Skiparet og hunde-skjelettet er stilt ut ved Norsk fjellsenter i Lom. Fjellsenteret var difor ein naturleg møteplass då fylkeskommunen og fjellsenteret skulle sjå dei ferdige frimerka for første gong tidlegare i år. Frå venstre presse- og kommunikasjonsrådgjevar Aleksander Hømanberg (Posten), arkeolog Espen Finstad (Innlandet fylkeskommune) og Thea Dalen (Norsk fjellsenter).
Frys Film AS
Det er ikkje kva som helst som blir avbilda på norske frimerke. Det er gjerne motiv av stadar, personar eller gjenstandar som på ulike vis har, og har hatt, stor betydning for landet.
Arkeologiske oppdagingar
Kvart år er det eit felleseuropeisk tema hos posten i Europa. I 2025 er det arkeologiske oppdagingar.
– Det har vore både vikingskip og andre funn på frimerka tidlegare. Denne gongen hadde vi lyst til å vise kva som dukkar opp når innlandsisen smeltar. Forutan at temaet er veldig spennande, set det òg søkelys på klimaendringane, seier frimerkedirektør i Posten, Halvor Fasting.
–Bidrar med viktig kunnskap
Klimaendringane er godt synlege i høgfjellet i Noreg der eldgamle gjenstandar smeltar fram frå isen. Arkeologane i Innlandet har funne tusenvis av dei. Blant det som er funne er verdas best bevarte skipar frå forhistorien, Noregs eldste klesplagg (ein 1700 år gamal kjortel), 6000 år gamle pilspissar og dyreskjelett, for å nemne noko.
Eit 500 år gamalt hundeskjelett er avbilda på eit av dei nye frimerka.
Posten
– Eg blir både stolt og rørt over at funn frå isen i Innlandet kjem på Posten sine europafrimerke i 2025. Våre arkeologar bidreg med viktig kunnskap om korleis vi menneske har levd nær naturen over eit langt tidsspenn, og frimerka viser med all tydelegheit at jobben vi gjer blir lagt merke til og sett pris på, seier kultursjef i Innlandet fylkeskommune, Kurt Ole Linn.
Frimerka blir sende til alle hjørne av Europa, og Linn er sikker på at motiva vil vekke interesse, læring og beundring.
– Motiva minner oss om at vi er ein del av ein felles sårbar europeisk natur- og kulturarv. Saman med samarbeidspartane våre, Kulturhistorisk museum i Oslo og Norsk Fjellmuseum i Lom, er det avgjerande for oss å fortsette med dette viktige arbeidet i åra framover.
–Dette er morosamt
Arkeolog Espen Finstad har eit uttal gonger stått i bresjen og fortalt omverda om alle desse funna som er gjort av det brearkeologiske sikringsprogrammet i Innlandet (Secrets of the ice).
– Det er eit privilegium at det ein jobbar med blir fanga opp og får representere Noreg når arkeologiske oppdagingar er tema. Dette er morosamt, seier han.
Frosne ned i isbad
Det er ein nøye prosess å sikre gode bilete på frimerka. Ved val av motiv måtte dei tenke på kor tydelege bileta blir i eit relativt lite frimerkeformat. Dermed falt valet på det 1300 år gamle skiparet og eit 500 år gamalt skjelett av ein hund. Skia er funne ved Digervarden i Reinheimen, medan hunden er funne ved Lendbreen i Breheimen.
– Kristin Slotterøy er ein erfaren frimerkedesignar, og har forsøkt å gjenskape korleis gjenstandane har lege frosne i isen. Bileta er behandla, printa og frosne ned i isbad. Til slutt er dei fotografert medan isen smeltar og motiva kjem fram, fortel Fasting om prosessen.
Kvart av dei to frimerka får eit opplag på 150 000.
– Resultata vart to veldig fine frimerke, avsluttar han.
- Det brearkeologiske sikringsprogrammet i Innlandet (Secrets of the Ice) er eit samarbeid mellom Innlandet fylkeskommune, Kulturhistorisk museum i Oslo, Norsk Fjellmuseum og Klimapark 2469.
- Totalt er det gjort 4500 funn, det eldste 6100 år gamalt. Dette utgjer over halvparten av alle brearkeologiske funn i verda.
- Om lag 100 av dei flottaste funna er stilt ut på Norsk Fjellsenter i Lom i utstillinga «Frozen in time». Funna er lånt ut frå Kulturhistorisk museum i Oslo.
Eit 1300 år gamalt skipar er avbilda på eit av dei nye frimerka.
Posten
Her kan du lese meir om det brearkeologiske sikringsprogrammet Secretsoftheice.com