Kultur i krisetider

– Kultur er viktig for opplevinga av normalitet. Det vart understreka under oppstarten med ny beredskapsplan.

Ei kvinne og ein mann står ved sida av kvarandre med folk i bakgrunnen. - Klikk for stort bildeProsjektleiar for Kultur inn i beredskapen, Irene Skauen Sandodden og Statsforvaltar i Innlandet, Knut Storberget. Leila Øvreseth

Vi lever i ei stadig meir uroleg verd. Det er meir ekstremvær som følge av klimaendringar og det er krig i Europa.

Fylkesutvalget i Innlandet vedtok i februar 2025 nytt handlingsprogram knytt til gjennomføring av Regional plan for samfunnstryggleik. Eitt av tiltaka er å utarbeide ein beredskapsplan for å sikre Innlandet sine kulturverdiar.  

Arbeidet med planen Kultur inn i beredskapen skal pågå i to år og skal bli vedtatt 2027.

– Styrkar evna til å tenke kritisk

Som eit ledd i opppstarten av arbeidet med beredsskapsplanen, inviterte fylkeskommunen dei som jobbar innan beredskap og kultur i Innlandet til felles samling med verkstad 15. januar på Hamar.  

– Kultur har verdi i seg sjølv og omhandlar identitet, historie og demokrati. Kultur, kulturarv og kulturaktørar er viktige i kriser og krig. Kultur er ein viktig berebjelke i demokratiet, som fremjar ytringsfridom, mangfald, refleksjon og fellesskap. Frivilligheit, bibliotek, arkiv, kunst- og kulturliv styrkar befolkninga si evne til å tenke kritisk, søke innsikt og finne meining, sa leiar i hovudutval for kultur, Tom Svellet (Ap) i sin velkomsttale. 

Brot på folkeretten 

Beate Strøm frå Riksantikvaren understreka at eit brot mot kulturarven, er eit brot på folkeretten.  

– Vi veit at trugslane mot kulturarv er mykje meir utvida og meir samansett enn det vi har teke innover oss, sa ho og nemde begrepa mål (fysiske gjenstandar), middel (økonomiske verkemiddel, desinformasjon/ propagangda) og motstandskraft (tilhøyre, inkludering).

– Det store trollet her er hybride trugslar. Det er ei veldig stor utfordring å klare å handtere dei. Det handler om å kunne å ha kunnskapsinstitusjonar som gjer oss sterke på kjeldekritikk og viktige demokratiske institusjonar som bidreg til å oppretthalde tilliten i samfunnet. 

– Kultur er viktig for kontinuitet

Ein ung gut står på ei scene og snakkar. - Klikk for stort bildeKim Aurdal Johnsen frå Innlandet ungdomsråd påpeika at innhaldet i bygningane er viktigare for ungdomen enn sjølve bygget. Leila Øvreseth

Innlandet ungdomsråd var representert ved Bertine Tønder-Nilsskog og Kim Aurdahl Johnsen. 

Tønder-Nilsskog nemde UngINN, Den kulturelle skulesekken, UKM (landsdekkande kulturfestival) og Kulturskulen, som viktige arena å behalde for ungdom dersom samfunnet blir ramma av ei krise.

– Eg trur ungdom har eit litt annleis forhold til kultur. Det er meir noko ein gjer og ikkje noko ein berre ser på. Det viktigaste er ikkje bygningane i seg sjølv, men det som er inni dei. I botnen handlar det om identitet, tilhøyre og det å føle seg heime ein stad. For ungdom handlar kultur om kontinuitet, at noko framleis er som før. Eit rom der ein kan vere seg sjølv utan å måtte forhalde seg til det som er farleg, sa Johnsen. 

– Ikkje berre fregattar

Statsforvaltar Knut Storberget sa at vi ikkje må stirre oss blinde på fregattar og nemde mellom anna biblioteka si viktige rolle.

– Først og fremst handlar det om å bringe normalitet til befolkninga, at ein har kulturelle aktivitetar som er kvardagen til folk. Noko som bidreg til å berolige, men òg å skape fysiske møteplassar. Kulturlivet spelar ei usedvanleg viktig rolle når det kjem til sanninga, ha høve til å stille kritiske spørsmål og ha ein opplyst diskusjon. 

Eit nyttig verktøy

Mann med folk i bakgrunnen. - Klikk for stort bildeBeredskapskoordinator i Nord-Odal kommune, Kristoffer Seger Lundlie. Leila Øvreseth

Ein av deltakarane under samlinga torsdag var beredskapskoordinator i Nord-Odal kommune, Kristoffer Seger Lundlie. 

Etter å ha høyrd spennet frå at PST snakka om det overordna trugselbilete i Noreg til at Vinjerock og Jørn Hilme-stevnet fortalde om beredsskapsarbeid i praksis, var det tydeleg kva som sat att av inntrykk:

– Uansett om ein snakkar om store, potensielle trugslar og truglsar mot kulturen, so arbeider ein veldig likt på alle område. Og likskap det er bra. Det er òg i tråd med korleis PST har utvikla sin rettleiar og sine malar. Eg har jobba med beredskap på fleire område enn på kommunenivå og ser at ein arbeider på same måte i staten. Det å ha likskap gir felles forståing på korleis ein kan førebygge og handtere uønska hendingar, seier Lundlie.

På spørsmål om han trur at beredskapsplan blir nyttig, svarer han kontant:  

– Absolutt! Ikkje minst at den gir ein auka forståing blant fleire, blant kommunane for eksempel, at ein ser viktigheita av kultur inn i beredskapen.

Ser fram til vidare prosess

Ein sal full av runde bord med kvite dukar og mykje folk. - Klikk for stort bildeCirka 150 personar som jobbar med beredskap og kultur i Innlandet deltok under samlinga på Hamar. Her jobbar dei med gruppearbeid og tilbakemeldingane her blir viktige å ta med seg i det vidare arbeidet med beredskapsplanen. Leila Øvreseth

Det var ein strålande nøgd prosjektleiar som dagen derpå fekk spørsmål om korleis det heile hadde gått. 

– Det var ei veldig engasjert forsamling. Det var svært brei deltaking, noko som gjorde diskusjonane ekstra spennande, seier Irene Skauen Sandodden frå kulturarvseksjonen i Innlandet fylkeskommune. 

Ho fortel vidare at at viktig mål med verkstaden var å skape ein god møteplass på tvers av ulike kulturfelt og ulike aktørar, frivilligheita, kulturforvaltninga og beredskapen. 

– Eg trur vi lykkast med det. Ei stor ære til alle i teamet som har vore med å planlegge og gjennomføre samlinga. Det blir spennande å samanstille alle svara frå gruppearbeidet som vart gjennomført. Eg ser fram til den vidare prosessen, avsluttar prosjektleiaren. 

Her finn du heimesida for prosjektet Kultur inn i beredskapen.