidet i Innlandet. 

Avgjerande for brearkelogien

Hausten 2006 blei arkeologar i fylkeskommunen og kulturhistorisk museum med Dagsgard til Lendbreen i Breheimen og Marstein til Langfonne i Jotunheimen. 

– Dei vart vegvisarane og læremeistrane våre. Kunnskapen deira var avgjerande for at vi kom i gong med brearkeologi. Sidan den gong har vi samla inn over 4000 brearkeologiske funn. Dei eldste opptil 6100 år gamle - over halvparten av funna globalt. Per og Reidar er framleis aktive i felt og viktige for oss, avsluttar Finstad. 

Det brearkeologiske sikringsprogrammet er eit samarbeid mellom Innlandet fylkeskommune (IFK) og Kulturhistorisk museum i Oslo (KHM).