Vidarefører tilskotsordning

Tilskotsordninga for lokal samfunnsutvikling i distriktskommunar blir vidareført i 2025.

Oversiktsbilde av Lom sentrum  - Klikk for stort bildeLom er ein av kommunane som kan søke på ordninga. Innlandet fylkeskommune/Leila Øvreseth

Det vedtok fylkesutvalet tysdag.

Auka attraktivitet

Målet med ordninga er å gje auka attraktivitet for lokalsamfunnet, inkludert næringslivet og styrke kommunane sin kapasitet til å arbeide med utvikling av kommunen og attraktivitet.

Det er berre dei minst sentrale kommunane som kan søke på ordninga. Det betyr kommunane i sentralitetsklasse 4, 5 og 6.

Gode erfaringar

Denne tilskotsordninga vart innført i 2024. Erfaringa med ordninga er at det kom inn mange gode søknader om spennande utviklingsprosjekt.

For 2025 er det sett av 5 millionar kroner i potten.

Maksimalt tilskotsbeløp per prosjekt er 500 000 kroner, men dette kan aukast til 700 000 kroner dersom fleire kommunar slår seg saman.

Politisk behandling

Saka vart vedtatt mot Frps to røyster.

Les sakspapira PS 21/2025