Utvida nasjonal bibliotekstrategi – ut 2025

Kultur- og likestillingsdepartementet styrker arbeidet for lesestimulering og tilgjengelege digitale tenester i biblioteka.

Illustrasjon - Klikk for stort bildeUtvida nasjonal bibliotekstrategi Kultur- og likestillingsdepartementet

I 2023 er totalt 54,7 millionar kroner av spelemiddeloverskotet frå Norsk Tipping fordelt til bibliotektiltak. 

Auka midlar

I samanheng med strategien vert tildelinga av prosjekt- og utviklingsmidlar til bibliotekfeltet auka med 5 millionar kroner.

Midlane skal gå til lesestimuleringstiltak i biblioteka, og vil lysast ut av Nasjonalbiblioteket.

– Biblioteka gjer ein kjempejobb for å vekkje leselyst og nå ut til folk. Vi vil styrke dei i det viktige arbeidet dei gjer, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery i ei pressemelding frå Kulturdepartementet.

Spre leseglede

– Litteratur og lesing er enormt viktig for deltaking i samfunnet og for demokratiet vårt, men òg for kvar og ein av oss. Som eit opent og gratis tilbod for alle, har biblioteka våre ein heilt unik moglegheit til å spreie leseglede hos barn, unge og vaksne i heile Noreg. Difor er det så viktig for oss å fortsette å styrke biblioteka, seier kultur- og likestillingsministeren.

Biblioteka skal bli betre digitalt 

Nytt i strategien er óg at Nasjonalbiblioteket skal samarbeide med biblioteka for å betre tilgangen på digitalt innhald, som aviser, tidsskrift, film og e-bøker.   

Folkebibliotek rundt i landet opererer i dag med ulike nettsider og apper, og tilbyr ulikt digitalt innhald. Dette fører til skilnadar for brukarane. Strategien legg opp til at Nasjonalbiblioteket saman med biblioteka skal arbeide saman for å finne fram til betre løysningar slik at folk i heile landet kan få tilgang til eit større og likare bibliotektilbod. 

Digitalt påfyll

Avdelingsdirektør Svein Arne Tinnesand, Nasjonalbiblioteket, vil fortelja kva revideringa og utvidinga av bibliotekstrategien vil bety for biblioteka 12. oktober.

Utvida nasjonal bibliotekstrategi

Rom for demokrati og dannelse. Utvidet nasjonal bibliotekstrategi – ut 2025.